Så er det ikkje lenger dagen før dagen eller ventetid. Dagen er her: Julekvelden.
Dei små må fortsatt vente heilt til gavene er åpna og det er dei lengste vente-timane i heile adventstida. Eg har og ting som må gjerast før maten står på bordet og eg kan la resten gå av seg sjølv. Men før eg skreller kålrabien vil eg ta tid til å sleppe julekvelden inn. Eg vil la mitt hjerte gå til denne sangen som så vakkert set ord på min lengsel, og så vil eg huske varmen frå denne dagen gjennom no eit langt liv.
Vi venta aktivt på julekvelden då eg voks opp. Arnt var tradisjonsvokter. Han lærte oss at i førjulstida skulle vi leve enkelt. Det skulle bakast og lagast god julemat: sylte og rull og heimelaga leverpostei, men dette skulle sparast på til jula slik at festen vart større. Vi skulle ikkje få nye klede før jul. Da skulle vi bruke “jultufs”, klede vi hadde slitt ut og nesten vokse ifrå. Eg voks opp i ei tid der desse tradisjonane som i eldre tider var nødvendige, fortsatt hadde relevans. Julebord og førjulsfester var heit framande begrep. Overfloda hadde ikkje nådd oss, slik at det å skille på kvardag og høgtid på matbord og i klesskap var nødvendig. I adventstida jobba vi for at jula skulle bli fin. Så kunne gleda og freden komme.
Julesang var ein viktig del. Arnt tok kontroll og drilla oss på julesangene. Her var det ikkje nok å kunne første verset på Glade Jul og Et barn er født i Betlehem. Fra jord og fjære, No koma Guds englar, Jeg synger julekvad måtte lærast i tillegg til alle dei vanlege julesangene, og det med alle vers.
Så kom dagen. Hos oss var det innspurt nesten heilt til klokkene ringte jula inn. Vi pynta treet og huset og la fram julehefte og nøtteskåler og fruktfat. Mamma koka og brasa, og når bordet var dekt vaska ho golvet.
Det var ved julemiddagen høgtida starta. Vi song ein julesong før pappa tok fram den grønne bibelen og las: I dei dagane let keisar Augustus lysa ut at det skulde takast manntal yver heile verdi….
Vi gjekk alltid rundt juletreet før vi åpna gaver. Mamma og pappa kunne alle versa og hadde det ikkje travelt med å bli ferdig. Eg kjenner meg så rik når eg ser tilbake og ser oss, hand i hand rundt det grønne, glitrende treet med julelys, lenker og kuler, der vi nesten snubla over gavene som måtte vente.
Takka vera Oddmund og Ole Arne fekk vi tidleg litt humor inn i gavehaugen. Det starta eit år då dei to andektig kom inn med ei stor kasse dei forsiktig satte under treet. Den var til Arnt og Bjørn som hadde ønska seg ein kvalp og vi trudde alle det var det som var i kassa, heilt til ho vart opna og det viste seg at det var to penner gjøymt i massevis av avispapir.
Gjennom åra tok vi over tradisjonen med tullepresanger for få litt latter inn i gaveflommen.
For dei små er gavene sjølvsagt det viktigaste i jula. Det er først seinare i livet vi kjenner at det var mykje meir vi fekk med oss. Eg husker ikkje ei einaste gave eg fekk til jul, sjølv om eg er sikker på det var mange ting eg var glad for den gongen. Men stemninga: sangen, lysa, og eit pynta hus, eit måltid med høgtid og ei fortelling om ei glede som skulle timast alt folket, det sit i beinmargen og vaknar til liv når denne dagen kjem att, igjen og igjen. No inviterer denne dagen meg til å sjå kor ho finns denne gleda som skulle nå oss alle. Eg ser på eit barn som vart oss gitt, som kom og fortalte om eit rike som ikkje er av denne verda.
Så gjer eg slik hans mor gjorde då dei vise kom, då gjetarene kom, og englehæren som song i den stille Betlehemsnatta: Eg tek det inn og gøymer det i hjarte og grunnar på dette som er større enn eg, som eg ikkje får til å gå opp når eg ser på krig og svolt og urett, men som likevel gjev gjenklang og set ord på min innerst lengsel og håp.
3Hvi skulle herresale ei for deg pyntet stå?
Du hadde å befale alt hva du pekte på.
Hvi lot du deg ei svøpe i lyset som et bånd,
og jordens konger løpe at kysse på din hånd?
4Hvi lot du ei utspenne en himmel til ditt telt,
og stjernefakler brenne, o store himmelhelt?
Hvi lot seg ei til syne en mektig englevakt,
om deg i silkedyne så prektig burde lagt?
5En spurv har dog sitt rede og sikre hvilebo.
En svale må ei bede om nattely og ro.
En løve vet sin hule hvor den kan hvile få –
skal da min Gud seg skjule i andres stall og strå?
6Akk, kom, jeg vil opplukke mitt hjerte, sjel og sinn,
med tusen lengselssukke: Kom, Jesus, dog her inn!
Det er ei fremmed bolig, du har den selv jo kjøpt.
Så skal du blive trolig uti mitt hjerte svøpt.




