Tradwives og Happily ever after.

Når livet er slitsomt og verdenspolitikken truer med skyer så svarte at det blir heilt nødvendig å koble ut tanker og følelser for å få kvile litt, er det godt å flykte frå kvardagen med ei god happy ending fortelling. I alle fall for oss kvinner. Bøker og film der helst ei sterk kvinne gjennom tilfeldige treff, motgang og jakt på å finne seg sjølv møter mannen i sitt liv og så blir det bryllupsklokker og lyse horisontar. Vi har heldigvis no òg lært at historia om lykken ved å finne kvarandre gjev oss glede også om det er han som finn han, eller ho som finn ho. Dette at det finns kjærlighet som seirer i motgang og motvind rører ved håps-nerven i oss. Og det treng vi desperat akkurat no.

Og det er ikkje tvil om at 💕A. B. + C. D.💕 = SANT

Det partnerskapet vi finn i nokon som ser oss og som trufast står ved vår side i denne verden gjev lys og styrke til å stå og fortsette, sjølv når det ser mørkt ut. Men ingen har levd i eit partnerskap uten å finne ut at “happily ever after” har både mørke daler og tunge oppoverbakker.

Derfor er myter om kvinneroller og kjønnsroller som presenterer eit glansbilde ikkje egna til politikk eller eit realitetsorientert livssyn, sjølv om det gjev deilig, sanselig avkobling vi sårt treng av og til.

Eg snubla over ein flott artikkel med slik realitetsorientering i dag. Den set lys på farleg retorikk i den kristne politiske debatten som eg er redd er med på å legge grunnlag for å trekke norske kristne veljarar i retning av amerikanske kristenkonservative syn. Skribenten siterer tankesett eg kjenner igjen frå konservative kristne miljø i den tida eg budde i USA. Akkurat tanken eg siterer under, er meir ekstrem en det eg opplevde, men forkynning om underdanighet og usunn disiplin av barn var stuereine og praktiserte syn. I artikkelen siterer Tomassen:
USAs forsvarsminister Pete Hegseth er medlem av et evangelikalt trossamfunn, Communion of Reformed Evangelical Churches, som mener at kvinner skal fratas stemmeretten og i stedet la ektemannen stemme på vegne av familien.
Les det igjen.

Det som kjem hit som ideal frå amerikansk kristendom har alltid vore skjønnvaska til ein viss grad. Eg meiner det har vore med på å skape ein evangelikalsk mytologi som ikkje stemmer med historisk kristendom.

Det er skremmande når KrFU-kvinner drømmer om “Et dukkehjem” der dei kan blir tatt vare på av Prince Charming som passer på henne, og trur at dette er både den tradisjonelle og Gud-gitte kvinnerolla. Det er særleg skremmande når påverkarar som Rod Dreher blir invitert til tankesmia Skaperkraft og seier Trump beskyttar amerikanske kristne mot den farlege venstresida. .. og at Dag-Inge Ulstein er der og lar seg inspirere. Derfor vil eg dele denne flotte og velargumenterte artikkelen.

Jesus dekonstruerte den patriarkalske familien av Merete Thomassen

Ta tid til å lese. Artikkelen er først og fremst om kvinneroller, men dette er også ei realitetsorientering vi treng for å kjenne att løgnene om kva som er historisk sant og korleis bedraget blir brukt. For det er ikkje Trump som beskytter amerikanske kristen mot den farlege venstresida. Det er kyniske krefter som brukar amerikanske kristne for å skaffe seg ukritiske og lojale veljarar som er villige til å tru på myter.

Viss du ikkje får tilgang pga. betalingsmur, gje beskjed så kan eg sende teksten i mail.

Leave a comment