Det er advent og eg er allereie èin dag for seint ute.
Det er heilt vanlig. Eg er mykje flinkare til etterpåtanke enn til å planlegge. Men sjølv om eg kom på dette en dag for seint vil eg ta steget og bruke desse dagane til å vente.
Eg vil ta del i å aktivt vente denne adventstida. Det vi ventar på er verdt ein dagleg pause.
I dag ventar eg mens eg er på vei til sangøving. I sinnet kling den nye harmonistemmen til Det lyser i stille grender. Det er grått og vått i Oslo.
Då er det godt å lengte og vente på lyset. På lyset som er lovt. På lyset som skal komme og ta bolig iblant oss.
❤️
LikeLike