About

Hadde eg høyrt etter hadde eg kanskje visst at det å skrive var noko eg var god til tidleg. Men, det vart aldri meir enn stilar og eksamensoppgaver den gang då.
Sidan vart livet fullt av andre ting.
Det var først då eg flytta heim til Norge etter 22 år i Massachusetts og vart tidleg-pensjonist at eg fann ut eg ville sette nokre av alle tankane som svirra rundt ned på papir. Eller i eit digitalt publiserbart arkiv.

Godt å få sagt det til nokon, om det så var berre meg sjølv. Det skjer ikkje regelmessig. Av og til skjer det på nynorsk, som var mitt første skriftspråk. Bokmål fell sjølvsagt ofte naturleg sidan den offentlege debatten stort sett er på bokmål og vokabularet eg treng er mest tilgjengelig der.  Og nokre gonger må det bli engelsk. Sidan 1980 har engelsk vore ein dagleg del av livet og dei har mange gode måtar å seia ting på som er greit å bruke når inspirasjonen startar der.

Så her skriv eg slik eg tenker utan “credentials” eller CV som legitimerer at eg har meininger. Om du likar det du les og det gjev meining, var det verdt det. Om du vil diskutere, gjer eg gjerne det, men då helst over ein kopp te.

Sjølv om det er mykje som er gale her i verden og som må seiast i ei tid der urett blir rettferdiggjort  i sjokkerende grad, leitar eg alltid etter det gode i dagane mine. Berre det gode kan vise veg til noko betre. Berre det gode hjelper oss til å fortsette å puste og slåss for at alle alltid skal ha rett til menneskeverd og rettferd og likeverd. Berre det gode gjev oss nåde til å prøve igjen og igjen og igjen.

Håper du finn det gode i dagen, i deg og i den du møter. God reise.

Leave a comment