og det var såre godt…

Det er eit tema eg vender tilbake til igjen og igjen, dette: Det godes “problem”.

Gud skapte..og det var godt. Gud fullførte, og sjå: det var berre godt, såre godt, skreiv poeten som dokumenterte Guds tanke ved begynnelsen.

Korleis blir ho denne hytta av mørke, spør Mary Oliver om døden (mi oversetting). Eg kunne spør: korleis blir han denne tunellen av lys som alle forteljingane fra “near death experiences” snakkar om. For det er ein tradisjon blant menneska for å legge det gode, det såre gode til himmelen.

Men det er ikke det eg ser etter. Eg ser ikkje etter det gode etterpå. Eg ser etter det gode no.

Når eg høyrer: “det var såre godt” vekkjer det noko i meg, ei gjenkjenning. Det gode finns. Eg kan gå inn og vere i det.

Eg tenkjer det er her tanken om himmelen hjem frå. Midt i det som òg finns og er smertefullt, mørkt, har menneske gjennom alle tider sett dette gode og funne styrke til å komme ut på andre sida.

Eg har òg opplevd å kjenne mørkret sleppe meg og lyset og freden ta over. Ikkje så ofte, men nok. Nok til å elske “det gode”. Nok til å vite at det gode er det eg vil springe mot, stoppe ved og sette meg ned og vere i. Det er det eg vil leite etter i meg sjølv, i medmenneska mine, i heile verda. Det er det eg vil applaudere, synge om, kviskre om og meditere på. Sjå, det var såre godt, berre godt. Gull i berget, kvitveis undre fjorårets rotne lauv.

Det er òg ein gammal tanke at det gode ikkje er lett å legge merke til. Denne “hytta av mørke” er ikkje skremmande, men heller ei bortskrelling av alt det andre som vil distrahere oss frå å sjå det eine viktige: lyset, det gode.

Så vert dei stående desse tre: tru, håp og kjærlighet.

Det gode.

Når eg får tak i det, får stoppe opp og bli i dette om så berre i eit glimt veit eg: “Tid er ikkje meir enn ein ide..det evige er eit tenkjeleg alternativ”.. det gode er rett ved sida av meg heile tida. og blir alltid…kven veit?

PiO Skrivekurs, kvardagsskriving dag 5.
I dag har eg vald startsetninga mi sjølv.
Ho kom til meg midt på natta og eg måtte stå opp og halde fast på ho før ho flaut vekk på “glemselens elv”.
Tanken om gløymselens elv kjem òg frå eit fabelaktig dikt, Forgetfulness av Billy Collins. Det må kanskje oversettast før eller seinare.

Ei oversetting for Aase-Hilde på 60årsdagen

Når døden kjem

Når døden kjem
som ein svolten bjørn om hausten
når døden kjem og tek fram alle dei blanke myntane frå pungen sin

for å kjøpe meg, og kneppe pungen igjen
når døden kjem
som mesling-koppar

når døden kjem
som eit isfjell mellom skulderblada

Då vil eg ta steget gjennom døra full av nysgjerrighet og forundring:
korleis blir ho, denne hytta full av mørke

Difor ser eg no på alle ting
som eit brorskap, eit søsterskap
eg ser på tid som ikkje meir enn ein ide
eg ser det evige som eit tenkjeleg alternativ

eg tenkjer på kvart liv som ein blomst, vanleg
som ein prestekrage og like unik
og kvart namn ein kjær melodi eg nynner
som, slik all musikk gjer det, ender i stille

og kvar kropp ei løve full av mot, og noko
dyrebart i verda

Når det er over, vil eg seia: heile livet
var eg ei brud vidd til forundring
var eg ein brudgom som tok heile verda i famn

Når det er over vil eg ikkje måtte spørre
om eg hadde skapt eit liv som var unikt, ekte
Eg vil ikkje finne meg sjølv full av sukk eller frykt
eller krangel

Eg vil ikkje ende med å ha vore ein framand i denne verda.

Må du kvar dag få vere

ei brud vidd til forundring, ein brudgom som tek heile verda i famn!

Originalen:
When Death Comes –by Mary Oliver (Oct 03, 2006)

When death comes
like the hungry bear in autumn;
when death comes and takes all the bright coins from his purse

to buy me, and snaps the purse shut;
when death comes
like the measle-pox

when death comes
like an iceberg between the shoulder blades,

I want to step through the door full of curiosity, wondering:
what is it going to be like, that cottage of darkness?

