Vent. Dag 16

Hva skal du gjøre med all fritiden din nå, spurte ei som skulle ta over ein stor frivillig jobb eg er i ferd med å gje frå meg.

Så kom tanken: fritid, kva er det?

No er eg pensjonist så det gjer det lettare å stoppe opp og tenke over ordet fritid, men det gjekk opp for meg at det er eit konsept eg aldri har levd med.

For mer det berre tid.. og det eg brukar ho til: ting eg vil , ting eg må, ting som treng å gjerast og menneske eg vil bruke tid med.

Tider skal komme, tider skal henrulle , i dag igjen

Som ei elv kjem tida mot meg og flyt forbi med der eg fyller ho med

Vent. Dag 15

Tider skal komme, tider skal henrulle.

Eg har ei venninne i USA som held motet oppe i desse mørke tidene med visdommen fra Forkynnaren:
Det som hender, har hendt før, og det som skal henda, har òg hendt. (Fork. 3:15)
Menneskehistoria går i sirkel, seier ho. Det mørket som reiser seg er ikkje noko nytt, men når mørket er på frammarsj er det berre eit spørsmål om tid før lyset bryt igjennom igjen.

Kan det vere slik det er? Året er jo slik. År etter år går vi på denne tida mot det største mørket. Sola legg seg tidlegare og tidlegare og lengst i nord er ho borte. 5 dager igjen til ho snur.

Midtvinters solnedgang på Grefsen kirkegård

I vinternatta hjelper det å vite at dette er ein prosess som er urokkelig. Vi er ikkje mange åra før dette er personleg lærdom. Som arv har vi laga oss tradisjoner som fører oss gjennom til lysere tider. Universet gir oss sitroner og vi lagar lemonade. Adventstida tenner lys etter lys fram til jula bryt ut når det er på mørkeste. I gamle tider tente dei bål ved vintersolverv. Det er ein livgivende tradisjon har mange tatt opp igjen.

Kan vi ta imot at det er krefter i historia som lovar at politisk mørke til slutt må sleppe taket? Eg er ikkje fatalist. Eg trur ikkje “alt blir bra” berre vi ventar, men eg trur at det vi ser ikkje er nytt. Når vi blir frista til å tenke at vår tids ondskap er verre enn alle andre generasjoner, er det ikkje vanskeleg å finne kor slikt har skjedd før.

Men det gode vart aldri utrydda. Det har vunne fram igjen og igjen. Det skal skal vi kjempe for, og tru at det nytter. Det skal vi halde fast i når vi tenner våre lys, både dei vi har på bordet og dei vi tenner når vi løfter det gode høgt, i ord og gjerning.

Slik vil vi ikkje ha det. Dette kan eg gjera noko med, mens slekt skal følge slekters gang.

Vent. Dag 14

Tredje søndag i advent. Ei lita preken.

Tekstrekka for denne søndagen tek oss med for å møte ein som hadde som livsgjerning å vente. Han var unnfanga ved eit mirakel av gamle foreldre og var innvidd frå fødselen til å vente på han som skulle komme. Her sit han i fengsel og høyrer rykte om slektningen sin og det får han til å sende bud til mesteren: Er det du? Kan vi slutter å vente …eller…??

Resten av tekstrekka er som eit eventyr av alt det gode som blir lovt, alt vi drømme om og lengte etter. Den har med forteljinga om Daniel, den rettferdige, og dei svikefulle, maktsjuke politikarane som vrir rett og galt for bli kunne arrestere ein som ingenting gale har gjort. Vi ser ein Gud som stepper inn og redder på mirakuløst vis.

Desse er vanskelege tekster å halde opp mot ei verd der dei urettferdige vinn fram med fake news og leiarar slepp unna med rå makt der vi trudde vi hadde på plass lov og rett for å stoppe maktmisbruk og brot på menneskeretten.

Kan vi likevel ta i mot dette løftet om det perfekte: Ei verd der vi har snudd utviklinga og regnskog og grønt veks fram igjen der overforbruket har lagd ødemark. Ei verd der vi har ører til og høre og øye til å skille mellom rett og galt. Der vi har lover og verdier så klare at ingen kan så tvil om den hellige vei. Der sjuke får helse, der fryd og glede når dei som no berre kjenner sorg og sukk.

