Fredrik mus og Maria

Det var noko som appellerte til meg då eg las om Fredrik. Han satt og såg på mens alle dei andre markmusene pilte rundt og samla opp kveitekorn og frø for å gøyme til vinteren. Heile sommaren satt han der: tok inn varme og lys og pulsen av alt som levde. Mens dei andre musene lagra mat, lagra Fredrik ord. Kanskje ord som solstråle, sommervind, silkestrå, blåklokke, full mage, blåbær? Med desse orda fekk Fredrik varme dei andre musene då vinteren kom og det vart skrint i kornlageret. Orda minte dei all på at berre dei klarte seg gjennom dei siste svoltne, kalde dagane ville jorda igjen bli varm, ville sola lokke fram knopper og strå, og alle ville blir mette og glade igjen. Kanskje håpet kan halde liv i ei mus òg? Vi veit at dei som gir opp og legg seg i snøen omkjem.

Eg har alltid samla på ord. I ungdommen las eg Fremmedordboka og fann uttrykk som Gno Ti Sauton og Carpe Diem. I går fann eg eit gammalt lager eg hadde lagt til side for ein mannsalder sidan: ei skrivebok med dikt og andre fine ord eg hadde skreve ned då eg gjekk på gymnaset. Det var artig å møte meg sjølv i døra i dei dikta eg hadde spart på. Eg kjenner meg sjølv igjen. Det var i grunnen godt.

Eg har ikkje vore like flink som Fredrik til å vere tankearbeidar, der han satt på ein stein og samla inntrykk og tankar. Eg har pila travelt rundt og lagt mange mil bak meg gjennom livet i jag etter God knows what. Kunne eg ha gjort betre nytte for meg ved å ta meir tid til å samle på ord og tankar? Kva slags verdi har det å lytte og reflektere? Ein gong var filosofene mellom dei viktigaste tankearbeidarane.

Ei anna forteljing kjem for meg når eg tenker på Fredrik. Ei forteljing om to søstre. Den eine møter vi i travelt kav for å få mat på bordet til ein flokk som stakk innom. Med sjølvsagt gjestfrihet tok ho imot denne kjære vennen og følget hans. Dei var minst 13, men eg reknar med det var fleire enn dei 12 som var med. Det var mange som følgde etter for å plukke opp visdomsord og meining der mesteren gjekk. Marta såg at dei trong både mat og drikke, og ho kunne dette å svinge seg rundt og dele generøst av det ho hadde i huset. Blei det ei stor gryte med linsesuppe, skal tru?

Men Maria berre satte seg ned som om ho og var gjest. Ho hadde kanskje ein hunger som var viktigare enn mat? Mesteren sa Maria hadde vald den gode delen og i ettertid kan vi kanskje forstå at det var sant. Ein full mage vert alltid tom igjen. Om maten må vente litt lengre har lite å seia. Men visdommen, håpet og innsikten som gjev lys over meininga med livet er ikkje lett å finne. Når ein har ei slik kjelde å drikke frå må alt anna leggast til side. Det som vart sagt i den vesle stua var slike ord ein måtte gøyme i hjarte og grunne på. Dei var ord som kan bli til ei kjelde med “levande vatn” som piplar fram resten av livet og gjev styrke og håp.

Mat må til, sjølvsagt. Ingen kan gå på vinteren utan eit lite lager med korn og frø gøymt under ein stein. Men kor mykje treng vi? Kan nok vere nok?

Den gode delen, den mesteren snakka om, er av eit slag som ikkje kan takast ifrå oss. Må vi søke og finne den.