And therefore I look upon everything
as a brotherhood and a sisterhood,
and I look upon time as no more than an idea,
and I consider eternity as another possibility,

and I think of each life as a flower, as common
as a field daisy, and as singular,

and each name a comfortable music in the mouth,
tending, as all music does, toward silence,

and each body a lion of courage, and something
precious to the earth.

When it’s over, I want to say all my life
I was a bride married to amazement.
I was the bridegroom, taking the world into my arms.

When it’s over, I don’t want to wonder
if I have made of my life something particular, and real.

I don’t want to find myself sighing and frightened,
or full of argument.

I don’t want to end up simply having visited this world.

Dagens løp.

Om han bøygde seg ned kunne han sjå noko som rørte på seg i jorda.

Kvifor såg han ned akkurat her, eigentleg? Han brukte aldri å stoppe før han hadde sprunge heile ruta. Han sprang denne ruta kvar gong han trong å kvitte seg med nissebukktankane sine, og Gud veit, dei hadde visst aldri ferie. Så denne ruta kunne føtene hans så godt han fint hadde greid å springe her med hettegenseren att fram, godt snurpa saman rundt bakhodet.

Det hjalp nesten alltid med denne utblåsinga. Han starta der stien kom ut på sletta ved Mor Go’hjetrtas vei, i Bjølsendumpa. Rart med desse to namna som er så motsatt lada..nesten som “den gode engel” og “den dårlege engel” som kviskrer i kvart sitt øyre for å skape indre konflikt og forvirring: “Ver godhjerta!”..”neiiii, syns synd på deg sjølv! du vart dumpa.. ta igjen! Hyl og skrik at dette er urettferdig. Du har ikkje gjort noko gale og likevel er livet ditt ein endelaus kamp mot indre demoner som aldri gjev deg fred.”

Nissebukktankar. “Kven bryr seg om deg eigentleg? Du er slik ein verdilaus, messed up tufs. Skulle ha vore ein blinkande knapp på verdensvesten, men hempa glapp.”

Så her spring du, full av sjølvforakt og sinne etter enda ein krangel der du veit du var urettferdig og til og med giftig… eit regn av nålestikk og “character assassinations” av samme våpengrad du har brukt på deg sjølv eit heilt liv no. Stopp. Pust.

Det var visst noko som rørde seg i jorda der borte.

Stopp. Pust.
Kor kom den talen ifrå eigentleg? Det høyres ut som dumpa-engelen, men tonen likna meir på Mor Go’hjerta. “Sjølvinnsikt er ikkje det verste du har”, seier ho, “Faktisk er sjølvinnsikt første trinnet på stigen ut av gjørma. Ver litt snill med deg sjølv. Det å sjå sine eigne feil er eit fantastisk karaktertrekk. Sjå deg litt rundt i denne verda, du, både på kvardagsmenneska og glansbildemenneska som er klistra opp på kvar ein sosialmediavegg. Kven får du lyst å møte? Kven kunne du ha lyst å ta ein øl med, eller dele ein kaffetermos og ein kvikklunsj med ved Skjærsjødammen, på stien nede ved vatnet der skiløypa går om vinteren? Ville du hatt med Listhaug eller Støre? eller kanskje sonen hans? Eg hadde utan tvil valgt sonen hans: Ein ung mann som har stått fram med alle sprekkene i livet sitt og har vist korleis det er sprekkene som slepper lyset inn og livet ut.

Har du kjent på kor velsigna avslappende det er å vere i lag med mislykka folk? Folk som ikkje har eit rykte å forsvare eller ein “image” å polere og “enhance” med glatt hud, rosa kinn og store uttrykksfulle auge, overstrødd med emoji. Kor godt er det ikkje å vere i lag med folk der du kan kneppe opp bukselinningen og sleppe magen fram og ta håret bustete opp i ein strikk, sjølv om du er finare med håret ned? Kva tenkjer du, sier ho, Mor Go’hjerta, er det ikkje velsigna godt å sleppe vere ein blinkande knapp på verdensvesten? Er det ikkje godt å få springe her på gjørmestien bak gjenbruksstajonen på Grefsen og kjenne på at du angrar? At slik vil du ikkje vere, men du følte deg så avvist og misforstått at eit heilt liv med skuffelser og nederlag kom fossende ut i sjølforsvar og ei “dirty bomb” eksploderte og sendte giftige partikler i alle retningar ..og nåde den som sto i skuddlinja, då.

