Vi hadde vekkerklokka på ring kl 5:45. Vi skal rekke ein båt kl 7:30 og før det må vi få oss frokost og køyre frå hotellet til båten. I natta held eit kor av hunder som ulte mot månen meg med selskap i ei natt der søvnen lot vente på seg. Kroppen kjende på ei uro for å komme seg opp og ut.
Vi skal på båttur for å følge i kjølvannet på Jakob. Legenda fortel at liket hans vart lagt på ei marmorblokk som segla på eigenhand fra det hellige land til Galicia. Det minner meir om eit kapittel i Harry Potter enn historie…men det er ikkje fakta som er poenget på ei legende. Biskop Sunniva har funne mykje åndelig innsikt i Harry Potter og slik kan pilgrimsferda vere őg. Fantastiske historier om mirakler som aldri kunne skjedd kan bære i seg dette ønsket om å vite at Gud er med, også her i det som var den ytterste utkant av dit den gode budskapen kom. På mirakuløst vis kom denne dyrebare relikvien til eit lengtende folk.
«Gud med oss» snakka vi om i går. Kvar utsagnet kom frå. Kven som brukar det no. Korleis det er livsfarlig når ei gruppe tiltek seg å ha Gud på si side. Vi har sett kva hellige krigarar er villige til å rettferdiggjer.
Men det er ein annan måte å sjå «Gud med oss» på. Vi treng alle dette, å ha Gud på vår side.
Om det er noko eg trur på så er det nettopp dette: Gud er med oss. Han er aldri langt borte. Det er i kan vi lever, rører oss og er til.
Men det er eit som er like nødvendig, som mesteren sa. For å sei det med en av dei profetiske stemmene vi høyrer i vår til, Lindis Hurum.
(Gud er med oss) Men: Vi er all Oss. Det finnes ingen «De andre».
Må vi èin dag finne vegen til denne sirkelen der vi ikkje treng å vende rygg eller våpen mot «dei andre».




