Ikkje alltid.
Akkurat no står vi framfor ei forandring mange over heile verden håpa mot alt håp ikkje skulle skje. Trump igjen. I månadsvis har meinigsmålingar og forståsegpåarar og supportarar analysert og forutsagt og spekulert på konsekvensane. No er tida kommen for å finne ut.
Vi som ikkje ser på han som Guds svar til USA og verden står her i sjokk. Der konsekvensane blir direkte og størst, er folk redde.
Kva gjer så vi som står her på tilskuarplass langt oppe mot toppen av bakerste tribune?
Eg ser ei av heltegruppene mine dei siste åra bu seg på kamp. JVP peiker på signala dei har fått: “they slandered student protesters as violent antisemites, and student chapters of Jewish Voice for Peace as “proxies” of Iran.” Sjølv med denne trusselen lover dei å fortsette kampen: “JVP has a vision of a different future: one free of right-wing institutions that use fear to divide us — and we’re fighting to make it happen. In Solidarity…”
Dette er ikkje ei tid til å gje opp eller å gje slepp på det vi innerst inne veit om menneskeverd og rett. Korleis utøver vi det på bakerste tribune? Der vi står sammen kan vi heve stemmene og løfte sanninga opp mot propagandastrømmen : Slik ser rett og rettferd ut: slik og slik og slik..
Når vi går ned fra fellesskapet, kvar til vårt, tek vi det med oss til dørstokken. Eg viser respekt for naboen om ho er lik meg og deler mitt syn eller ikkje. Eg stiller meg solidarisk med dei som lir og blir så mykje Arnulf Øverland som eg greier. Eg skal ikkje tie. Eg skal halde fram at all urett som har skjedd i historia var urett og at det vi ser no i nye og gamle former må ta slutt. Vi må finne att tanken fra første verdenskrig: krigen som skulle gjere slutt på all krig. Vi må finne att tanken fra andre verdenskrig: aldri igjen.
Det er ein ting vi alltid kan vite heilt sikkert: Det blir forandring.
Vi ser tegn på kva som kan skje, men morgendagen er åpen til vi er der. Vi kan berre leve i dag. Slik kan vi kaste av oss prognoser og nekte å leve i doomscrolling. Det går an å sjå mørke skyar på horisonten og likevel plante eit epletre.
Forandring kan fryde. Kvardagen blir rikare når vi tek ein pause med ein opera eller ein lang fjelltur. Eit nytt plagg eller eit kurs for å lære noko nytt, kan vere nok til å skape positiv forandring i eige liv.
Så er det den forandringa vi ikkje har kontroll over. Berre det å vite at vi ikkje veit, eller kan vite heilt sikkert, kan hjelpe meg å sleppe taket i det eg er maktlaus over. Eg kan segle i dei bølgene livet gjev meg når bølga kjem. Så lenge stormen berre er på horisonten må eg passe på å ha hovudet det føttene mine er: Her og no. Kanskje ser eg fossekallen boltre seg i vintervatnet i Akerselva på veg mot Nydalen? Kanskje kjem det ein dompap og set seg på greina utfor vinduet mitt ..og får meg til å smile.
Godt skrevet igjen, Hildegun! Takk! Men Trump er demokratisk valgt. Det er en grunn til at at alt nå går i en retning som gjør oss redde. Noen har sviktet, Demokratene har sviktet, mange av oss har sviktet. Medmenneskelighet og godhet er den langsomme, krevende og sikre veien å gå når vi nå skal komme oss videre.
Hilsen Synnøve
Sendt fra min iPhone
LikeLiked by 1 person