Då eg gjekk på skolen og las om vintersolverv var det vikingtradisjonen vi lærte om. Slik eg husker historia om midtvintersblot er det ikkje ein tradisjon eg er lei for at vi la bak oss. Drikking av hesteblod har mindre apell enn varm gløgg med rosiner og mandler. Men, det var ein hard kamp for å overleve her nord den gongen og det viste seg vel i korleis dei markerte midtvintersnatta. For sjølv om sola snur er vintersolverv berre starten på den kaldaste vinteren. Det var sikkert nyttig å få i seg kraftig næring for å ha litt å gå på i møte med januar og februar.
Eg er glad vi no feirer med lys i mørke: advent, Lucia, jul. Lysfest er òg ein tradisjon eg finn att i andre kulturar. Hanukkah blir feira i denne tida. Kwansa er ein lysfest i enkelte miljø i USA. Eg oppdaga akkurat at perserane har ein fantastisk solsnu-fest. Det gjev meg lyst til å finne ut meir om korleis andre feirer, og sjå etter slektskap og brorskap.
Når eg åpner dørene og legg ned skilleveggene blir kulturforskjeller ein rikdom. Bli med i mine tradisjoner, og ta meg gjerne inn i dine. Kanskje blir det meir av det som er “vårt” og “våre”.
1 En kvist skal skyte opp fra Isais stubbe, og et skudd skal spire fram fra hans røtter. 2 Herrens ånd skal hvile over ham, en Ånd med visdom og forstand, en Ånd med råd og styrke, en Ånd som gir kunnskap og frykt for Herren. 3 Han skal ha sin glede i frykten for Herren. Han skal ikke dømme etter det øynene ser, og ikke skifte rett etter det ørene hører. 4 Han skal dømme fattige rettferdig, i rettferd skal han skifte rett for de hjelpeløse i landet. Han skal slå landet med sin munns ris og drepe de urettferdige med pusten fra sine lepper. 5 Rettferd skal være beltet om livet og troskap beltet om hoftene hans. 6 Da skal ulven bo sammen med lammet og leoparden legge seg hos kjeet. Kalv og ungløve skal beite sammen mens en smågutt gjeter dem. 7 Ku og bjørn skal beite, ungene deres legge seg sammen, og løven skal ete halm som oksen. 8 Spedbarnet skal leke ved slangens hule og barnet strekke hånden ut mot ormebolet. 9 Ingen skal skade eller ødelegge noe på hele mitt hellige fjell. For landet er fylt av kjennskap til Herren slik vannet dekker havbunnen. 10 Den dagen skal Isais rotskudd stå som et banner for folkene. Folkeslagene skal søke ham, og hans bolig skal være herlig.
Det vi tenker om det perfekte og vår dypeste lengsel gir retning til å søke, til å handle. Det er alt.
I natt er den lengste natta i året. På dag 20 går sola ned kl 15:11 og står opp kl 9:18 på dag 21. No er det mørket som som rår. No har vi den hardaste ria, vi slit med å karre oss frem, syng vi i Nordnorsk julesalme. Mørketida er ein fysisk oppoverbakke for mange av oss, og eg er ei av dei.
No er det mørket som rår er det siste som blir lest i liturgien på Langfredag, før vi alle går stille ut. Alle lys er blåst ut. Musikken er stilna. Mørke er det vi kallar opplevelsen når håpet dør. Langfredag var natta der håpet såg ut til å gå tapt.
Vi kjem ikkje utenom mørket. Det kjem til oss alle. I natt fysisk, i året vårt. Viss vi går stille inn i dette mørket og lytter, kan vi lære, også av mørket? Det å ta imot og lytte til mørket viser oss kanskje ting vi ikkje ville oppdage ellers? Det skjer ting også i mørke natta. Det er då vi ser stjernene.
I natt har mørket overtaket, men etter 25 timar har sola snudd. Det tek tid før lyset har overtaket igjen, men på Lillejulaften er dagen 14 sekund lengre. Ta tak, så dreg lyset deg gjennom, heilt til våren kjem.
19. desember er pappa sin dag. Han fekk nesten 87 år og ville ha vore 107 i dag.
Pappa satte spor etter seg i alle som kjente han.
Han var eit verdi-menneske, eit menneske som brydde seg. Han brydde seg om familien sin, oss som sto nærmast, men også storfamilien.
Han brydde seg om bygda si og om landet sitt og engasjerte seg både i kultur og politikk. Heilt til siste dag tok han ansvar ved å engasjere seg i saker han hadde ei meining om.
Han brydde seg om naturen. Han kunne namn på planter og tre både nært og fjernt og visste kor dei verneverdige blomstrane voks i villmarka. Den informasjonen delte han berre med folk han stolte på.
Han song. Han var klokkar og forsanger i kyrkja på Hustad. Han tok dirigentkurs og starta både kor og korps i bygda. Men han song òg berre for seg sjølv, heile livet. Ein slektning sa ho åpna vinduet då han gjekk forbi, for pappa song av full hals der han gjekk over Løsetmyrene på veg heim fra skolen.
Han hadde djup respekt for menneskeverdet. Eg såg det i korleis han fortalte om brevet han fann i lomma på den unge tyske soldaten då han var i saniteten i 1940. Med tårer i auga fortalte pappa korleis mora til soldaten skreiv det einast ho brydde seg om var at han skulle overleve og komme heim, og der låg han.
