19. desember er pappa sin dag. Han fekk nesten 87 år og ville ha vore 107 i dag.
Pappa satte spor etter seg i alle som kjente han.
Han var eit verdi-menneske, eit menneske som brydde seg.
Han brydde seg om familien sin, oss som sto nærmast, men også storfamilien.
Han brydde seg om bygda si og om landet sitt og engasjerte seg både i kultur og politikk. Heilt til siste dag tok han ansvar ved å engasjere seg i saker han hadde ei meining om.
Han brydde seg om naturen. Han kunne namn på planter og tre både nært og fjernt og visste kor dei verneverdige blomstrane voks i villmarka. Den informasjonen delte han berre med folk han stolte på.
Han song. Han var klokkar og forsanger i kyrkja på Hustad. Han tok dirigentkurs og starta både kor og korps i bygda. Men han song òg berre for seg sjølv, heile livet. Ein slektning sa ho åpna vinduet då han gjekk forbi, for pappa song av full hals der han gjekk over Løsetmyrene på veg heim fra skolen.
Han hadde djup respekt for menneskeverdet. Eg såg det i korleis han fortalte om brevet han fann i lomma på den unge tyske soldaten då han var i saniteten i 1940. Med tårer i auga fortalte pappa korleis mora til soldaten skreiv det einast ho brydde seg om var at han skulle overleve og komme heim, og der låg han.
Han brydde seg om kulturarven vår. Allereie som ung likte han å snakke med dei gamle og høyre kva dei hadde å fortelja om ting som hadde hendt og slik det var før. Han fortalde det vidare med ein forteljarkunst som gjorde han til ein verdsatt talar både på merkedagar og i vennleg lag. Eg ser for meg Ane og Ellen Lein slik han malte dei for oss, når han fortalte om desse synske damene i Kristiansund som kunne finne att sauer som hadde gått seg vill og meir.
Kva meir kan eg seia om deg, pappa? Du hadde eit liv som var vanskelegare enn dei fleste. Du sa du ofte sat lenge på ein utkiksplass i Åsmarka for legge frå deg nissebukktankar omgitt av roa i naturen. Det er perspektiv å finne i fjella og horisonten som berre ligg der og trea som sakte lever sitt liv og veks i vind og vær og haren eller hjorten som streifa forbi der du satt. Med himmelen som vitne fann du ro der.
Da du gjekk bort fekk eg ta farvel ved båra di. Mi siste helsing til deg var:
Eg vil vera slik som du.
Eg vil òg bry meg om menneska og verda rundt meg. Eg vil òg halde fast på verdien i kvart menneske og i alt som lever. Når ei oppgave byr seg der eg kan gjer ein forskjell, vil eg ikkje gå forbi. Eg vil sjå min del i det felles ansvaret vi har.
Du gjorde det du kunne, der du var. Når eg møter menneske som kjente deg ser eg at du har satt spor. Det er det einaste vi kan, her i denne verda vi får vandre gjennom ei tid.
Sørg for at det alltid gror
blomster i ditt plogjernspor
Noen kommer, noen går
Noen dør i livets vår
Sterner lyser hvite..
Takk.
