Vårt Land hadde presentasjon av dei nye bispekandidatene for Oslo bispedømme denne veka. Ei av dei er prost i Bærum og ho var presentert med henvisning til ein artikkel ho hadde skreve i februar om det som kjem “etterpå”. Ho snakka om denne teologien som har fulgt kyrkja, at det er to utganger på livet . Ho meiner den dreg bort fra det som er kjernen i bodskapen.
Slikt får meg til å tenke.
Ein ting er klart: Det er berre ein inngang til denne gåva eg sit her i: til livet.
Hit kom vi alle på samme måte: ved unnfangelse og fødsel. Frå ein mikroskopisk start på rundt 0.1 mm, voks vi fram usynlige før vi trengte oss ut i lyset og menneskeheten.
Det er også berre ein utgang fra denne gåva: det er døden. Det er det einaste vi alle veit heilt sikkert: ein dag skal vi dø. Det er ingen veg utanom.
Sjølv om det berre er ein måte å få dette livet på, er det mange måtar vi mister det på. Tid og måte veit vi ikkje før dagen er der. Enkelte har varsel om at no kjem det snart, andre er borte i eit lynnedslag. Det er dei som “tek eit valg” på når dei reiser herifrå, om det kan kallast eit valg, å ikkje orke leve lenger. Eg er takknemlig at eg aldri har kjent smerten som er så stor at eg ikke har sett håp for morgondagen.
Før mitt liv ser eg generasjonar av andre liv.
Så var det dette med: etterpå. Det er her mange gjerne vil ha to utgangar: lønn eller straff, karma, evig lykke eller evig liding, himmel eller helvete.
Eg må først snakke om det som er “mellom”, det som er og som vi veit og alle har no: Livet.
Her står vi igjen og igjen ansikt til ansikt med denne dualiteten : det gode og det vonde. Mange, både teologer og andre, seier at helvetet, det har vi no.
Det kan eg vere einig i. Det er sjukdommar som er smertefulle, med liding utan ende. Det skjer utenkelige overgrep i nære relasjoner overalt der det er menneske. Vi som orkar å følge med og ser det som skjer i Gaza, treng ikkje meir illustrasjon på korleis eit helvete på jord ser ut.
Både historia og notida for menneska er full av helvete på jord.
Litt himmel er det òg. Eg håper dei fleste av oss har opplevd dette i alle fall litt: det å kjenne på ein fred og ei glede på innsida som ikkje har noko vondt i seg.
Det er dei gongene vi møter kjærleiken, slik kjærleiken rører ved oss i dagane våre: Ein kjær parter, ein omsorgsfull venn, ein framand som viser oss varme heilt for ingenting, eit sovande spedbarn i armane: uskyld, tillit, ro, trygghet. “Hør hvor det stormer der ute. Her er det fredfullt og tyst”. I desse små stundene kan vi få glimt av himmel hvis vi stopper opp og tek det inn.
Men det vi opplever her i livet får meg til å stille spørsmål ved tanken om to alternativ etterpå. Denne tanken at det er nokon som “fortener” å gå vidare til lykke, fred, nirvana, mens andre “fortener” å bli kasta ut i ei liding som ikkje tek slutt.
I helvetet skal dei onde vere: overgriparane, egositane, torturistane, maktmisbrukarane, sadistane, dei som aldri fekk nok og proppa i seg mens naboen svalt. Dei som stal, myrda og ødela her i denne verda.
Når vi ser på helveta som finns no i tida, er det ikkje slik. Dei som lever i helvete er for det meste dei uskuldige. Og ofte ser vi at midt i helvetet finn dei som lir vegen til ein “himmel”: omsorg, kjærleik, håp, til og med glede.
Barna og familiene i Gaza har, tross tiår med bombardering og innesperring, skrapa sammen liv og framtid for seg og sine, har planta tre, utdanna seg til legar og ingeniører, skreve poesi, spela fotball, dansa breakdans og dapke i gatene og sendt drager opp i lufta på stranda.
Liknande har eg òg sett hos dei som lir i sjukdom: dei har tross smerter funne både krefter og glede midt i det vonde, til og med interesse og omsorg for andre.