Det stig eit lengselsfullt Ja frå meg når eg les desse tekstene. Slik vil eg ha det. Slik MÅ det bli. Slik er dei verdiane han kom med, Fredsfyrsten. Vi må slutte å vente på ny instruks.

For denne verdens visdom er dårskap i Guds øyne.. står det. og ..  Ingen må narre seg selv! Hvis noen av dere regner seg som vis i denne verden, la ham da bli en dåre, så han kan bli virkelig vis.
La oss lytte og sjå, så vi kan forstå og gå på rett vei i… verden, livet eller døden, det som er nå, eller det som skal komme.

Tekstrekka finner du her.

Vent. Dag 13

Det er ritualer som skaper, og skiller, høgtid frå kvardag. Eit av rituala rundt jula er musikken.

Eg voks opp med ein sterk julesangtradisjon.

Arnt tok kontroll og drilla oss på julesangene i adventstida. Her var det ikkje nok å kunne første verset på Glade Jul og Et barn er født i Betlehem. Fra jord og fjære, No koma Guds englar, Jeg synger julekvad måtte lærast i tillegg til alle dei vanlege, og det med alle vers.

Vi gjekk alltid rundt juletreet før vi åpna gaver. Mamma og pappa kunne alle versa og hadde det ikkje travelt med å bli ferdig. Eg kjenner meg så rik når eg ser tilbake og ser oss, hand i hand rundt det grønne, glitrende treet med julelys, glitter og kuler, der vi nesten snubla over gavene som måtte vente.

Det hadde vore hardt arbeid å komme fram til denne stunda. Mamma hadde koka og brasa og vaska over golvet og vi hadde pynta treet. Vi hadde nytt eit måltid vi alle gledde oss til med ingrfærbrus frå EC Dahl og pappa hadde lese juleevangeliet. Det skjedde i dei dagane at keisar Augustus… Det var julesang til bordvers den dagen.

Det rører ved noko djupt i meg når jeg tek fram igjen desse sangane i adventstida. Mitt hjerte alltid vanker blir alltid ei andaktsstund. Sjøl om det no er blitt tradisjon å syne Deilig er jorden som finale på alle konsertar syng eg det med samme bønn, som ei triumfklæring kvar einast gong. Fred over jorden! Menneske fryd deg!

Dette er gåva gitt oss! Dette er det vi treng!

Fred over jorda!
Slepp han til, denne fredsfyrsten, som har vist oss den bedre vei!

Vent. Dag 12

Vi er halvveis til jul. Det som før var tid for rundtvask og koking og baking for å ha fulle spiskammer og kakebokser er no full jul hos mange.

Eg tok fram julekrybba i dag. Etter ein dag med varme møte med menneske og kalde bad for skrotten var det eit fint punktum. Ein ordlaus påminnelse å la blikket streife over i resten av adventstida.

Vent. Dag 11

Dag 11, dagen som glapp.

The best laid plans of mice and men, often go awry. (John Burns)

Det skjer ikkje så sjelden for meg at ting glepp. Hadde tenkt eg kunne ta igjen ein dag og fortsatt skive for dagen i går. Men dagen blei full, og så det glapp.

Det er at ting glepp er så kjent at jeg har ei plan for det. Mi plan er at det som er viktig å gjer er viktig å gjer om det er forsenka. Det er klart at er eg for sein på bussen går det ikkje an å gjer det ugjort, men eg kan fortsatt dra dit eg skal om det er seint.

Det finns visdom å lene seg på der vi leitar oss fram i livet. Eit vist utsagn eg fann som har vore til hjelp for meg er: Når eg prøver å finne det rette blir resultatet alltid rett. Enten treff eg blink og kan gå vidare med det, eller så får eg ny innsikt og kan bruke det til å justere kursen så eg kjem dit eg vil..om enn litt seinare.

Planer, og prøving og feiling er begge gode venner når vi er barmhjertige mot oss sjølve i prosessen.

Blanke ark og fargestifter, kvar dag.

Vent. Dag 9

Tida er ikkje helt lineær for meg. Eg må ofte sirkle tilbake og fullføre i dag det eg starta i går.
Slik vart det med dag 9.

