Vent. Dag 4

Det er travle dagar og kjøp, kjøp, kjøp overalt. Det slo meg at denne nye høgtidsdagen vår, “black Friday” er den lengste langfredag vi har. Så langt eg la merke til starta svartfrdagen lenge før amerikanarane pynta juletrea og drog på etter-thanksgiving-handel. Mange kjøpmenn har strekt denne langfredagen til å vare ein heil månad.

Eg kjenner panikken stige i meg i alt kjøpemaset. Lat meg få sleppe! Gjev meg fred!

Så teke eg steget til sida og lar langsvartfredagen fare forbi.
Her eg sit i mitt stille rom nyt eg det å sleppe.
Eg ser etter dei gavene eg allereie har og kjenner eg er rik.

Hør hvor det stormer der ute! Her er det fredfullt og tyst.

Vent. Dag 1

Eg fekk ideen om å skrive ventetidstanker på mandag, men det kjentes feil å la starten stå med dag 2. I fortellertradisjonen er det i grunnen ikkje så uvanlig å legge til starten etter å ha starta midt i, så her kjem dag 1.

Søndag var startstreken. Same procedure as last year… og året før og året før, og året før…Første søndag i advent. Starten på eit nytt kirkeår, igjen ein invitasjon til å vente og kjenne på årtusener av lengsel etter han som skulle komme

Igjen er invitasjonen gitt og herved tatt imot
TENN LYS!

Vent. Dag 3

Det er blitt ein ny juletradisjon i Norge å krangle om skolegudstjenester før jul. Det var vel ein naturleg konsekvens av kreftene i vår sosialemediaverden som elskar å grave fram ting vi kan vere sinte på. I USA tar denne debatten form av krangling om det er rett eller galt å ønske Happy Holidays i tillegg til Merry Christmas. Dei med hellig vrede kallar det “war on Christmas” .

Eg las ein kommentar om skolegudstjenester, delt på FB av ein venn. Den passar her i mi ventetid, mens eg ventar på “peace on earth and goodwill towards all men”

Jeg vokste ikke opp med jul. Jeg har aldri vært i en kirke før jeg kom hit. Med andre ord: dette er ikke min egen tradisjon eller min hjertesak. Men jeg har valgt å komme til Norge. Og nettopp derfor har jeg også valgt å møte landets tradisjoner med respekt. Når jeg leser saker som denne (i Aftenposten), kjenner jeg at noe skurrer. Ikke fordi jeg er kristen — det er jeg ikke. Men fordi jeg mener det er feil å svekke tradisjonene til landet man har valgt å bo i, bare fordi enkelte føler seg utenfor.

I dag ventar eg og lengtar etter denne godviljen, dennegoodwill towards all men.

Juleevangeliet, “The most beautiful story ever told”, gir oss eit perspektiv på ydmykhet og godhet og håp om noko større og bedre. Alle som høyrer dette med ei lyttende sjel vil finne meining i denne høgtida.

Høgtider andre feirer beriker meg i min søken etter det gode i livet. Eg tar gjerne del i litt sjølvfornektelse under Ramadan. Eg løfter gjerne ein kopp for frigjøring av undertrykte i ein seder.

Mangfold er ikkje å drepe alle tradisjoner så vi blir eit grått øydeland der alle dager er like. Vi trenger meir høgtid, meir feiring av det som teller.

Slik det er no, står vi i fare for å miste dette mystiske og majestetisk og overlate jula til dei kreftene som berre teller penger.

Vent. Dag 2

Det er advent og eg er allereie èin dag for seint ute.

Det er heilt vanlig. Eg er mykje flinkare til etterpåtanke enn til å planlegge. Men sjølv om eg kom på dette en dag for seint vil eg ta steget og bruke desse dagane til å vente.

Eg vil ta del i å aktivt vente denne adventstida. Det vi ventar på er verdt ein dagleg pause.

I dag ventar eg mens eg er på vei til sangøving. I sinnet kling den nye harmonistemmen til Det lyser i stille grender. Det er grått og vått i Oslo.

Då er det godt å lengte og vente på lyset. På lyset som er lovt. På lyset som skal komme og ta bolig iblant oss.

Krystallnatt

Jeg hadde det for travelt til å huske på å markere krystallnatten på dagen i år.
Takk til alle som ropte høyt på dagen: Aldri igjen!
Dette er viktig. Vi som ikke har opplevd historien kan bare unngå dens grusomste handlinger ved å fortelle igjen og igjen det som har skjedd.