På den andre sida ser vi ugjerningsmennene som samlar seg velstand, luksus, tilbeding og makt ved å spre hat og frykt, ødelegging og død. Dei legg under seg det som ikke var deira, undertrykker, skadar og lyg, tilsynelatande utan indre uro og skyld. Bibelen skriv mykje om dette, og spør kvifor det går dei onde vel. Her er det tanken om at dei skal straffast ein gong som gjev trøyst til dei som er behandla urettferdig.
Så er spørsmålet: kan det gje “ein himmel” for dei som lei, at overgriparane blir torturert? Er ikkje hevn og hat og skadefryd sjølve grunntonane i “helvetet”? Kan eg ikkje tenke at når Netanyahu spreier frykt og hat til “sine eigne” og gjer “umenneske” av “sin nabo” så er det helvetet han lever i? Når han ser på kvinner og barn som blir lemlesta, sveltefora og fråtekne heimene sine, når han sanksjonerer seksuell vold og tortur fra soldatane og underlegg seg de andre har bygd opp gjennom generasjonar og kallar det sin rett, er han ikkje full av den gifta han spreier rundt seg? Er ikke hans indre eit sant Dantes inferno?
Eg er glad eg ikkje treng å vite kva som skjer “etterpå” med slike som Putin, Netanyahu, Hitler og Pol Pot.
og, Eg er glad “himmelen” ikkje er for dei som har “fortent det”.
Det er godt å lese prosten fra Bærum som forklarar at kjernen i bodskapen er ikkje at vi får som fortent, men at det finns ein ufortjent veg til “himmelen” for alle.
Korleis det ser ut “etterpå” er ikkje viktig. Det er no eg lever. Eg treng og ønsker å finne glimt av himmelen i livet, her eg er.
Mesteren sa: Guds rike er inni oss. Derfor kan dei som lir i sjukdom og krig og undertrykking finne glimt av himmelen. Derfor kan helvetet koke og øydelegge inni og utifrå dei som har makt og overflod og helse.
Sjølvsagt skal vi kjempe mot det onde. Sjølvsagt skal vi sette ord på ugjerninger og halde gjerningsmennene ansvarlege. Sjølvsagt skal all urett straffast. Ingen står over rett og galt og kan påberope seg rett til å “stele og myrde og ødelegge” i “guds navn”. Sjølvsagt skal vi slåss for rettferd: verne enker og farlause, gje mat til dei som svelt, bygge hus for dei heimlause og verne om folk sin rett til å bu trygt i eigen heim. #deterikkekontroversielt at det alltid, alltid, alltid er galt å drepe barn….. og alt det andre vi tar for gitt, vi som lever trygt, her.
Vegvalget står vi i kvar gong vi møter det gode og det vonde. Det er ikkje ei rett linje for nokon av oss og alle har vi svin på skogen. Det er porter vi må velge mellom, heile tida.
Når den siste porten kjem, og han kjem for oss alle, er det godt å tenke og håpe at der er det barmhjertighet å finne. Barmhjertigheten er himmelens vesen på samme måte som ubarmhjertigheten er helvetets natur.
Barmhjertigheten kan vi ta imot og gi videre, her og nå.
Mitt rike er ikke av denne verden, sa mesteren.
Mitt rike er inni dere, sa han.
Forstå det den som kan.
« Som når et barn kommer hjem og kvelden,
og møter en vennlig favn,
slik var det for meg å komme til Gud,
jeg kjente at der hørte jeg hjemme.
Det var en plass i Guds store rom,
en plass som ventet der på meg.
Og jeg kjente: Her er jeg hjemme,
Jeg fikk være et barn i Guds hjem.»
Skrevet av Göte Strandsjö
Varm takk, Hildegunn! Dette var klar og klok tale om livet fra fødsel til død, om himmel og helvete midt i dette livet. Simpelthen et viktig lærestykke. Takk igjen! Hilsen Synnøve
Sendt fra min iPhone
LikeLike
Takk for tilbakemelding , Synnøve. Det varmer!
LikeLike