Eg går trapper.
Det starta med at vi hadde vaskemaskin i kjelleren og soverom på loftet i 9 Pleasant st. Då tok eg eit valg om å sjå på trapper som gratis trening og slik blei umaken borte. No går eg ei lang trapp opp fra Frysjaveien eit par gonger om dagen. Det kan også bli 6 etasjer til legekontoret og 5 etasjer til terrassen på taket av og til.
Når eg har valget mellom heis og trapp tek eg trappa. Ofte er det raskare og i alle fall meir gjevande. Eg slepp å vente, både på at heisen skal komme og at den skal somle seg opp eller ned. Trapper er ofte vakre. Av og til blir eg belønna med utsikt. Og om trappa er meir enn to etasjer, får eg auka pulsen. 20 sekund kvar dag skal hjelpe, har eg høyrt.
Foreløpig ser eg på trapper som ei gåve. I ein alder av 70 år er godt å kjenne at pusten og beina held. Heisen får vente til kroppen treng den hjelpa. Det skjer fort nok.
Finn deg ei trapp, du og.
