Det er ei vandring i tid å gå Caminoen. Deler av stien går langs romervei 14, som no ligg djupare enn landskap rundt. Steinane vart liggande der dei var lagt, mens det som levde på markene rundt voks, blomstra, gav frukt og døydde år etter år og skapte jordsmonn for nytt liv.
Vi går forbi ruiner av romerske akvedukter, som med sterke søyler er stille vitne at det går an å bygge for 2000 år.
Vandring under vinranker, langs steinmurer med små og store steiner møysommelig lagt oppå kvarandre med hender, får meg til å lengte etter ei tid der menneske gjorde det maskinene ikkje greier.
Kva veks og døyr i mitt liv for å gjenoppstå til nytt, for meg eller andre?
Er det byggverk eg kan legge ned som kanskje kan bli ståande etter meg?



