Solverv og lysfester. Dine, mine og våre.
Då eg gjekk på skolen og las om vintersolverv var det vikingtradisjonen vi lærte om. Slik eg husker historia om midtvintersblot er det ikkje ein tradisjon eg er lei for at vi la bak oss. Drikking av hesteblod har mindre apell enn varm gløgg med rosiner og mandler. Men, det var ein hard kamp for å overleve her nord den gongen og det viste seg vel i korleis dei markerte midtvintersnatta. For sjølv om sola snur er vintersolverv berre starten på den kaldaste vinteren. Det var sikkert nyttig å få i seg kraftig næring for å ha litt å gå på i møte med januar og februar.
Eg er glad vi no feirer med lys i mørke: advent, Lucia, jul. Lysfest er òg ein tradisjon eg finn att i andre kulturar. Hanukkah blir feira i denne tida. Kwansa er ein lysfest i enkelte miljø i USA. Eg oppdaga akkurat at perserane har ein fantastisk solsnu-fest. Det gjev meg lyst til å finne ut meir om korleis andre feirer, og sjå etter slektskap og brorskap.
Når eg åpner dørene og legg ned skilleveggene blir kulturforskjeller ein rikdom. Bli med i mine tradisjoner, og ta meg gjerne inn i dine. Kanskje blir det meir av det som er “vårt” og “våre”.