Det var første vandringsdag på pilgrimsvandringen fra Porto til Santiago de Compostela.
Atlanterhavet strakte seg endelaust mot horisonten med evighetsperspektiv. Bølgene slo med kvit sprut mot stranda og inviterte til å la sinnet falle til ro. Mange valgte nettopp det, og gjekk åleine på strandpromenaden gjennom sanddynene.
Eg såg ein plog med fuglar flyge over meg og var for sein til å tenke på at eg kunne ha fotografert dei. Det var ei påminning at det å ta inn og gøyme i hjarte har eigenverdi. Det er lov å ta imot ei velsigning som berre har meg som publikum.
Vi gjekk forbi ei steinrøys der folk har stabla steinar og huska på at dette er òg ein av tankane i pilgrimsvandring: Å bære med seg byrder for å legge dei frå seg hos ein som har ansvaret for alt det som ligg utanfor mi makt å forandre: God grant me the serenity to..
Eg plukka opp ein rund fin stein som det kjendes godt å legge handa rundt. Tenkte på ein kjær er ber med meg der eg går. Eg tenkte kanskje eg kan ta med fleire, ein for kvar av dei eg vil legge i Guds hender. Så tok eg med nokre til.
Eg kom på ein situasjon som tynger og plager meg fordi eg lite og ingenting kan gjera for å fikse alt. Eg tok ein liten stein for det og, Den bar eg med meg til neste steinrøys og la han frå meg ..the things I can not change..
Menneska vil eg bere med meg lengre. Dei er ikkje bekymringar. Det er godt å bære på kjærleiksbyrda for dei.
Livets solskinn og livets glede, gid jeg kunne den alltid sprede, over hele din fremtids vei..
Eg skal legge dei òg ned på ei steinrøys, hos han som bryr seg meir enn meg, men det er godt å ta rundt og kjenne på desse fine steinane og bere dei i lag med han.
Denne stien lar meg gå både i indre og yte landskap. Det blir jo eit partnerskap vi skal ha så lenge eg lever dette å elske og ønske godt. Men det trøster meg å ta opp ein vakker stein å kjenne på, og så legge den ned.
