Vent. Dag 20

I natt er den lengste natta i året. På dag 20 går sola ned kl 15:11 og står opp kl 9:18 på dag 21. No er det mørket som som rår.
No har vi den hardaste ria, vi slit med å karre oss frem, syng vi i Nordnorsk julesalme. Mørketida er ein fysisk oppoverbakke for mange av oss, og eg er ei av dei.

No er det mørket som rår er det siste som blir lest i liturgien på Langfredag, før vi alle går stille ut. Alle lys er blåst ut. Musikken er stilna. Mørke er det vi kallar opplevelsen når håpet dør. Langfredag var natta der håpet såg ut til å gå tapt.

Vi kjem ikkje utenom mørket. Det kjem til oss alle. I natt fysisk, i året vårt. Viss vi går stille inn i dette mørket og lytter, kan vi lære, også av mørket? Det å ta imot og lytte til mørket viser oss kanskje ting vi ikkje ville oppdage ellers? Det skjer ting også i mørke natta. Det er då vi ser stjernene.

I natt har mørket overtaket, men etter 25 timar har sola snudd. Det tek tid før lyset har overtaket igjen, men på Lillejulaften er dagen 14 sekund lengre. Ta tak, så dreg lyset deg gjennom, heilt til våren kjem.

Klikk her, så kan du telle sekunda til dei blir minutt og timer.

Foto: Kolbjørn Håseth

Leave a comment