Og eg var der….

Pappa var ein fantastisk høgtlesar. Han kunne dette, å dra oss inn i forteljinga så vi satt og venta på neste ord. Han fortalde ofte om ein episode der han las ei spennande bok for klassen sin. Det brygga opp til konflikt då ein av gutane spratt opp fra stolen full av iver og braut ut: “Ja!..Og eg var der ….” Han var klar til å steppe inn og ordne opp. Pappa kosa seg! Slik skulle det vera å gå inn i bøkenes verden.

Når vi blir rivne med har vi lykkast, både forfattar, formidlar og lesar. For er det ikkje det vi ser etter, når vi set oss ned med ei god bok? Vi er på jakt etter eit magisk teppe, ein glas-heis eller eit magisk klesskap som tek oss med til opplevingar som fyller oss med spenning, glede og eventyr. Der kan vi vere flue på veggen eller til og med plassere oss sjølve midt i handlinga. Ida Jackson fortel at ho starta sitt forfattarskap ved å skrive seg inn i historier. Ho har sagt at ho syntes det var så dårlig gjort at det ikkje var jenter i historia om Kaptein Sabeltann at ho gav seg sjølv en rolle for å vise at også jenter kan vere sjørøvarar.

Eg hadde litt morro med å snakke med meg sjølv om Abraham etter å ha lest om henne. Eg har alltid vore misfornøyd med Gud fordi han utvalde seg Isak og let Abraham kaste Hagar og Ismael ut i øydemarka for å klare seg som best dei kunne. Det kom for meg at kanskje det var ein annan som las denne historia, reagerte som Ida Jackson og eg. Som syntes dette var urettferdig og fann ut at det gjekk an å tenke seg eit anna forløp. Kanskje det var slavekvinna og sonen hennar som var utvald til å få velsigninga? Kanskje den store ætta Gud hadde lova Abraham, var den andre greina i familietreet hans? Hvis det var slik vart jo han med i forteljinga, for denne greina var den han sjølv var fødd inn i.

Historie er like mykje tolking som fakta enkelte gonger. Og i desse tider ser vi korleis språk blir brukt for å omskrive det som skjer så fakta blir utydelige. Det kan eg seia mange ting om, men i dag vil eg ha ein meir letthjerta omgang med fortellerkustens magi. Eg vil tilbake til glassheisen og det magiske teppet.

Eg vil la meg sjølv få sveve mellom stjernene i det uendelege universet. Eg vil kjenne byrder og lenker bli til stjernestøv i fantasiens fantastiske skaperkraft.. Eg vil synge om nye landskap som blir til, slik Aslan gjorde, og segle til ein galakse langt langt bort og der eg kan bo mellom små kosebamser på ein fredfull grønn planet.

Fantasien og drømmen er mine venner. Så lenge eg kan tenke det gode, det vakre, det omsorgsfulle veit eg at dette òg finnes. Hvis eg kan tenke meg det, hvis du kan tenke deg det, kan vi også søke å la det få bli til. Og når det skjer og når har skjedd kan eg med iver rope: Ja! Og eg var òg var der.

Leave a comment