Jeg hadde det for travelt til å huske på dagen på dagen.
Det viser mitt privilegium. Dette var en urett som ikke rammet meg eller min familie, så for meg er det ikke en dag med lysende skrift i kalenderen. Likevel er det en dag som ryster meg og som griper meg med sorg og rettferdig harme hver gang jeg stopper ved en snublestein og leser navn på uskyldige mennesker som ble offer for den grusomste urettferdighet. Derfor er det en dag jeg vil markere og huske, selv om det blir en dag for sent.
Takk til alle som hver eneste dag kjemper for den urett som ikke rammer dem selv og som legger armen rundt de som har vært, og i dag er, offer for hatets blindhet. Jødene står ikke alene i å huske krystallnatten og de står ikke alene i møtet med hat i dag. Hatet og diskrimineringen er også min sak og skal alltid være det

La oss huske! La oss si det som det var. La oss si det som det er.
Aldri rett! Aldri rettfeldigjøre! Aldri sette noen igjen sårbare og utenfor fellesskapet!

Aldri!

Sukkerskål, ei skriveoppgave

Sukkerskål

Vi har nokre få ting i skap og på hyller vi tek med oss frå plass til plass fordi dei har som funksjon å bere med seg arv og tradisjon. Noko frå min, noko frå din. 

Sukkerskåla skal vitne om dine røtter, sjølv om ho ikkje kjem fra barndomsheimen din eller frå besteforeldre. Vi fann ho på ferie der ho var markedsført som tradisjonelt handtverk frå den kulturen du ikkje fekk vokse opp i. No får ho stå på bordet som eit symbol om felles bakgrunn når du serverer te til venner frå der du ville ha vore ein naturleg del av folkeblandinga. Der du kunne ha vore usynleg fordi du passa inn. Der ville musikken du kjenner i sjela som grunntonen i deg vere samstemt med musikken i kulturen. 

Det er ikkje enkelt å fange inn ein kultur som vart strødd for alle vindar av dei som ikkje ville ha røttene planta i eit kontinent langt borte. Dei som, med opprevne røtter, planta seg i ny jord og ville høyre til og gli inn i landskapet der. 

Du har leita og plukka opp bitar lenge, no. I møte med menneske, på reise og i studier av historie og språk har du søkt å vere og verte den dine røtter har gjort deg til. Du har funne band som bind saman på tvers av skillelinjer hos likesinna menneske som deler kultur og vil forsoning og brorskap.  

Det sterkaste bandet er musikken, men ei enkel lita sukkerskål får òg vere ei krukke som ber i seg eit langt liv med lengsel og leit etter røtter, der ho står som eit bindeledd til dei som deler musikk og te-felleskap hos oss. 

Orda. Dei var der.

Orda har feila meg i denne tida, der “no kan det ikkje bli verre” berre vart eit ekko som lo dei som lei rett i ansiktet.

Der dei som hadde makt i verda berre såg pengar og dei som hadde samvit vridde hendene for finne ein måte å fordømme utan konsekvensar.

Der vi som såg og høyrde naudropa ropte i gatene og cyber-rommet og vart vårt eige ekko

Men orda har flauma som tårer og blod frå dei som ikkje berra sat på tilskodar plass.

At Palestina er ein nasjon av poetar har eg visst lenge. I dag kom enda ei av desse inn i mitt univers med ord som set ord på det useielge: Khawla M. Badwan 

Utestemmer

Eg er tilbake til min åleinemorgon. Til å sitte stille med berre susen av rommet. Eit par LED lys minner om ro, om å leve sakte. Det er eit alderdomsprivilegium for meg dette å leve meir kontemplativt. Det gir meg tid til å tenke. Eg er tilbake frå reise med mange inntrykk og gode samtaler.

På radioen i dag var det diskusjon om ein rapport som viser at unge akademikarar har lite evne til å lese akademiske tekster. I ein samtale på flyplassen i går kom eg i prat om abort og den rolla det har hatt i politikken og korleis det slår ut for dei det gjeld. Begge deler får meg til å tenke på korleis vi nærmer oss kunnskap og innsikt, og kva det gjer med oss som samfunn og menneske.

Eg er redd for at vi har lagd oss ein ny måte å utveksle informasjon og syn på, der vi berre snakkar med utestemme. Ting blir sagt i korte fraser med stor skrift som det er lettvint å tilegne seg og lett å komme med motsvar til, igjen med korte fraser og stor skrift. Det er samme metode vi brukar overfor natur og samfunnsbygging: alt blir gjort med gravemaskin, bulldoser og tungt maskineri. Men både natur og verdier er komplekse system som krev evne til å observere og vurdere, til å tenke djupt og sakte, til å detaljvurdere før vi handlar.

