Tider skal komme, tider skal henrulle.
Eg har ei venninne i USA som held motet oppe i desse mørke tidene med visdommen fra Forkynnaren:
Det som hender, har hendt før, og det som skal henda, har òg hendt. (Fork. 3:15)
Menneskehistoria går i sirkel, seier ho. Det mørket som reiser seg er ikkje noko nytt, men når mørket er på frammarsj er det berre eit spørsmål om tid før lyset bryt igjennom igjen.
Kan det vere slik det er? Året er jo slik. År etter år går vi på denne tida mot det største mørket. Sola legg seg tidlegare og tidlegare og lengst i nord er ho borte. 5 dager igjen til ho snur.

I vinternatta hjelper det å vite at dette er ein prosess som er urokkelig. Vi er ikkje mange åra før dette er personleg lærdom. Som arv har vi laga oss tradisjoner som fører oss gjennom til lysere tider. Universet gir oss sitroner og vi lagar lemonade. Adventstida tenner lys etter lys fram til jula bryt ut når det er på mørkeste. I gamle tider tente dei bål ved vintersolverv. Det er ein livgivende tradisjon har mange tatt opp igjen.
Kan vi ta imot at det er krefter i historia som lovar at politisk mørke til slutt må sleppe taket? Eg er ikkje fatalist. Eg trur ikkje “alt blir bra” berre vi ventar, men eg trur at det vi ser ikkje er nytt. Når vi blir frista til å tenke at vår tids ondskap er verre enn alle andre generasjoner, er det ikkje vanskeleg å finne kor slikt har skjedd før.
Men det gode vart aldri utrydda. Det har vunne fram igjen og igjen. Det skal skal vi kjempe for, og tru at det nytter. Det skal vi halde fast i når vi tenner våre lys, både dei vi har på bordet og dei vi tenner når vi løfter det gode høgt, i ord og gjerning.
Slik vil vi ikkje ha det. Dette kan eg gjera noko med, mens slekt skal følge slekters gang.