Heile og halve sannheter

Det er valgkamp.
I går sto dei på rekke og rad på Storo og ville snakke med meg, eller i alle fall stikke eit papir i handa mi som eg kunne kaste i resirkuleringa heime. Sannsynligvis landa ein del i restavfallet på Storo, ulest.

Valgkamp er ei tid for halve sannheter med snert. Vi får servert eit problem på gaffel og løysing på ei teskei. “Ingen slagord, berre…” seier Høgre. Der har vi bedraget med ein gong. Kva er eit slagord, om ikkje ei kort setning som blir gjentatt igjen og igjen for å slå gjennom med eit budskap?

Vi hadde ein samtale om valgkamp og politikerspråk med Timo denne veka. Han observerte: “De sier at nå skal vi få en skole der vi leser, skriver og regner. Hva er det de tror vi gjør på skolen, egentlig?” Det er tydelig at han har både lest, skreve og rekna i dei fire åra han har vore på skolen, og han lurer på kva skole politikerene har vore på der dei ikkje gjør dette. Han har tydeligvis også lært kritisk tenking, noko politikarane med sine slagord håper vi ikkje brukar for mykje av.

Ei halvsannhet som blir gjentatt har også ei halv løgn i seg. Det er i den halve løgna vi må leite etter kva som eigentleg er politikken. Eg høyrer på 1984 på lydbok for tida. Der er det mykje som kan brukast til å sjekke kva ei halv sannhet skjuler.

Her er to sitat frå 1984 som kan gje perspektiv:
“Den som kontrollerer fortiden, kontrollerer fremtiden. Den som kontrollerer nåtiden, kontrollerer fortiden.”
“Krig er fred, Frihet er slaveri, Uvitenhet er styrke.”

Politikarane vil fylle dei korte formidlingsmedia vi er fanga i i dag med slagord på replay: Tik-tok gir 1 minutt.. 31 tall med mellomrom før den store skrifta blir borte på facebook..

Enda har vi kritisk journalistikk og detaljerte analyser. Hjernen likar slikt hvis vi gjev oss lov og tid til det. Der står kampen for både framtid og fortid. Les 1984 igjen.

Terror, motstand og balanse

Klassekampen slo til med tre sterke artiklar om Israel, Gaza og solidaritet på lørdag. Dei bør leses av alle som har kjent på sinne og maktløyse over den uretten som har, og kontinuerlig blir, begått i denne krigen. Desse artiklene er(lenker inkludert):
Eit intervju med Avi Shlaim. Eit oppslag om Palestinakomiteens markering 7.10.Ein sterk ananlyse om einsidig lojalitet og vasking av hender for dei som har makt.

Eg høyrer på A Tale of Two Cities av Charles Dickens for tida, ei forteljing fra tida før og under den franske revolusjonen. Akkurat no er eg midt oppi det blodige oppgjøret etter storming av Bastillen, der nesten kvar setning drypp av blod og dei fleste karakterane har blod langt opp til albogane. Det er “sobering” lesning i lyset av dagen i dag.

A Tale of Two Cities er historia om korleis eit folk som har lide den verste urett med svolt, tortur og avstraffing utan lovbrot og slaveri-lik teneste for aristokrater og kyrkja. Om noko oppreising hadde grunn til å ta til våpen mot undertrykkarane, var det franske grasrotopprøret mot aristokratene eit av dei. Om vi treng å illustrere at hevnjustis som følge av udiskutabel urett viser faren som ligg i hevn, er giljotinens blodbad nok bevis.

Jesús Alcalás analyse handlar mykje om dette: at lojalitet til berre den eine sida opnar døra for urett. Både han og Åsnes/Henmo etterlyser sympati fra Palestinakomiteen for den terroren israelarane oppleve i dag for eit år siden. Angrep på ungdommar på konsert og familier i heimene sine er terror. Det må seiast.

Men Avi Shlaim viser at det også var eit legitimt, væpna opprør som skjedde den dagen: 332 israelske soldatar var drepne. Det var eit væpna angrep mot ei okkuperende og undertrykkende militærmakt.

Den som ærleg har satt seg inn i korleis Israel behandlar folket på Gaza, veit folket der er okkupert og undertrykt. Det skjer også på Vestbredden. Eg har hatt privilegiet å besøke Vestbredden fleire gonger. Eg har sett bevisa på okkupasjon og undertrykking og møtt urettferdig arresterte og mishandla menneske. Min største sympati i denne saka ligg utan tvil hos palestinarane. Ikke stopp å lese av den grunn.

Eg snubla tilfeldigvis over ei FB-side som viste korleis israelske barn fordrevne fra landsbyene nær grensa til Gaza var tekne vare på. Det viste reinvaska og velkledde menneske som hadde piknik i ein nasjonalpark omgitt av fruktbart landskap med eit militærkorps som spela for dei. Vi har alle sett korleis dei fordrevne i Gaza har det. Konklusjonen bør vere enkel.

