Vent. Dag 6

Langvarig venting gjer hjertet sjukt, eit oppfylt ønske er eit livsens tre, står det. Ordt. 13:12

Det er slitsomt å vente.
Å leve med det gode berre i ei ukjent framtid i ein tung kvardag, gjev ikkje dei kreftene vi treng for å overleve. Pie in the sky stoppar ikkje romlinga i ein tom mage. Vi treng alle eit livsens tre her og no.

Så korleis leve i håp og lengsel utan å bli sjuk og bitter og desillusjonert av skuffelse? Kvar finn vi eit livsens tre som gjev frukt i rett tid og metter oss når vi treng det mest?

Paulus seier: våre folk må læra å gjera gode gjerningar og hjelpa når det trengst, så livet deira ikkje skal vera utan frukt. Titus 3:12 Kan vi vere den livgjevane frukta for kvarandre? Ikke alle dager, men ein gong eg, ein gong du?

Har du mista håpet i dag? Ser du ein medvandrar som har mista håpet i dag? Å gi og ta imot er eit livsens tre.

Det du gav kan ingen ta ifra deg.
Arnulf Øveland

Leave a comment