
Eg var oppe og ute tidleg i går og tok eit morgenbad for å riste av meg ei natt med dårlig søvn og tunge morgontankar. Ein prest som var heilårsbadar hadde sagt det er ein effektiv måte å slå ned depresjon på.
Elva låg stille og blank som roa sjølv. Det var litt kaldt, men sommarkaldt på 16 grader er ikkje noko problem etter ein vinter med dukkerter nær nullpunktet. 50 svømmetak og to dukkerter gjorde jobben. Det klarna i toppen, kroppen vakna og dagen låg lysare framfor meg. Ein ekstra bonus var ein hyggelig prat med ein annan morgon badar som kom syklende i badebukse og slåbrok. Han badar heile året. Minst 4 dager i veka fra mars til november og litt mindre når det er is på elva så han må dra til sjøen.
Eg kom att til elva på ettermiddag. Hadde jobba på parsellen og var svett. Elva leverte igjen. Denne gangen låg ho glitrende i sola, men fordi veret er ustabilt var det ingen andre som bada.. det vil seie ingen folk. Det satt ei gruppe og åt ved piknikbordet og ein mann på benken som såg på ein flokk ender som svømte med søte, små andunger. Vi har hatt fleire ender som har lukkast med ruginga i år og i går hadde dei samla seg i kroken av elva der dei fekk dere fred. Minst to familier, kanskje tre. Har sett ei and med 8 nyklekte små tidleg i juni. No er dei store nok til at eg trur dei overlever.
Borsett frå dei var det berre meg i vatnet. Ei gåve på ein soldag ved ein travel badeplass.
Gjekk heim langs elva etter ein sliten dag. Det var litt skymt med småregn i lufta. Så eg fekk ha elva for meg sjølv igjen. Berre lyden av elva er nok til vaske bort tankespinn og stress. Den stille susen der ho renn fort og flat, eller bruset av fossen. Dei har begge sin medisinske funksjon når eg opnar sansane, går sakte, stoppar og lyttar. Her er det store krefter som rører seg, både i det stille og det støyande.
Eg snuser inn denne milde lukta av reint vatn som ligg rett over overflata. Har du kjent den? Prøv neste gong du badar. Verdens beste inhalator.
Ein dag med elva.
Levande vatn.
Livgjevande vatn.
Eg takkar deg audmjukt der du ligg, blank og stille når eg kjem att til neste tidlege morgontreff.