Det var noko som rørte på seg i jorda der borte.

Han hadde ikkje sett det om han ikkje hadde sprunge så hardt opp siste kneika til det vesle platået. Han hadde ikkje sett det om han ikkje måtte bøye seg fram, med hendene på knea for å få att pusten. Men der rørte det på seg igjen. Under det store treet, i det gamle lauet frå i fjor.

Sidan han hadde stoppa og mist flyten i springinga kunne han like godt gå og sjå kva det var. Oi, ein ekurnunge! eit nakent lite krek heilt nytt av våren. Han hadde nok komme for nær kanten og hadde tumla ut av holet i treet og her låg han ute av stand til å krype opp at. Dette hadde han opplevd før. Visste det var viktig at ikkje kreket fekk klamre seg fast i buksebeinet. Viktig å ikkje ta i han med hendene for då kunne mora sky bolet fordi ho lukta menneske på han, “kristenmannsblod”, som trollet seier i eventyra. Ei lagelig grein gjer jobben og han greier å få ekornungen på plass i holet i treet.

Det er overraskande god utsikt her på høgda bak gjenbrukkstasjonen: utsikt mot Nydalsdammen, men òg utover heile Oslofjorden. Det vart godt å sette seg ned og sjå utover. Kjenne pulsen roe seg. Kjenne kaoset på innsida roe seg. Det vart Mor Go’hjerta som fekk siste ordet i dagens debatt. Ho har rett. Det er godt å sjå og forstå og eiga sine eigne reaksjonar. Slik er det å vere menneske: “jeg vil gjerne være snill, får det ofte ikkje til”. Visdom fra søndagsskolen: “når jeg har bedrøvet deg: tilgi meg.” Det går faktisk an. Det går an å tilgi og det går an å be om tilgivelse. Blanke ark og fargestifter til, ein dag i mårra …

Nei, allereie i kveld.

Her kjem solnedgangen. Det blir ein fin ein i kveld. Sola ruller sakte som ein rødglinsande ball mot åskammane i Bærum. Det glør av oransje langs horisonten, med lag av fersken og rosa opp mot det mørknande spekteret av blåtoner i kveldshimmelen. Det blir stjerneklart og nymåne om eit par timar. Det spirer så vidt i graset og trea fyller synsranda med et dis av lysegrønt der det første lauvet trenger seg ut av knoppene sine.

Det blir ein rusletur heim att. Treng å få sortere nissebukktankane før han tek dei opp med henne. Skal kjøpe blomster i Nydalen, hvis han ikkje er så heldig å finne den første kvitveisen på vegen heim, då. Skal spørre om ho vil ta med ein termos chai bort til Myrersletta og sjå på nymånen. Så kan dei sjå om dei finn ut av denne nye, gamle floken under stjernehimmelen.

Han kjenner seg som ein Nils Holgerson, der han går langs elva sitt vårløysningbulder.

Han har berga ein ekornunge og forent han med mor si.
Lik Nils Holgerson har han fått tenkt over oppførselen sin og er bestemt på å bli ein bedre versjonen av seg sjølv.

Dette skal nok gå bra…

alt blir bra..

regnboge, solnedgang, vår

blanke ark og fargestifter..

Dette er skreve for eit PiO skrivekurs.. kvardagsskriving dag 1, Oppgaven: Finn ei setning som startpunkt og skriv i mist 20 min. Dagens: “Om han bøyde seg ned kunne han se noe bevege seg i jorda” frå ein roman av Unni Lindell. Alt er fantasi, sjølv om plassane er kjente for dei som bur i området.

Der var den!

Jeg møtte kjærligheten på morgenturen min i dag.

En nabo fortalte at leiligheten ved siden av var solgt til en som viste seg å være en gammel kjent. “Det blir fint å ha han der”, sa ho. “Han har vært mye aleine og det kan bli godt om han finner rot her”.

Der var den!

Caritas.
Nestekjærligheten.

Hverdagslig og upompøse titter den fram i omsorgen for et medmenneske, helt uten grunn eller fanfare.
Det var godt å se deg.
Jeg trenger det, disse dagene, at du viser meg ansiktet ditt så jeg kan huske på at:

Størst av ALT er kjærligheten..

til-og-med når den bare er en bitteliten godhet som ingen ser.

