Vent. Dag 13

Det er ritualer som skaper, og skiller, høgtid frå kvardag. Eit av rituala rundt jula er musikken.

Eg voks opp med ein sterk julesangtradisjon.

Arnt tok kontroll og drilla oss på julesangene i adventstida. Her var det ikkje nok å kunne første verset på Glade Jul og Et barn er født i Betlehem. Fra jord og fjære, No koma Guds englar, Jeg synger julekvad måtte lærast i tillegg til alle dei vanlege, og det med alle vers.

Vi gjekk alltid rundt juletreet før vi åpna gaver. Mamma og pappa kunne alle versa og hadde det ikkje travelt med å bli ferdig. Eg kjenner meg så rik når eg ser tilbake og ser oss, hand i hand rundt det grønne, glitrende treet med julelys, glitter og kuler, der vi nesten snubla over gavene som måtte vente.

Det hadde vore hardt arbeid å komme fram til denne stunda. Mamma hadde koka og brasa og vaska over golvet og vi hadde pynta treet. Vi hadde nytt eit måltid vi alle gledde oss til med ingrfærbrus frå EC Dahl og pappa hadde lese juleevangeliet. Det skjedde i dei dagane at keisar Augustus… Det var julesang til bordvers den dagen.

Det rører ved noko djupt i meg når jeg tek fram igjen desse sangane i adventstida. Mitt hjerte alltid vanker blir alltid ei andaktsstund. Sjøl om det no er blitt tradisjon å syne Deilig er jorden som finale på alle konsertar syng eg det med samme bønn, som ei triumfklæring kvar einast gong. Fred over jorden! Menneske fryd deg!

Dette er gåva gitt oss! Dette er det vi treng!

Fred over jorda!
Slepp han til, denne fredsfyrsten, som har vist oss den bedre vei!

Vent. Dag 12

Vi er halvveis til jul. Det som før var tid for rundtvask og koking og baking for å ha fulle spiskammer og kakebokser er no full jul hos mange.

Eg tok fram julekrybba i dag. Etter ein dag med varme møte med menneske og kalde bad for skrotten var det eit fint punktum. Ein ordlaus påminnelse å la blikket streife over i resten av adventstida.

Vent. Dag 11

Dag 11, dagen som glapp.

The best laid plans of mice and men, often go awry. (John Burns)

Det skjer ikkje så sjelden for meg at ting glepp. Hadde tenkt eg kunne ta igjen ein dag og fortsatt skive for dagen i går. Men dagen blei full, og så det glapp.

Det er at ting glepp er så kjent at jeg har ei plan for det. Mi plan er at det som er viktig å gjer er viktig å gjer om det er forsenka. Det er klart at er eg for sein på bussen går det ikkje an å gjer det ugjort, men eg kan fortsatt dra dit eg skal om det er seint.

Det finns visdom å lene seg på der vi leitar oss fram i livet. Eit vist utsagn eg fann som har vore til hjelp for meg er: Når eg prøver å finne det rette blir resultatet alltid rett. Enten treff eg blink og kan gå vidare med det, eller så får eg ny innsikt og kan bruke det til å justere kursen så eg kjem dit eg vil..om enn litt seinare.

Planer, og prøving og feiling er begge gode venner når vi er barmhjertige mot oss sjølve i prosessen.

Blanke ark og fargestifter, kvar dag.

Vent. Dag 9

Tida er ikkje helt lineær for meg. Eg må ofte sirkle tilbake og fullføre i dag det eg starta i går.
Slik vart det med dag 9.

Eg hadde tenkt å skrive om ignatiansk bønn som kontemplativ praksis. Så kjente eg på at eg visste i grunnen ikkje nok til videreformidle dette på ein truverdig måte og måtte ta tid til å lese meir. Derfor vart ikkje dag 9 ferdig.

Det å måtte ta eit skritt tilbake for å komme framover er også ein måte å vente på. Det betyr ikkje at eg ikkje kan komme dit eg vil, men eg er ikkje klar til det enno. Å ta ting i rett tempo og på ein overkommelig måte gjer at eg kjem lengre enn om eg berre buser fram.

Ein gong for lenge sida da vi var på vei opp mot ein topp på ein typisk norsk bratt sti spurte Bill om vi ikkje bruker switchbacks i Norge. I fjella i California snirkler stiene seg opp fjellsida att og fram brattene. Det gjer stien lengre og kan ta litt meir tid, men det gjer at også den som ikkje er fjellgeit kan komme seg opp.

