Dagens tekst
Preken teksta for denne søndagen er ei av dei mest elska tekstene i bibelen:
Kom til meg de som slit og ber tungt! Eg vil gje dykk kvile!
Eg legg ved teksten under både på nynorsk og bokmål, for det er noko endå mildare med desse orda på bokmål og når det kjem til det å slite og bere tungt, treng vi milde og trøstande og håpefulle ord. Jo mildare, jo bedre!
Er det nokon som har hatt det vondt, som har streva, som har komme til kort i livet og som fann hjelp i ei oppstramming? Ikkje eg, i alle fall. Det er derfor Einar Skjæråsen rekk så djupt i meg når han snakkar om at spede spira lyt få stå, at mållaust liv har ei meining, at på Guds jord og i hans hage er eg sjølv eit lite strå.
Det er mykje smerte i denne verda. Akkurat no er det så mykje gale og galskap at det kan ta motet ifrå oss. Rett blir kalt gale og til og med dei vi trudde elska sanning vik unna og føyer seg for pengar og våpenmakt. I skuggane går vi som vil rope om rett og rettferd, ikkje for oss sjølve som har så mykje, men for dei som blir drepne, svelta ihel og fråstolene alt dei har. Børa er så tung, vi segner og ser ikkje anna håp enn at alle fall dei som ikkje har makt og ikkje har pengar fortsatt seier det dei ser. Vi vil ikkje sove.
Tru er ein vanskeleg ting. Eg har alltid sett med lengsel på dei som hadde ei ukomplisert og sterk tru på Gud. Og i tider som dette er det lett å meine at hvis Gud fanns, burde Gud kunne ordne opp og slå ned på all ondskapen. Det vil eg ikkje skrive noko om. Det er bibelhistorier som kaster litt lys på denne problematikken som eg kan finne fornuft i, men ellers er det ondes problem for stort for min hjerne.
Eg har valgt ein anna måte å tenke på dette på.
Når verda er så tung å bere og det blir for mykje for meg, blir det nødvendig at det finns noko større enn meg. Noko og nokon eg kan komme til når eg strever og ber tungt. Nokon som er “mild og mjuk av hjarte”. Nokon som er “ydmyk av hjertet”, sjølv om han er større og snillare og visare enn alle. Ein eg kan lære av, for eg har sett at det han gjer er godt.
Når verda blir meg for tung, er det godt å gå til mauren for å bli vis, å gå til Guds jord og i hans hage og sjå den spede spira som tålmodig veks millimeter på millimeter, år etter år og til slutt blir eit stort furutre, og sjå på den skrikende veike fugleungen som ein dag skal fylle meg med glede med sine fantastiske triller der eg ruslar gjennom vårskogen.
Eg går på Guds jord og i hans hage og takkar for at eg òg får vere en liten vek en og trenge ein storebror. Ein storebror som er større enn alle. Då kan eg synge med mitt nebb, vekse så stor eg var tenkt å bli, gje den frukta eg var skap til å produsere og tru at hagemesteren steller med meg slik eg treng. Eit oppgave som passar meg og ei bør eg greier bere. I det finn eg kvile.
Matteus 11: 28 Kom til meg, alle dere som strever og bærer tunge byrder, og jeg vil gi dere hvile. 29 Ta mitt åk på dere og lær av meg, for jeg er mild og ydmyk av hjertet, så skal dere finne hvile for deres sjel. 30 For mitt åk er godt og min byrde lett.»
Matteus 11: 28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Takk for gode ord!
søn. 26. juli 2026, 14:29 skrev Marie Brakstad mariebrakstad@gmail.com:
>
LikeLike