Pappa hadde ein ven som skreiv brev. Eg minnes korleis pappa alltid snakka om kor godt han skreiv, når han hadde fått eit nytt brev.
I helga sat eg og las i gamle utgåver av “Gammalt frå Fræna” og der fekk eg sjølv oppleve Torstein Tomassen sin skrivekunst. Akkurat som pappa måtte eg berre stoppe opp og gle meg.
Det første eg kom over var eit stykke han hadde skreve om sanitetskvinneforeninga på Tornes. Eit prosaisk tema skulle ein tru. Men slik starta Tomassen innlegget:
” I tankane kan ein reise opp att falne hus, -gjere nedbygde markar levande med gras og korn, insekt og fuglar, -skape sommarvind eller gulnande haust – og vinters rennfok rundt novene. Og folket som var? Det er underleg kor livs levande dei kan verte – i tankane… I stille stunder er dei kring oss. Dei går over gamle tun, ror langs strendene, arbeider og slit eller har helgefred. Vi er i lag med dei i det gamle og bortfarne.” (1)
Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg ser dei. Torsein har makta å skildra ein plass og ei tid like levande som om det var ein film, med berre nokre få gode ord.
Å, kor eg elskar gode ord. “Som eple av sølv i skåler av gull” er gode ord sa Salomon. Som musikk og kjærteikn og gode angar er gode ord for meg. Dei gjer meg glad, inspirerer meg til handling eller rører meg til tårar. Eg stoppar og tek imot når dei kjem. Eg deler dei gjerne med andre, slik som no. Delt glede, er dobbel glede. Eg har ein godbit til. Eit skinande eple, i ei glitrande skål. Særleg for ei vestlending:
HEIMKOME VED HAVET(2)
Torstein Tomassen
Så gjekk eg på stiane,
rodde i sunda.
Hitover dreiv dei
angane
frå ein gjøfjørevår
i eit kvitsymreår
vest ved havet.
Då såg eg dei,
tuftene,
fann eg dei,
tuene.
Lutande stod dei
steinane,
over frendar i jord
som rodde og for
slik som eg
i ein vår
i eit kvitsymreår
her ved havet.
- Gammalt frå Fræna, 1991, “Om eit årsmøte” av Torstein Tomassen, side 43
- Gammalt frå Fræna, 1985, “Heimkomme ved havet” av Torstein Tomassen, side 7
Bilde: Akvarell av Nelle Rodrick.
Ånda til far er enno klår, men pennen tek han ikkje lenger så ofte i bruk. Eg trur han hadde sett pris på å høyre godorda om skrivekunsten hans. Så kven var denne kameraten (og kven er du) som han skreiv brev til? Eg har sjølv teke vare på den utgåva av Gamalt frå Fræna nett fordi diktet til far seier så mykje om han og det livet som ein gong var.
LikeLike
Takk for dei fine orda om far…..Enno klår i ånda, men blekket er i ferd med å tørke for godt. Han vil sikkert sette pris på at eg helsar, så kven var far din og kven er du?
LikeLike
Hei Sverre, Orsak at det tok tid å svare.Har ikkje komme meg innom bloggen min på ei tid. Takk for kommentaren. Far min var Harald Aas. Eg heiter Hildegunn. Møtte far din et par gonger, deriblandt på hytta på Tornes då eg var barn. Min far har vore borte i over 10 år no. Vil gjerne lese meir av det Torstein har skreve dersom det er tilgjengelg.
LikeLike