Vent. Dag 14

Tredje søndag i advent. Ei lita preken.

Tekstrekka for denne søndagen tek oss med for å møte ein som hadde som livsgjerning å vente. Han var unnfanga ved eit mirakel av gamle foreldre og var innvidd frå fødselen til å vente på han som skulle komme. Her sit han i fengsel og høyrer rykte om slektningen sin og det får han til å sende bud til mesteren: Er det du? Kan vi slutter å vente …eller…??

Resten av tekstrekka er som eit eventyr av alt det gode som blir lovt, alt vi drømme om og lengte etter. Den har med forteljinga om Daniel, den rettferdige, og dei svikefulle, maktsjuke politikarane som vrir rett og galt for bli kunne arrestere ein som ingenting gale har gjort. Vi ser ein Gud som stepper inn og redder på mirakuløst vis.

Desse er vanskelege tekster å halde opp mot ei verd der dei urettferdige vinn fram med fake news og leiarar slepp unna med rå makt der vi trudde vi hadde på plass lov og rett for å stoppe maktmisbruk og brot på menneskeretten.

Kan vi likevel ta i mot dette løftet om det perfekte: Ei verd der vi har snudd utviklinga og regnskog og grønt veks fram igjen der overforbruket har lagd ødemark. Ei verd der vi har ører til og høre og øye til å skille mellom rett og galt. Der vi har lover og verdier så klare at ingen kan så tvil om den hellige vei. Der sjuke får helse, der fryd og glede når dei som no berre kjenner sorg og sukk.

Det stig eit lengselsfullt Ja frå meg når eg les desse tekstene. Slik vil eg ha det. Slik MÅ det bli. Slik er dei verdiane han kom med, Fredsfyrsten. Vi må slutte å vente på ny instruks.

For denne verdens visdom er dårskap i Guds øyne.. står det. og ..  Ingen må narre seg selv! Hvis noen av dere regner seg som vis i denne verden, la ham da bli en dåre, så han kan bli virkelig vis.
La oss lytte og sjå, så vi kan forstå og gå på rett vei i… verden, livet eller døden, det som er nå, eller det som skal komme.

Tekstrekka finner du her.

Leave a comment