Når Alcalás påstår at vi ikkje kan bruke matematikk for å finne mest skuld i ein konflikt, må eg seie meg uenig. Det er no 41825 drepte i Gaza. Ein del av dei var soldatar i aktiv krig. 1140 var drepne i Israel 7. oktober. Av dei var 332 soldatar. Den som ikkje kan peke ut det største offeret i denne konflikten har misbrukt det juridiske begrepet om skyld. Det er forskjell på ein drapsmann og ein massemorder. Antall døde viser kven som har mest skyld.

Men eg er enig i at det å søke rettferd ved hevn, ikkje fører fram. Øye for øye og tann for tann fører ikkje fram. USA driv med symbol-justis på denne måten og dømmer folk til fleire livstider i fengsel. Om du har drepe ein eller 41825 kan du faktisk ikkje sone for dei drepne ved å bli tatt live av. Ingen avretting kan gjenopprette eit tapt liv. Om Israel var rasert på samme måte som Gaza er no, ville ikkje det skape anna enn meir urett. Blodbadet i den franske revolusjonen kan opplyse oss her, om vi er villige til å legge til side einsidig lojalitet til den eine sida. Berre når vi ser alle som likeverdige kan vi sone urett. Det skjer ved å gjenopprette lov og rett, menneskeverd og likeverd for alle.

Eg har stor medynk med den diskriminering og sjikane jøder har lidd i den kristne verden. Eg skammer meg over Martin Luther og den norske grunnloven som kunne vise haldningar så fjerne fra menneskesynet til han vi seier vårt verdigrunnlag er bygd på. Eg, saman med heile verda, er for all tid rista inn i margen av den tortur og urett jødar i Europa måtte lide under Hitler. Og eg skjemmes over kor mange av oss som såg andre vegen eller til og med var med på uretten. Som Shlaim seier, sionismen vaks fram på grunn av den måten vi “kristne” i vesten mishandla jødar. Ingen skal behandlas eller stemplas slik.

Aldri igjen. Dette er aldri rett, uansett folkegruppe eller religion. Det var ikkje rett i pogromer i Øst Europa, i Tyrkia mot armenarane, i Nazi-Tysklan. Det er ikkje rett på konsert i Israel. Det er ikkje rett på Gaza. Det er ikkje rett i Jenin.

Eg meiner jødar har rett til å bu trygt og bli behandla som alle andre over alt der dei er. Men. Eg meiner dei har ingen gudgjeven rett til å konfiskere eigedom fra andre eller himmelgjeven rett til å herske over eit visst område der dei kan ha privilegier over resten av innbyggjarane. Eg trur ikkje dei er “Guds utvalde folk” noko meir enn vi alle faktisk er det. Eg trur ikkje på ein Gud som “elskar Jakob og hatar Esau”.

Det var ein stor lettelse for meg den dagen eg let meg sjølv sjå på det gudsbildet som blir konsekvensen av at Gud har favoritter. Den skaden det kan gjer på dei som trur seg betre enn andre, med rett til å utrydde i Guds navn, er betydelig. Dette synet skaper frykt og mindreverd i den som er utanfor. Calvinismen er eit eksempel på kor øydeleggjande doktrinen om utvelgelse er.

Nei, eg trur at om det finns ein Gud, og det har eg vald å håpe på, så er det ein Gud for “alle folkeslag”. I mitt gudsbilde er Gud ein Gud som elskar alle sine skapninger. Det Gud elsker er menneske. Rettferd. Barmhjertighet. Skaperverket. Det Gud hatar, er urett.

I det politiske bildet vi ser på i dag, kan vi bli einige om at her er urett gjort både mot både israelarar og palestinarar? Kan vi bli einige om at uretten gjort mot palestinarane er større enn det som skjedde i Israel 7. oktober i fjor? Kan vi vere einige at dei som mista sine kjære på ein så traumatisk måte har rett til å sørge over sine? At palestinarane har rett til rope mot himmelen og Vesten om urett, samtidig som dei igjen og igjen må sørge over sine eigne som blir drepne og torturerte på forferdeleg vis?

Ingen av dei to som etterlyser at Palestinakomiteen set ord på det tapet familier og innbyggarane i Israel opplevde på grunn av terror handlinga 7. oktober ber the Mosaiske samfunn i Oslo om å gjere det samme for Gaza i minnemarkeringa si. Det viser kor vanskeleg det er å vise balanse i ei sak. Men det må gjerast.

Berre når vi hatar urett, all urett. Berre når vi held fram menneskeverd og rettferd for all, absolutt alle. Berre då kan vi ta steget mot fred. Og det er fred vi treng. Berre då kan vi starte på det vi må ha for å overleve som menneske. Gjenoppbygginga.

Kan vi markere 7. oktober med kompromissløs erklæring om at slik kan vi ikkje, vil vi ikkje ha det? Aldri igjen? overalt, for alle, alltid?