Eg hadde tenkt å skrive om ignatiansk bønn som kontemplativ praksis. Så kjente eg på at eg visste i grunnen ikkje nok til videreformidle dette på ein truverdig måte og måtte ta tid til å lese meir. Derfor vart ikkje dag 9 ferdig.

Det å måtte ta eit skritt tilbake for å komme framover er også ein måte å vente på. Det betyr ikkje at eg ikkje kan komme dit eg vil, men eg er ikkje klar til det enno. Å ta ting i rett tempo og på ein overkommelig måte gjer at eg kjem lengre enn om eg berre buser fram.

Ein gong for lenge sida da vi var på vei opp mot ein topp på ein typisk norsk bratt sti spurte Bill om vi ikkje bruker switchbacks i Norge. I fjella i California snirkler stiene seg opp fjellsida att og fram brattene. Det gjer stien lengre og kan ta litt meir tid, men det gjer at også den som ikkje er fjellgeit kan komme seg opp.

Å ta ein ekstra runde for å nå eit mål ein ellers måtte gi opp på er aktiv venting som fører fram. To skritt fram, eit tilbake. Eit skritt fram, eit til sida og så fram igjen. Dag 9 på dag 11.

Vent. Dag 10

At ting går sakte betyr ikkje at ingenting skjer. Det som gjev langsiktig resultat kan vekse fram så sakte at det ikke går an å sjå det utan å vente.

Kven kan sjå for seg eller komme på kva potensial det ligg i eit frø, for eksempel. Det ville vere heilt utenkelig om eg aldri hadde sett eit frø spire og manifestere det miraklet som ligg i livskrafta: eit ørlite rusk, ein sky av små flygemaskiner som fyller lufta på våren og gjennom sommaren kan lande og heilt utan hjelp slå rot, og sakte, men sikkert bli eit tre.

Eg er så heldig at eg har stått ved eit 2000 år gammalt tre i California. General Grant. Det gjev perspektiv på at det det finns vekst vi ikke ein gong kunne ha drømt om viss vi aldri hadde sett det. Kva er det i meg som er eit frø eller ein sakte prosess eg treng å tru på og gje tid? Kan det bli noko stort og sterkt om eg no berre verner om den lille spiren eg så vidt ser? Kva er det rundt meg eg treng å verne, ting eg kanskje ikke får nyte godt av, men som eg kan gje til generasjoner etter meg?

Fort og gale er eit gammalt uttrykk, det kan vere godt å tenke på i denne sammenhengen. Ved sida av General Grant står eit infromasjonsskilt om desse Giant Redwood trea. Då dei vart “oppdaga” av europearar for over 100 år sidan hogg dei fleire av desse kjempene. Ein vitskapsmann skal ha “hausta” eit av dei for å finne ut kor gammalt det var. Det var over 5000 år.

Vent. Dag 8

Dette er tida for å skrive ønskelister.
Handelsstanden er ivrig etter å fylle denne lista og gjere ho lang og dyr. For den som skal handle gaver til jul er ei ønskeliste kjærkommen i et tid der ingen treng noko.

Men ei ønskeliste treng ikkje berre vere materialistisk. Vi kjenner alle til historia om mor og far som berre ønsker seg snille barn til jul. Eit ganske uoverkommelig ønske å innfri for vesle Kari og Knut.

Ei ønskeliste kan også vere ein måte å vente på. Det går an å lage ei ønskeliste som sorterer ønsker, lengsler og behov. Denne lista kan bli ei bøn, ei ledesnor for det eg strekker meg etter.

Buddismen har ein praksis dei kaller Metta. Den er ein vakker praksis om å ønske det gode. Eg ser på det som ei bøn og ein lengsel eg held for meg sjølv og andre. Eg varierer den etter det eg treng for dagen, men her er den første og enklaste Metta eg lærte for mange år sidan.

Må eg ha god helse
Må eg finne glede
Må eg vere trygg
Må eg få leve eit enkelt liv

Må du ha god helse
Må du finne glede
Må du vere trygg
Må du få leve eit enkelt liv

Må vi alle ha god helse
Må vi alle finne glede
Må vi alle vere trygg
Må vi alle få leve eit enkelt liv

Slik kan vi vite klarare kva det er vi ventar på, gripe tak i det og gje det vidare.