Dette er tida for å skrive ønskelister.
Handelsstanden er ivrig etter å fylle denne lista og gjere ho lang og dyr. For den som skal handle gaver til jul er ei ønskeliste kjærkommen i et tid der ingen treng noko.
Men ei ønskeliste treng ikkje berre vere materialistisk. Vi kjenner alle til historia om mor og far som berre ønsker seg snille barn til jul. Eit ganske uoverkommelig ønske å innfri for vesle Kari og Knut.
Ei ønskeliste kan også vere ein måte å vente på. Det går an å lage ei ønskeliste som sorterer ønsker, lengsler og behov. Denne lista kan bli ei bøn, ei ledesnor for det eg strekker meg etter.
Buddismen har ein praksis dei kaller Metta. Den er ein vakker praksis om å ønske det gode. Eg ser på det som ei bøn og ein lengsel eg held for meg sjølv og andre. Eg varierer den etter det eg treng for dagen, men her er den første og enklaste Metta eg lærte for mange år sidan.
Må eg ha god helse
Må eg finne glede
Må eg vere trygg
Må eg få leve eit enkelt liv
Må du ha god helse
Må du finne glede
Må du vere trygg
Må du få leve eit enkelt liv
Må vi alle ha god helse
Må vi alle finne glede
Må vi alle vere trygg
Må vi alle få leve eit enkelt liv
Slik kan vi vite klarare kva det er vi ventar på, gripe tak i det og gje det vidare.