når det er tid for innhausting..

Dagens tekst i tekstrekka for folkekirka er fortellinga om såmannen. Himmelriket er likna med ein mann som sådde godt korn i åkeren sin, men om natta kom ein fiende og sådde ugras. Då frøa spira kom bade kornet og ugraset opp og gardsarbeidarane ville luke. Såmannen sa nei. Vent og lat alt vokse opp, var instruksen. Å luke for tidlig kan føre til at de lukar bort både korn og ugras. Lat plantene vokse til hausten. Då er det lett å sjå forskjell på ugras og godt korn.

Tradisjonelt er dette ei forteljing om skillet mellom gode og onde menneske: The good guys and the bad guys, dei som blir frelst og skal til himmelen og dei som skal brennast. Men livet har lært meg at skille mellom godt og ondt ikkje går mellom the good guys and the bad guys. Det går gjennom kvar einaste menneskesjel.

Ingen har rett til å stjele, myrde og ødelegge. Ingen har rette til å sette seg sjølv høgare eller påberope seg større menneskeverd enn den minste imellom oss. Dette er verdiar forankra i urikkelige prinsipp som naturlege eksisterer i kjelda for kjærleik og sanning.

Eg trur på rett og gale, på reddferd og dom, lover og konsekvensar. Her og no, oss menneske imellom. Den som ser urett har plikt til å stå på den svake si side. Lovverket må ta ansvar for å sette opp tydelege skille mellom rett og gale, med konsekvensar som beskytter oss og gjev oss retning. Straff og konsekvensar må ha i seg håp om at den som har gjort gale ein gong kan starte på nytt.

Men, så er det all den uretten som aldri kjem til domstolar, som til og med blir belønna av korrupte menneske som har gitt slepp på viljen til å gjera godt. Kva med dei? dei som valdtek bak lukka dører eller drep og øydelegg med så stor overmakt at vi står med tomme hender og eit skrik mot himmelen, kva med dei?

Eg har for lenge sidan tatt eit valg om å la den endelege løysinga på rettferd og straff, etterpå, ligge i høgare hender enn mine. Eg vil ikkje tie om uretten. Eg vil gjera det eg kan i det daglege, men resten må eg gje slepp på.

Så korleis kan eg då lese om såmannen som sår godt korn og fienden som sår ugras og at det ein dag skal bli eit oppgjer? Kan eg sjå om denne åkeren har relevans i mitt eige liv?

Eg tenkjer at i min åker var tanken å så godt korn. Eg kom in i tida som eit frø med stort potensiale og eg gjenkjenner etter eit langt liv talent og styrke som ved å dyrkast fram blir produktive og livgjevande. Eg har ikkje alltid vore flink til å gjødsle og nære desse talenta. Det kunne nok ha vore mange fleire aks som bar 100 fold enn det som vil bli funne ved innhaustinga. Om det blir mest aks med 30 fold får det bli som det blei. Det har vokse mykje ugras i åkeren min. Det var vanskeleg å skille ut kva som var kva. Så har dei vokse opp side ved side, dei sidene av meg som drog meg mot det gode og dei sidene som spente beina under meg. Litt etter litt ser eg tydelegare kva som er kva, men for meg har det vore godt dette: å få leve under ein barmhjertig såmann som ikkje hadde hast med å luke i livet mitt. Det er eit prinsipp i tilværelsen, at det er ei tid som er rett.

Når studenten er klar kjem mesteren, sa Lao Tze. Så må eg leve, då, med å la styrkene mine vokse seg så sterke dei kan midt i ugrasåkeren. Litt etter litt ser eg klarere kva desse sterke sidene er. Og på vegen ser eg at det til og med er ting eg har sett på som skadevekster som har vore til nytte for meg. Mesteren vil til sist luke bort det som ikkje er av det gode. Om det er å kle av dette jordiske slik at det “himmelske” står att, får vise seg når det er tid for innhausting. Det eg er sikker på er at det som står att og det som veks seg vakkert og godt i livet mitt her og no, kjem frå kjelda for kjærleik og sanning som naturlege eksisterer og er.

Fork. 3: 1 Alt har si tid,
det er ei tid for alt
som hender under himmelen:
2 ei tid for å fødast, ei tid for å døy,
ei tid for å planta, ei tid for å riva opp,
3 ei tid for å drepa, ei tid for å lækja,
ei tid for å riva ned, ei tid for å byggja,
4 ei tid for å gråta, ei tid for å le,
ei tid for å sørgja, ei tid for å dansa,
5 ei tid for å kasta stein, ei tid for å samla steinar,
ei tid for å ta i famn, ei tid for å la famntak vera,
6 ei tid for å leita, ei tid for å mista,
ei tid for å gøyma, ei tid for å kasta,
7 ei tid for å riva sund, ei tid for å sy i hop,
ei tid for å teia, ei tid for å tala,
8 ei tid for å elska, ei tid for å hata,
ei tid for krig og ei tid for fred.

Leave a comment