i dei dagane..

Det var ein gong, heiter det i eventyra.
Det skjedde i dei dagane, heiter det i orda som heilt fra barndommen inviterte meg til å sleppe taket på maset og kvardagen og gå inn i den heilage jula.
Dette er orda pappa las då vi hadde satt oss til julemiddagen. Treet var pynta. Golvet var vaska og kanskje heile huset “rund-vaska” i løpet av adventstida. Det var heimelaga sylte og leverpostei og rull i kjøleskapet og mange småkaker i kakeboksene. Kyrkjeklokkene hadde ringt jula inn. Det var tid for å opne hjerte og sinn og lytte til den forundelege historia om ei glede som skulle timast alt folket.. i dag er det fødd dykk ein frelsar…

Då eg las dagens bibelord på bibel.no står det òg om ein dag: Ein dag som skal komme: den dagen. Då skal ulven bu saman med lammet…barnet strekkja handa ut mot ormebolet… Ingen skal skada eller øydeleggja noko for landet er fylt av kjennskap til Herren. Det er adventstid og vi ventar på han som skal komme med lyset, med frelsen, med freden.

Kva gjer vi med dette løftet om ein dag i lyset av at vi no skal feire i dei dagane? Kom han, Fredsfyrsten? Gud med oss? Kvar vart han av, denne frelsaren som skulle komme med eit gledesbod for alt folket?

I dag, som i dei dagane, høyrer vi skrik og høglytt gråt i “Rama“, “Rakel” som gret over sine barn som ikkje er meir. I dag flykter medmenneske frå tyranner som drep for å halde på makta, slik barnet måtte, berre dagar etter englane slutta å synge om Fred på jord.

Slik har menneskehistoria vore kvar einaste dag, både før og etter dei dagane. Korleis kan vi fortsatt tru at det finns ein dag, at den tida kjem der vi tørkar tårene, legg ned våpena og gjer godt, kvar mot sin nabo, i lyset av ein kjærleik som er sterkare enn døden, under Fredsfyrsten?

Eg har ingen teologi eller visjoner om kva som skjer til sist. Eg vil ikkje teikna på min måte bilde av løva og lammet, sverda som vart plog-jarn, tårene og sjukdommane og lidinga som ikkje er meir. Det er gjort. Vakkert. Lengselsfullt. … og med ein gjenklang som berre juleevangeliet kan uttrykke: Gud med oss, fredsfyrsten, ei glede for heile folket. Eit uskyldig lite barn, avvist og bortvist til ein fjøs for å bli fødd; i eit hjørne av verda, midt i den mørkeste natta; funnen av vismenn, åndelige søkarar; snubla over av gjeterar, ør av openberringar av englar og lys og sang; ei forundra mor som lyttar og gøymer alt i hjatet for å grunne på det.

Kom han ikkje? Kvar vart freden av?

Eg trur han kom. Eg trur han hadde med freden og at vi har fått lyset. Det ser ikkje ut slik vi tenkte oss, med løver og lam.

Ikkje enno, i alle fall. Kanskje det kjem? Tenk om!!

Men freden og lyset er her. Vi ser og kjenner igjen, denne Gud med oss, i oss: Dette som vil fred, som vil rettferd, som vil alt det gode. Det er der, i tornekratt og ruiner, i heim og på gater, til og med i stråleglans og høgtid.

Eg har ikkje svaret på alt det onde. Det er for stort for meg. Bortsett fra dette ufråvikelege faktum: når lyset og mørket møtes er det mørket som må vike.

Så eg vil tenne tusen julelys og synge Deilig er jorden og la mitt hjerte vanke i Jesu føderom og full av lengsel sukke:

Kom! Du, Gud hos oss, i oss, gjennom oss. Her er ei fremmed bolig. Bli.

Hvis du vil meditere videre med meg i jula, her er heile teksten.

1Mitt hjerte alltid vanker / i Jesu føderom,
dit samles mine tanker / i deres hovedsum. 
Der er min lengsel hjemme, / der har min tro sin skatt; 
jeg kan deg aldri glemme, / velsignet julenatt.

2Du mørke stall skal være / mitt hjertes frydeslott. 
Der kan jeg daglig lære / å glemme verdens spott. 
Der kan jeg best besinne / hvori min ros består.
Når Jesu krybbes minne, / meg rett til hjerte går.

3Hvi skulle herresale / ei for deg pyntet stå? 
Du hadde å befale / alt hva du pekte på. 
Hvi lot du deg ei svøpe / i lyset som et bånd, 
og jordens konger løpe / at kysse på din hånd?

4Hvi lot du ei utspenne / en himmel til ditt telt, 
og stjernefakler brenne, / o store himmelhelt? 
Hvi lot seg ei til syne / en mektig englevakt, 
som deg i silkedyne / så prektig burde lagt?

5En spurv har dog sitt rede / og sikre hvilebo.
En svale må ei bede / om nattely og ro. 
En løve vet sin hule / hvor den kan hvile få – 
skal da min Gud seg skjule / i andres stall og strå?

6Akk, kom, jeg vil opplukke / mitt hjerte, sjel og sinn, 
med tusen lengselssukke: / Kom, Jesus, dog her inn! 
Det er ei fremmed bolig, / du har den selv jo kjøpt. 
Så skal du blive trolig / uti mitt hjerte svøpt.

7Jeg vil med palmegrene / ditt hvilested bestrø.
For deg, for deg alene / jeg leve vil og dø. 
Kom, la min sjel dog finne / sin rette frydestund,
at du er født her inne, / i hjertets dype grunn!

Leave a comment