Å ta ein ekstra runde for å nå eit mål ein ellers måtte gi opp på er aktiv venting som fører fram. To skritt fram, eit tilbake. Eit skritt fram, eit til sida og så fram igjen. Dag 9 på dag 11.

Vent. Dag 10

At ting går sakte betyr ikkje at ingenting skjer. Det som gjev langsiktig resultat kan vekse fram så sakte at det ikke går an å sjå det utan å vente.

Kven kan sjå for seg eller komme på kva potensial det ligg i eit frø, for eksempel. Det ville vere heilt utenkelig om eg aldri hadde sett eit frø spire og manifestere det miraklet som ligg i livskrafta: eit ørlite rusk, ein sky av små flygemaskiner som fyller lufta på våren og gjennom sommaren kan lande og heilt utan hjelp slå rot, og sakte, men sikkert bli eit tre.

Eg er så heldig at eg har stått ved eit 2000 år gammalt tre i California. General Grant. Det gjev perspektiv på at det det finns vekst vi ikke ein gong kunne ha drømt om viss vi aldri hadde sett det. Kva er det i meg som er eit frø eller ein sakte prosess eg treng å tru på og gje tid? Kan det bli noko stort og sterkt om eg no berre verner om den lille spiren eg så vidt ser? Kva er det rundt meg eg treng å verne, ting eg kanskje ikke får nyte godt av, men som eg kan gje til generasjoner etter meg?

Fort og gale er eit gammalt uttrykk, det kan vere godt å tenke på i denne sammenhengen. Ved sida av General Grant står eit infromasjonsskilt om desse Giant Redwood trea. Då dei vart “oppdaga” av europearar for over 100 år sidan hogg dei fleire av desse kjempene. Ein vitskapsmann skal ha “hausta” eit av dei for å finne ut kor gammalt det var. Det var over 5000 år.

Vent. Dag 8

Dette er tida for å skrive ønskelister.
Handelsstanden er ivrig etter å fylle denne lista og gjere ho lang og dyr. For den som skal handle gaver til jul er ei ønskeliste kjærkommen i et tid der ingen treng noko.

Men ei ønskeliste treng ikkje berre vere materialistisk. Vi kjenner alle til historia om mor og far som berre ønsker seg snille barn til jul. Eit ganske uoverkommelig ønske å innfri for vesle Kari og Knut.

Ei ønskeliste kan også vere ein måte å vente på. Det går an å lage ei ønskeliste som sorterer ønsker, lengsler og behov. Denne lista kan bli ei bøn, ei ledesnor for det eg strekker meg etter.

Buddismen har ein praksis dei kaller Metta. Den er ein vakker praksis om å ønske det gode. Eg ser på det som ei bøn og ein lengsel eg held for meg sjølv og andre. Eg varierer den etter det eg treng for dagen, men her er den første og enklaste Metta eg lærte for mange år sidan.

Må eg ha god helse
Må eg finne glede
Må eg vere trygg
Må eg få leve eit enkelt liv

Må du ha god helse
Må du finne glede
Må du vere trygg
Må du få leve eit enkelt liv

Må vi alle ha god helse
Må vi alle finne glede
Må vi alle vere trygg
Må vi alle få leve eit enkelt liv

Slik kan vi vite klarare kva det er vi ventar på, gripe tak i det og gje det vidare.

Vent. Dag 7

Det er andre søndag i advent. Vi har ei vente-tekst for dagen. Mesteren fortel at han skal forlate sine for å gjere klar ein plass for alle i vår Fars hus. Der er det mange rom. Han ber dei vente.

La ikkje hjertet bli gripe av angst. Tru..” Joh 14:1

Tru er ein måte å vente på Det kan gje trøst og styrke å tru på noko godt. Trua på at i vår Fars hus er det mange rom kan hjelpe meg å ta imot, at også slike som eg høyrer til. Tru gjev den forteljinga vi feirer i jula ein evig dimensjon. Tru gjev perspektiv på at juleevangeliet ikkje tok slutt med eit snipp, snapp, snute, men er fortsettelsen på ei fortelling som allereie var der .. allerede og enno ikkje.
Dette allerede og samtidig ikkje enno er eit av mysteria i trua. Paulus forklarer det med at vi no ser ting Stykkevis og delt, som i eit speil.

