70 er støvets år, står det i skrifta. 80 hvis det er stor kraft.
Eg er heldig som står ved inngangen til eit nytt 10år med stor kraft.

Eg har alt eg treng og meir:
Ein god og vakker plass å bu. Menneske å vere glad i. Oppgaver som engasjerer og gjev meg meir enn nok eg skulle ha gjort om eg kunne fått plass til det i tida mi.
Innsikt og visdom som gjev meg glede og hjelp.
Eg har valgt å ta sjansen på å leve med tru på at ubetinga kjærleik alltid følger meg og kan bera meg og er der til å gje vidare. Eg har valgt å leve med tru på lyset, på det gode… sjølv i ei tid der skyene på den politiske himmelen er svarte og truande og eg og mange spør igjen og igjen: korleis kan dette få fortsette?

70 er støvets år, står det i skrifta. 80 hvis det er stor kraft.
Eg er heldig som står ved inngangen til eit nytt 10år med stor kraft. Om den varar til 80 eller meir har eg ingen garanti for. Men framtida kan ingen leve i. Eg kan berre leve no.
Derfor takkar eg for ein ny dag i dag..eg takkar for blanke ark og fargestifter til ved inngangen til 70… og Alf Prøysen som er der i kveld og dagen etter om eg treng det.
..og Rumi og all “wisdom from the dawn of time” der eg finne han på vegen.