Lyset skinner i mørket og mørket har ikke overvunnet det.

Til alle som kjenner krigen skrike i hjertet

Jeg skulle så ønske jeg kunne løfte alle smertene dine bort
og trøste deg
slik at du kjenner det til de innerste fibrene i sjelen din.
Jeg skulle ønske jeg kunne riste alle disse menneskene
som har latt maktsyken og hevngjerrighetens galskap
spise opp den siste snev av menneskelighet
og gjort dem i stand til å utføre grusomheter
vi ikke kan fatte noe menneske kan tenke ut.
Jeg skulle ønske vi kunne ta hverandre i hendene
og rope ut fra alle fjelltopper at nå er det nok!
Stopp denne ondskapen!
NÅ.
Vi vil ikke mer.
Vi orker ikke mer.
Og på vår stille, lille måte er det faktisk det vi gjør:
Vi tar hverande forsikitg i hendene,
setter på oss små sløyfer,
deler på sosiale media
og holder hverandre i trøstende favntak og gråter
Vi viser at her har ikke galskapen eller ondskapen vunnet.
Her er det kjærlighet,
her er det samarbeidsvilje,
her er det fred.
Før vi vet ordet av det ser vi en liten hestehov
som sprenger seg ut gjennom den skittne, halvfrosne grøftekanten
og kaster en liten flik av sola rett ned for føttene våre
og sier: ikke gi opp.
Ja visst gjør det vondt når knopper brister for å slippe våren ut,
men den kommer.
Ennå har hatet aldri greid å rydde ut kjærligheten.
Den lever i modige og redde hjerter
i alle kriker og kroker av denne vakre verden vår
og viser seg i vennlige ansikt
den viser seg i hjelpende hender og gavmilde hjerter
den nekter å slutte med å lege sår og bygge nye liv
igjen og igjen må vinterens ødeland gi tapt for vårens livskraft og skjønnhet.

for sheila

all you need is love…?

“it is in the shelter of each other that the people live”(Pádraig Ó Tuama)

Life is not always easy, even in our very affluent and pampered lives in one of the most peaceful and fair countries in the world. Maybe that is why it is so important to remember that even here we need to fight the good fight of bringing love to the challenges we face in life.

We have all weathered a couple of challenging years. And when I say all, this time I can actually include all of humankind. Not all of us have suffered equally in the face of this enemy that has invaded the globe, but on some level it has touched all of us.

My sufferings have been minor. I have been able to see my loved ones, I lost nobody and when the invader entered my body I was well protected and had very minor discomforts. Some have suffered greatly. In their bodies, in their minds and by losing loved ones in excruciatingly painful ways.

When I suffer, my first instinct is to look for an enemy to blame. Blaming an unintelligent microbe just doing what microbes do is an unsatisfying solution. So who can I hold responsible? Who should pay?

Today some wisdom crossed my path to remind me the Master told me to love my enemies. An Irish poet put it this way:

“Love your enemies” I heard in Sunday mass, or in the apocalyptic prayer meetings I attended as a teenager. Enemies changed identity quickly, based on what news station I was listening to late at night when I couldn’t sleep. Eventually I started to stop: to stop believing in enemies, even though the world is cruel. That’s served me well.. “(Pádraig Ó Tuama)

It may seem naive and dangerous to talk about love in the context of the handling of a worldwide pandemic and its consequences. Someone has to be held accountable. And I agree. But what if accountability could be administered in a spirit of love, making it possible to admit shortcomings, looking for ways to learn and grow in stead of to shame and distrust?

It was Sharon Salzberg who inspired me to look to love for the better way. She said:

“The word “love” is so loaded. And our fear, of course, is that it means something very passive and complacent, and I’m going to let people hurt me, and I’m going to let them oppress other people, and I’m going to be a doormat. It’s very hard to see love as a force, as a power rather than as a weakness. But that is its reality.”

Imagine.. lovingly considering those who made wrong decisions doing the best they could, or at least having some good intensions even though they were wrong? Imagine them accepting that to err in some measure is inevitable when we are up against something new, because we are human after all, not all-knowing.

