Vent. Dag 9

Tida er ikkje helt lineær for meg. Eg må ofte sirkle tilbake og fullføre i dag det eg starta i går.
Slik vart det med dag 9.

Eg hadde tenkt å skrive om ignatiansk bønn som kontemplativ praksis. Så kjente eg på at eg visste i grunnen ikkje nok til videreformidle dette på ein truverdig måte og måtte ta tid til å lese meir. Derfor vart ikkje dag 9 ferdig.

Det å måtte ta eit skritt tilbake for å komme framover er også ein måte å vente på. Det betyr ikkje at eg ikkje kan komme dit eg vil, men eg er ikkje klar til det enno. Å ta ting i rett tempo og på ein overkommelig måte gjer at eg kjem lengre enn om eg berre buser fram.

Ein gong for lenge sida da vi var på vei opp mot ein topp på ein typisk norsk bratt sti spurte Bill om vi ikkje bruker switchbacks i Norge. I fjella i California snirkler stiene seg opp fjellsida att og fram brattene. Det gjer stien lengre og kan ta litt meir tid, men det gjer at også den som ikkje er fjellgeit kan komme seg opp.

Å ta ein ekstra runde for å nå eit mål ein ellers måtte gi opp på er aktiv venting som fører fram. To skritt fram, eit tilbake. Eit skritt fram, eit til sida og så fram igjen. Dag 9 på dag 11.

Leave a comment