Heile og halve sannheter

Det er valgkamp.
I går sto dei på rekke og rad på Storo og ville snakke med meg, eller i alle fall stikke eit papir i handa mi som eg kunne kaste i resirkuleringa heime. Sannsynligvis landa ein del i restavfallet på Storo, ulest.

Valgkamp er ei tid for halve sannheter med snert. Vi får servert eit problem på gaffel og løysing på ei teskei. “Ingen slagord, berre…” seier Høgre. Der har vi bedraget med ein gong. Kva er eit slagord, om ikkje ei kort setning som blir gjentatt igjen og igjen for å slå gjennom med eit budskap?

Vi hadde ein samtale om valgkamp og politikerspråk med Timo denne veka. Han observerte: “De sier at nå skal vi få en skole der vi leser, skriver og regner. Hva er det de tror vi gjør på skolen, egentlig?” Det er tydelig at han har både lest, skreve og rekna i dei fire åra han har vore på skolen, og han lurer på kva skole politikerene har vore på der dei ikkje gjør dette. Han har tydeligvis også lært kritisk tenking, noko politikarane med sine slagord håper vi ikkje brukar for mykje av.

Ei halvsannhet som blir gjentatt har også ei halv løgn i seg. Det er i den halve løgna vi må leite etter kva som eigentleg er politikken. Eg høyrer på 1984 på lydbok for tida. Der er det mykje som kan brukast til å sjekke kva ei halv sannhet skjuler.

Her er to sitat frå 1984 som kan gje perspektiv:
“Den som kontrollerer fortiden, kontrollerer fremtiden. Den som kontrollerer nåtiden, kontrollerer fortiden.”
“Krig er fred, Frihet er slaveri, Uvitenhet er styrke.”

Politikarane vil fylle dei korte formidlingsmedia vi er fanga i i dag med slagord på replay: Tik-tok gir 1 minutt.. 31 tall med mellomrom før den store skrifta blir borte på facebook..

Enda har vi kritisk journalistikk og detaljerte analyser. Hjernen likar slikt hvis vi gjev oss lov og tid til det. Der står kampen for både framtid og fortid. Les 1984 igjen.

Eg ser.

Storebror Arnt introduserte meg for Sigbjørn Obstfelder. Det var kjærleik ved første dikt. For eksempel diktet “Jeg ser”. Dette å gå observerande og funderande gjennom dagane har vore ein av hovedaktivitetene i livet mitt.

Dette er altså verden. 
Dette er altså klodernes hjem.

Kloden er ei kjelde til forundring, glede og ærefrykt for meg. Eg ser med vemod og sorg at ærefrykt er noko vi har mista i Norge, kanskje i heile den sekulariserte verda. Eg trur det har gjort oss fattigere. Kloden er ein katedral der ærefrykt og undring åpner sansane og kontakten med det som er større enn meg. Våren er ein invitasjon til å gå inn.

Jeg ser, jeg ser..Skaparverket er igjen i ferd med å komme til live. Samme under, like stort, kvar einaste vår. Kor kan det gå an å ikkje stoppe opp og forundre over at dette skjer, om igjen og om igjen, så perfekt og i harmoni..

jeg ser, jeg ser… Mest ser eg menneska. Eg ser dei eg møter. Eg ser dei som står fremst på verdensscenen. Eg ser dei som kjempar i skuggane for alt som er godt. Dei glade, dei travle og dei som leiker. Eg synes ofte eg ser smerten i folk.

Smerten er ein del av livet, både vår eigen og smerten i verda. Eg har snubla over eit par gamle sangar av Bjørn Eidsvåg denne helga. Dei handlar om smerten i livet, om det å kjenne på og forstå og det å bli sett.

Når mørket får tak inni oss kan det vere vanskeleg å sjå. Når vi “er i ferd med å gå under i angst og sjølvforakt” kan mørket skjule oss og dagen bli til natt. Då er det hjelp i å stoppe opp og lytte innover, så vi kan skrike om hjelp. Det å finne nokon som ser, gjer at det går an å finne vegen ut av mørket.

Det går ikkje an å slå av mørket.

Sjølv om eg skrik aldri så mykje at mørket må bli borte, at det må takast ifrå meg, hjelper det ikkje å slåss mot mørket. Mørket er ikkje ein substans vi kan ta og føle på, sjølv om det kan kjennes slik. Vi kan ikkje slå av mørket. Det er berre lyset vi kan slå av.. og på. Mørket kjem der vi slår av lyset. Og det lyset vi kan slå av, kan vi også slå på. Det avslører, det gjer synleg, det gjev håp.

Det er lyset som lokkar kvitveisen opp av jorda og skrur på våren.

Slik kloden gjer det, lat oss skru på lyset saman. Kva er dette lyset? Eg gjentar meg sjølv.. For meg er lyset det å snakke sant. .Om både oss sjølve og verden. Vi må snakke sant om verdiane vi legg til grunn for offentlege handlingar. Vi må snakke sant om eigne kampar.

Eidsvåg syng om å dele. Det er ein måte å snakke sant på. Det gjev lys og hjelper oss å bære vår eigen byrde, men ikkje åleine. Delt smerte blir halve smerten..og delt glede blir dobbelt glede, seier dei.

Eg ser, eg ser.. eg ser mine vakre medmenneske, eg ser dei som har det vondt, eg ser dei som nektar å gi opp kampen for menneskeverdet, eg ser dei som står solidarisk med dei som lir.

Eg ser våren i si ubøyelige livskraft.

Ja, Obstfelder, her er det underlig..
vi ser at urett få feie til side goder vi ha kjempa fram i mannsaldrer,
men eg er ikkje på feil klode.

Dette er jorden, dette er menneskenes hjem. Kvart menneske er min neste. Dei som vil mørke, skal ikkje få lov til å skru av lyset.

Våren er mitt vitne:
Det gode kjem att, når lyset og varmen får sin rette plass.

JEG SER

Jeg ser på den hvide himmel, 
jeg ser på de gråblå skyer, 
jeg ser på den blodige sol. 

Dette er altså verden. 
Dette er altså klodernes hjem. 

En regndråbe! 

Jeg ser på de høie huse, 
jeg ser på de tusende vinduer, 
jeg ser på det fjerne kirketårn. 

Dette er altså jorden. 
Dette er altså menneskenes hjem. 

De gråblå skyer samler sig. Solen blev borte. 

Jeg ser på de velklædte herrer, 
jeg ser på de smilende damer, 
jeg ser paå de ludende heste. 

Hvor de gråblå skyer blir tunge. 

Jeg ser, jeg ser … 
Jeg er vist kommet på en feil klode! 
Her er så underligt … 

Kanskje ein sang fra Bjørn Eidsvåg kan hjelpe i prosessen?

https://www.youtube.com/watch?v=nAy9oGY6LwE