Imagine all the people..picking up the peaces, joining hands to learn and to build a better future

I can see it. not that it will come to pass perfectly.. but since this is what I long for I have determined to imagine

imagine all the people..living life in peace…

i bakken sto eit epletre

Då blada blei borte og buskene og det høge graset la seg flate under frosten lyste eit nakent tre med gul frukt i bakken ved elva. Ein heil sekk full og endå nok til at det heng att frukt for fuglane å hakke i gjennom vinteren. På bakken var det òg nok til litt matauk til rådyra som vandrar langs elva.

Hos meg vert innhaustinga eplepai til Thanksgiving.

Tenkte det var ein passande måte å markere ein dag som etter tradisjonen skal vere ein hausttakkefest for å ha fått hjelp frå dei som kjende landet til å finne nok føde i naturen til å overleve. Fann dei ville eple, skal tru?

Friske-dager

an apple a day…tenk om det var så enkelt

Et innlegg fôr forbi insta-feeden min om det å aldri ha hatt sykedager på jobb… som om det var en bragd og noe å være stolt av.

Hun som la det ut har ikke hatt det valget.. å ha null sykedager, mener jeg. Og det kan jeg fortelle deg at hun ville ha gitt mye for å kunne oppleve.

For den som alltid er frisk kan det være fristende å “ta en syke-dag” for å få en pause, fra jobb for eksempel. Jeg har gjort det selv. Som søster av to alvorlig syke brødre stakk jeg termometeret i varmt vann for å ha “feber” nok til å få bli hjemme fra skolen en dag, jeg også. Som barn forsto jeg jo ikke at det å være syk ikke er det samme som å ha en fridag.

Jeg husker Arnt fortelle om et minne han hadde av å våkne opp i sykesenga og ikke ha noen smerter i kroppen og hvor fantastisk det var. Behandlingen hadde virket og han var frisk ..så lenge det varte for denne gangen. Jeg forsto ikke da hvor dyrebart det var. Vi var unge og jeg hadde ikke noe perspektiv. Nå har livet lært meg annerledes. For noen ville det å kunne ta en “frisk-dag” for å få en pause fra sykdom være den uoppnåelige drømmen.

Enkelte er velsignet med en sterk kropp og en helse så de kan gjøre en kjempeinnsats i arbeidslivet. De står på dag etter dag uten å sluntre unna og selvfølgelig må de få ros for det. Å bruke de gaver vi har fått til fulle er prisverdig. Ikke alle har denne muligheten her i livet.

Etter at Håkon døde ville eieren av den lokale helsekostbutikken se på håndflaten til mamma. Hun var opptatt av østlige tankesett og ville lese livslinjen hennes. “Det var det jeg tenkte”, sa hun. “En gammel sjel. De gamle sjelene tar ofte på seg å leve de tunge livene.” Det var nok mange som tenkte at de ikke hadde greid å bære det livet mamma måtte leve. Som hun levde med styrke og verdighet.

Det er nærliggende å prøve å finne en forklaring på hvorfor den ene kan stå på fra vugge til grav og tilsynelatende lykkes med alt, mens den andre må leve et liv i skyggen og kjempe for sin daglige pust.

At en sjel vokser i styrke ved reinkarnasjon slik at den kan bære mer, er en forklaringsmåte som kan skape mening av lidelse. At alle er sin egen lykkes smed er absolutt en mye dårligere forklaring. Den faller på sin egen urimelighet for de fleste når livets realiteter banker på døra.

dobbelt håp: regnbue mot soloppgangen

Jeg tror nok at én runde med liv er nok for meg. Jeg håper min sjel får vokse og modnes innenfor de årene jeg får. Jeg har sluttet å lete etter svar på alt og har valgt å la lidelsens og det ondes problem være et mysterium. “Hvorfor” hjelper lite. “Hvorfor meg” hjelper heller ikke stort. “Hvordan” går det an å finne svar på. Ikke enkle svar. Ikke lettvinte svar, men overkommelige. Hvis jeg tar det helt ned på øyeblikkets plan kan jeg “greie noe en dag jeg ikke ville greie hvis det skulle vare livet ut”.

Jeg ser for meg livet som en vandring mot soloppgangen. Noen ganger i måneskinn og stjerneglans, og noen ganger i totalt mørke. Sakte men sikkert vokser forståelsen og meningen fram. Jeg ser veien bedre og bedre jo lengre jeg går og nå skimter jeg blåningen i horisonten. Snart kommer de rosa skyene…

for K. det hette også min mor