Vent. Dag 14

Tredje søndag i advent. Ei lita preken.

Tekstrekka for denne søndagen tek oss med for å møte ein som hadde som livsgjerning å vente. Han var unnfanga ved eit mirakel av gamle foreldre og var innvidd frå fødselen til å vente på han som skulle komme. Her sit han i fengsel og høyrer rykte om slektningen sin og det får han til å sende bud til mesteren: Er det du? Kan vi slutter å vente …eller…??

Resten av tekstrekka er som eit eventyr av alt det gode som blir lovt, alt vi drømme om og lengte etter. Den har med forteljinga om Daniel, den rettferdige, og dei svikefulle, maktsjuke politikarane som vrir rett og galt for bli kunne arrestere ein som ingenting gale har gjort. Vi ser ein Gud som stepper inn og redder på mirakuløst vis.

Desse er vanskelege tekster å halde opp mot ei verd der dei urettferdige vinn fram med fake news og leiarar slepp unna med rå makt der vi trudde vi hadde på plass lov og rett for å stoppe maktmisbruk og brot på menneskeretten.

Kan vi likevel ta i mot dette løftet om det perfekte: Ei verd der vi har snudd utviklinga og regnskog og grønt veks fram igjen der overforbruket har lagd ødemark. Ei verd der vi har ører til og høre og øye til å skille mellom rett og galt. Der vi har lover og verdier så klare at ingen kan så tvil om den hellige vei. Der sjuke får helse, der fryd og glede når dei som no berre kjenner sorg og sukk.

Det stig eit lengselsfullt Ja frå meg når eg les desse tekstene. Slik vil eg ha det. Slik MÅ det bli. Slik er dei verdiane han kom med, Fredsfyrsten. Vi må slutte å vente på ny instruks.

For denne verdens visdom er dårskap i Guds øyne.. står det. og ..  Ingen må narre seg selv! Hvis noen av dere regner seg som vis i denne verden, la ham da bli en dåre, så han kan bli virkelig vis.
La oss lytte og sjå, så vi kan forstå og gå på rett vei i… verden, livet eller døden, det som er nå, eller det som skal komme.

Tekstrekka finner du her.

Vent. Dag 5

Det er to måter å vente på. Det kjem heilt an på kva vi venter på.

Vi venter i grunnen heile tida. Vi venter på bussen. Vi venter å snøen. Vi venter på våren. Vi venter på at risen skal bli kokt så vi kan få oss middag. Vi venter på den først livsviktige kaffekoppen for å komme i gang med dagen.

Likevel meiner eg det berre er to grunnleggende måter å vente på. Det kjem an på om vi venter på noko godt eller om vi venter på noko forferdelig.

Det er lett å vente på noko forferdeleg i desse dagane. Horisonten er mørk. Eg har sjølv levd i sjokk dei siste åra med krig, folkemord og politikk som styrer oss mot avgrunnen. Eg har levd med tanken: No kan det ikkje bli verre. No kjem vendepunktet. Dette ser alle. Slik kan vi ikke ha det… berre for å få enda ein dag med nye overgrep, nye løgner og gjenreising av amoral vi trudde vi hadde tatt oppgjer med. Vi lever i ei tid det er lett å vente i eksistensiell angst, for framtida roper: korleis skal det gå med oss??

Adventstida inviterer oss til å leve i forventning, til å gripe tak i håp, til å vente på noko godt. Det er håpet som er lyset i mørket, det er trua på det gode som gjev oss krefter til å fortsette. Det er rett, dette å håpe og tru. Det er rett å rekke hendene ut til alle som løfter opp rett og rettferd og barmhjertighet og som nekter å tie. Her skal steinene sleppe å rope åleine. Vi er mange . Vi vil ikkje bøye kne og akseptere urett som ikkje rammer oss sjølve her vi sit i varme, trygge stuer. Vi held fast på kampen for ein bedre vei.

Nu har vi den hardaste ria,
vi slit med å kare oss frem
mot lyset og adventsti’a,
d’e langt sør tel Betlehem

Du ser oss i mørketidslandet.
Du signe med evige ord
husan og fjellet og vannet
og folket som leve …. både i Betlehem, Sudan, Tibet, Kongo…… og her nord.

Bilde fra https://fylkesbibliotek.ffk.no/finmarksbiblioteket-fotoarkiv-privatarkiv-og-litteratursamling/