Som siste opplevelse på pilgrimsreisa mi på veg frå Santiago var eg i går på omvising på Monasterio de El Escorial. Eit enormt slott, kloster og katedral frå 1500 tallet. Det som gjorde mest inntrykk var biblioteket. Der hadde kong Filip II samla alle kjente bøker i hans verden, greske, arabiske, latinske.. Tak og vegger var smykka med maleri som hylla kunnskap og tenking av alle slag. Dialektikk og retorikk var grunnleggende i eit verdenssyn der det å søke stadig ny kunnskap sto i sentrum.

Kor er det blitt av dette akademiske sinnelaget der all kunnskap er viktig? Korleis kan vi finne igjen evnen til å ha komplekse tanker om komplekse saker, som for eksempel abort? Korleis kan vi igjen bli renessansemenneske som er informerte og kunnskapsrike om meir enn eget felt slik at vi kan sjå sammenhenger mellom medisin, filosofi, matematikk og kunst? Korleis kan vi leve og bygge med forståelse for at jorda vi bur på er levande, at det vi gjer kan ha irreversible konsekvensar og at noko er bedre gjort i liten skala?

Eg vi gjerne snakke med deg med innestemme. Eg vil gjerne lytte til det du har tenkt. Eg treng å ta tid til å tenke over det du meiner før eg kjem til ein konklusjon, og helst snakke med mange andre òg.

I all vår makt og utrustning er ingen av oss uavhengige andre sin styrke, av det andre ser og veit. Kollektiv kunnskap og felles beste er lampa som viser oss vegen, fortsatt. Og vi er langt frå framme.

Bussturister på ein now or never mission på jakt etter ei Harry Potter legende

Vi hadde vekkerklokka på ring kl 5:45. Vi skal rekke ein båt kl 7:30 og før det må vi få oss frokost og køyre frå hotellet til båten. I natta held eit kor av hunder som ulte mot månen meg med selskap i ei natt der søvnen lot vente på seg. Kroppen kjende på ei uro for å komme seg opp og ut.

Vi skal på båttur for å følge i kjølvannet på Jakob. Legenda fortel at liket hans vart lagt på ei marmorblokk som segla på eigenhand fra det hellige land til Galicia. Det minner meir om eit kapittel i Harry Potter enn historie…men det er ikkje fakta som er poenget på ei legende. Biskop Sunniva har funne mykje åndelig innsikt i Harry Potter og slik kan pilgrimsferda vere őg. Fantastiske historier om mirakler som aldri kunne skjedd kan bære i seg dette ønsket om å vite at Gud er med, også her i det som var den ytterste utkant av dit den gode budskapen kom. På mirakuløst vis kom denne dyrebare relikvien til eit lengtende folk.

«Gud med oss» snakka vi om i går. Kvar utsagnet kom frå. Kven som brukar det no. Korleis det er livsfarlig når ei gruppe tiltek seg å ha Gud på si side. Vi har sett kva hellige krigarar er villige til å rettferdiggjer.

Men det er ein annan måte å sjå «Gud med oss» på. Vi treng alle dette, å ha Gud på vår side.

Om det er noko eg trur på så er det nettopp dette: Gud er med oss. Han er aldri langt borte. Det er i kan vi lever, rører oss og er til.
Men det er eit som er like nødvendig, som mesteren sa. For å sei det med en av dei profetiske stemmene vi høyrer i vår til, Lindis Hurum.

(Gud er med oss) Men: Vi er all Oss. Det finnes ingen «De andre».

Må vi èin dag finne vegen til denne sirkelen der vi ikkje treng å vende rygg eller våpen mot «dei andre».

Veis ende fredag

Dagens vandring endte i Valenca. Etter ein varm vandring langs grenseelva var det godt å kvile blikket og sjela mot gamle festningsverk og solnedgangen.

Det kan bli fole te styr på gruppereise med buss og oppbrudd kvar dag. Då blir stille plassar bortfor folkemengden dyrebare. Eit par karar som pratar mens ein liten kvit hund surrar rundt, og ein ven å sitte med i det grøne.

Èin pause frå folkelivet før eg går tilbake til hyggen på gatekafeen. Begge er nødvendige.