For meg er det som er stykkevis og delt og ei gåte nok når eg greier å gripe tak i det. Det er glimt som minner meg på at det gode finns: Ei omsorgshandling i kvardagen, menneske som ofrar eigne behov for å møte nød hos dei som lir. Ein liten flik av det fullkomne som gjer at eg kan halde fast på at fullkomne finns.
Derfor inviterer mesteren oss til å ikkje la oss lamme av angst og uro mens vi ventar.
Det gode finns og vi kan alle ta del i det. Stykkevis og delt.

Vent. Dag 6

Langvarig venting gjer hjertet sjukt, eit oppfylt ønske er eit livsens tre, står det. Ordt. 13:12

Det er slitsomt å vente.
Å leve med det gode berre i ei ukjent framtid i ein tung kvardag, gjev ikkje dei kreftene vi treng for å overleve. Pie in the sky stoppar ikkje romlinga i ein tom mage. Vi treng alle eit livsens tre her og no.

Så korleis leve i håp og lengsel utan å bli sjuk og bitter og desillusjonert av skuffelse? Kvar finn vi eit livsens tre som gjev frukt i rett tid og metter oss når vi treng det mest?

Paulus seier: våre folk må læra å gjera gode gjerningar og hjelpa når det trengst, så livet deira ikkje skal vera utan frukt. Titus 3:12 Kan vi vere den livgjevane frukta for kvarandre? Ikke alle dager, men ein gong eg, ein gong du?

Har du mista håpet i dag? Ser du ein medvandrar som har mista håpet i dag? Å gi og ta imot er eit livsens tre.

Det du gav kan ingen ta ifra deg.
Arnulf Øveland

Vent. Dag 5

Det er to måter å vente på. Det kjem heilt an på kva vi venter på.

Vi venter i grunnen heile tida. Vi venter på bussen. Vi venter å snøen. Vi venter på våren. Vi venter på at risen skal bli kokt så vi kan få oss middag. Vi venter på den først livsviktige kaffekoppen for å komme i gang med dagen.

Likevel meiner eg det berre er to grunnleggende måter å vente på. Det kjem an på om vi venter på noko godt eller om vi venter på noko forferdelig.

Det er lett å vente på noko forferdeleg i desse dagane. Horisonten er mørk. Eg har sjølv levd i sjokk dei siste åra med krig, folkemord og politikk som styrer oss mot avgrunnen. Eg har levd med tanken: No kan det ikkje bli verre. No kjem vendepunktet. Dette ser alle. Slik kan vi ikke ha det… berre for å få enda ein dag med nye overgrep, nye løgner og gjenreising av amoral vi trudde vi hadde tatt oppgjer med. Vi lever i ei tid det er lett å vente i eksistensiell angst, for framtida roper: korleis skal det gå med oss??

Adventstida inviterer oss til å leve i forventning, til å gripe tak i håp, til å vente på noko godt. Det er håpet som er lyset i mørket, det er trua på det gode som gjev oss krefter til å fortsette. Det er rett, dette å håpe og tru. Det er rett å rekke hendene ut til alle som løfter opp rett og rettferd og barmhjertighet og som nekter å tie. Her skal steinene sleppe å rope åleine. Vi er mange . Vi vil ikkje bøye kne og akseptere urett som ikkje rammer oss sjølve her vi sit i varme, trygge stuer. Vi held fast på kampen for ein bedre vei.

Nu har vi den hardaste ria,
vi slit med å kare oss frem
mot lyset og adventsti’a,
d’e langt sør tel Betlehem

Du ser oss i mørketidslandet.
Du signe med evige ord
husan og fjellet og vannet
og folket som leve …. både i Betlehem, Sudan, Tibet, Kongo…… og her nord.

Bilde fra https://fylkesbibliotek.ffk.no/finmarksbiblioteket-fotoarkiv-privatarkiv-og-litteratursamling/

Vent. Dag 4

Det er travle dagar og kjøp, kjøp, kjøp overalt. Det slo meg at denne nye høgtidsdagen vår, “black Friday” er den lengste langfredag vi har. Så langt eg la merke til starta svartfrdagen lenge før amerikanarane pynta juletrea og drog på etter-thanksgiving-handel. Mange kjøpmenn har strekt denne langfredagen til å vare ein heil månad.

Eg kjenner panikken stige i meg i alt kjøpemaset. Lat meg få sleppe! Gjev meg fred!

Så teke eg steget til sida og lar langsvartfredagen fare forbi.
Her eg sit i mitt stille rom nyt eg det å sleppe.
Eg ser etter dei gavene eg allereie har og kjenner eg er rik.

Hør hvor det stormer der ute! Her er det fredfullt og tyst.