Eg er tilbake til min åleinemorgon. Til å sitte stille med berre susen av rommet. Eit par LED lys minner om ro, om å leve sakte. Det er eit alderdomsprivilegium for meg dette å leve meir kontemplativt. Det gir meg tid til å tenke. Eg er tilbake frå reise med mange inntrykk og gode samtaler.
På radioen i dag var det diskusjon om ein rapport som viser at unge akademikarar har lite evne til å lese akademiske tekster. I ein samtale på flyplassen i går kom eg i prat om abort og den rolla det har hatt i politikken og korleis det slår ut for dei det gjeld. Begge deler får meg til å tenke på korleis vi nærmer oss kunnskap og innsikt, og kva det gjer med oss som samfunn og menneske.
Eg er redd for at vi har lagd oss ein ny måte å utveksle informasjon og syn på, der vi berre snakkar med utestemme. Ting blir sagt i korte fraser med stor skrift som det er lettvint å tilegne seg og lett å komme med motsvar til, igjen med korte fraser og stor skrift. Det er samme metode vi brukar overfor natur og samfunnsbygging: alt blir gjort med gravemaskin, bulldoser og tungt maskineri. Men både natur og verdier er komplekse system som krev evne til å observere og vurdere, til å tenke djupt og sakte, til å detaljvurdere før vi handlar.
Som siste opplevelse på pilgrimsreisa mi på veg frå Santiago var eg i går på omvising på Monasterio de El Escorial. Eit enormt slott, kloster og katedral frå 1500 tallet. Det som gjorde mest inntrykk var biblioteket. Der hadde kong Filip II samla alle kjente bøker i hans verden, greske, arabiske, latinske.. Tak og vegger var smykka med maleri som hylla kunnskap og tenking av alle slag. Dialektikk og retorikk var grunnleggende i eit verdenssyn der det å søke stadig ny kunnskap sto i sentrum.

Biblioteket 
Da bøker var kunst 
Noter? 
Kunnskap og religion med felles sak
Kor er det blitt av dette akademiske sinnelaget der all kunnskap er viktig? Korleis kan vi finne igjen evnen til å ha komplekse tanker om komplekse saker, som for eksempel abort? Korleis kan vi igjen bli renessansemenneske som er informerte og kunnskapsrike om meir enn eget felt slik at vi kan sjå sammenhenger mellom medisin, filosofi, matematikk og kunst? Korleis kan vi leve og bygge med forståelse for at jorda vi bur på er levande, at det vi gjer kan ha irreversible konsekvensar og at noko er bedre gjort i liten skala?
Eg vi gjerne snakke med deg med innestemme. Eg vil gjerne lytte til det du har tenkt. Eg treng å ta tid til å tenke over det du meiner før eg kjem til ein konklusjon, og helst snakke med mange andre òg.
I all vår makt og utrustning er ingen av oss uavhengige andre sin styrke, av det andre ser og veit. Kollektiv kunnskap og felles beste er lampa som viser oss vegen, fortsatt. Og vi er langt frå framme.











