Sukkerskål, ei skriveoppgave

Sukkerskål

Vi har nokre få ting i skap og på hyller vi tek med oss frå plass til plass fordi dei har som funksjon å bere med seg arv og tradisjon. Noko frå min, noko frå din. 

Sukkerskåla skal vitne om dine røtter, sjølv om ho ikkje kjem fra barndomsheimen din eller frå besteforeldre. Vi fann ho på ferie der ho var markedsført som tradisjonelt handtverk frå den kulturen du ikkje fekk vokse opp i. No får ho stå på bordet som eit symbol om felles bakgrunn når du serverer te til venner frå der du ville ha vore ein naturleg del av folkeblandinga. Der du kunne ha vore usynleg fordi du passa inn. Der ville musikken du kjenner i sjela som grunntonen i deg vere samstemt med musikken i kulturen. 

Det er ikkje enkelt å fange inn ein kultur som vart strødd for alle vindar av dei som ikkje ville ha røttene planta i eit kontinent langt borte. Dei som, med opprevne røtter, planta seg i ny jord og ville høyre til og gli inn i landskapet der. 

Du har leita og plukka opp bitar lenge, no. I møte med menneske, på reise og i studier av historie og språk har du søkt å vere og verte den dine røtter har gjort deg til. Du har funne band som bind saman på tvers av skillelinjer hos likesinna menneske som deler kultur og vil forsoning og brorskap.  

Det sterkaste bandet er musikken, men ei enkel lita sukkerskål får òg vere ei krukke som ber i seg eit langt liv med lengsel og leit etter røtter, der ho står som eit bindeledd til dei som deler musikk og te-felleskap hos oss. 

One thought on “Sukkerskål, ei skriveoppgave

Leave a comment