Heile og halve sannheter

Det er valgkamp.
I går sto dei på rekke og rad på Storo og ville snakke med meg, eller i alle fall stikke eit papir i handa mi som eg kunne kaste i resirkuleringa heime. Sannsynligvis landa ein del i restavfallet på Storo, ulest.

Valgkamp er ei tid for halve sannheter med snert. Vi får servert eit problem på gaffel og løysing på ei teskei. “Ingen slagord, berre…” seier Høgre. Der har vi bedraget med ein gong. Kva er eit slagord, om ikkje ei kort setning som blir gjentatt igjen og igjen for å slå gjennom med eit budskap?

Vi hadde ein samtale om valgkamp og politikerspråk med Timo denne veka. Han observerte: “De sier at nå skal vi få en skole der vi leser, skriver og regner. Hva er det de tror vi gjør på skolen, egentlig?” Det er tydelig at han har både lest, skreve og rekna i dei fire åra han har vore på skolen, og han lurer på kva skole politikerene har vore på der dei ikkje gjør dette. Han har tydeligvis også lært kritisk tenking, noko politikarane med sine slagord håper vi ikkje brukar for mykje av.

Ei halvsannhet som blir gjentatt har også ei halv løgn i seg. Det er i den halve løgna vi må leite etter kva som eigentleg er politikken. Eg høyrer på 1984 på lydbok for tida. Der er det mykje som kan brukast til å sjekke kva ei halv sannhet skjuler.

Her er to sitat frå 1984 som kan gje perspektiv:
“Den som kontrollerer fortiden, kontrollerer fremtiden. Den som kontrollerer nåtiden, kontrollerer fortiden.”
“Krig er fred, Frihet er slaveri, Uvitenhet er styrke.”

Politikarane vil fylle dei korte formidlingsmedia vi er fanga i i dag med slagord på replay: Tik-tok gir 1 minutt.. 31 tall med mellomrom før den store skrifta blir borte på facebook..

Enda har vi kritisk journalistikk og detaljerte analyser. Hjernen likar slikt hvis vi gjev oss lov og tid til det. Der står kampen for både framtid og fortid. Les 1984 igjen.

Leave a comment