Han brydde seg om kulturarven vår. Allereie som ung likte han å snakke med dei gamle og høyre kva dei hadde å fortelja om ting som hadde hendt og slik det var før. Han fortalde det vidare med ein forteljarkunst som gjorde han til ein verdsatt talar både på merkedagar og i vennleg lag. Eg ser for meg Ane og Ellen Lein slik han malte dei for oss, når han fortalte om desse synske damene i Kristiansund som kunne finne att sauer som hadde gått seg vill og meir.
Kva meir kan eg seia om deg, pappa? Du hadde eit liv som var vanskelegare enn dei fleste. Du sa du ofte sat lenge på ein utkiksplass i Åsmarka for legge frå deg nissebukktankar omgitt av roa i naturen. Det er perspektiv å finne i fjella og horisonten som berre ligg der og trea som sakte lever sitt liv og veks i vind og vær og haren eller hjorten som streifa forbi der du satt. Med himmelen som vitne fann du ro der.
Da du gjekk bort fekk eg ta farvel ved båra di. Mi siste helsing til deg var: Eg vil vera slik som du. Eg vil òg bry meg om menneska og verda rundt meg. Eg vil òg halde fast på verdien i kvart menneske og i alt som lever. Når ei oppgave byr seg der eg kan gjer ein forskjell, vil eg ikkje gå forbi. Eg vil sjå min del i det felles ansvaret vi har.
Du gjorde det du kunne, der du var. Når eg møter menneske som kjente deg ser eg at du har satt spor. Det er det einaste vi kan, her i denne verda vi får vandre gjennom ei tid.
Sørg for at det alltid gror blomster i ditt plogjernspor Noen kommer, noen går Noen dør i livets vår Sterner lyser hvite..
Strofer fra julesanger kjem og går i min indre musikkstraum i denne tida. Mitt hjerte alltid vanker sine eigne vegar mens kvardagen fyller seg med praktiske oppgaver. Denne dagen var det strofa meg rett til hjerte går som stoppa meg opp.
Eg øver på å kjenne att kva dei er, dei tinga som går meg til hjerte. Har levd så mykje av livet med fokus på det som foregår rundt, kva andre gjer, kva andre treng, og no ikkje minst på mørke krefter i verdenspolitikken. Det er lett å miste kompass og retning når ytre impulser overdøver den stille stemma på innsida. Men det er det som gir gjenklang med den stille stemma, det som går til hjertet, som gjev meg liv. I ei travel tid vile eg passe på lytte etter gjenklangen og at den er med i timeplanen, i grunntonen, midt i alt.
Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det Ordt. 4:23
Sist veke oppdaga eg tilfeldigvis at Edvard Hoem skulle lese frå den nye Juleboka si på Det Norske teatret. Eg skulle treffe to venninner til lunsj og var på jakt etter noko hyggeleg vi kunne gjera og sjekka programmet på Lunsj og lyrikk.
For 10 år sidan skulle eg møte Ingrid til lunsj og vi gjekk på Lunsj og lyrikk på Det Norske teatret. Der las Edvard Hoem frå Bror din på prerien, tilfeldigvis.
Eg stopper oftare opp no for slike tilfeldige goder. Legg merke til dei. Samlar dei i minnet.
Hva skal du gjøre med all fritiden din nå, spurte ei som skulle ta over ein stor frivillig jobb eg er i ferd med å gje frå meg.
Så kom tanken: fritid, kva er det?
No er eg pensjonist så det gjer det lettare å stoppe opp og tenke over ordet fritid, men det gjekk opp for meg at det er eit konsept eg aldri har levd med.
For mer det berre tid.. og det eg brukar ho til: ting eg vil , ting eg må, ting som treng å gjerast og menneske eg vil bruke tid med.
Tider skal komme, tider skal henrulle , i dag igjen
Som ei elv kjem tida mot meg og flyt forbi med der eg fyller ho med
Eg har ei venninne i USA som held motet oppe i desse mørke tidene med visdommen fra Forkynnaren: Det som hender, har hendt før, og det som skal henda, har òg hendt. (Fork. 3:15) Menneskehistoria går i sirkel, seier ho. Det mørket som reiser seg er ikkje noko nytt, men når mørket er på frammarsj er det berre eit spørsmål om tid før lyset bryt igjennom igjen.
Kan det vere slik det er? Året er jo slik. År etter år går vi på denne tida mot det største mørket. Sola legg seg tidlegare og tidlegare og lengst i nord er ho borte. 5 dager igjen til ho snur.
I vinternatta hjelper det å vite at dette er ein prosess som er urokkelig. Vi er ikkje mange åra før dette er personleg lærdom. Som arv har vi laga oss tradisjoner som fører oss gjennom til lysere tider. Universet gir oss sitroner og vi lagar lemonade. Adventstida tenner lys etter lys fram til jula bryt ut når det er på mørkeste. I gamle tider tente dei bål ved vintersolverv. Det er ein livgivende tradisjon har mange tatt opp igjen.
Kan vi ta imot at det er krefter i historia som lovar at politisk mørke til slutt må sleppe taket? Eg er ikkje fatalist. Eg trur ikkje “alt blir bra” berre vi ventar, men eg trur at det vi ser ikkje er nytt. Når vi blir frista til å tenke at vår tids ondskap er verre enn alle andre generasjoner, er det ikkje vanskeleg å finne kor slikt har skjedd før.
Men det gode vart aldri utrydda. Det har vunne fram igjen og igjen. Det skal skal vi kjempe for, og tru at det nytter. Det skal vi halde fast i når vi tenner våre lys, både dei vi har på bordet og dei vi tenner når vi løfter det gode høgt, i ord og gjerning.
Slik vil vi ikkje ha det. Dette kan eg gjera noko med, mens slekt skal følge slekters gang.