Då eg flytta heim frå Massachusetts tok eg med meg tradisjonen med å feire høsttakkefest. Thanksgiving er eit av dei beste måltida i året og det var kjekt å endeleg kunne samle storfamilien til å dele kalkunen med, etter så mange år i utlendighet.
Men når det kjem til årstider er det ikkje høsten som inspirerer meg til fest.
Det er våren.
Når lyset kjem att, slik at eg ikkje lenger rekk å vakne før soloppgangen. Når dei første blomstrane, den første linerla, grønt i buskane og sakte også på trea vekker naturen til nytt liv, då vaknar også sansane mine. Då vil eg ha takkefest.
Eg vil takke livet. Denne forskjellen mellom å vita at alt rundt meg eigentleg lever, og det å sjå det er sant, fyller meg med glede og takknemlighet kvart einast år.
Takk, lyset! Takk, blåmeisen! Takk, krokus og hestehov! Takk, fuglesang og elvebulder!
Takk, alle de som lever og veks og finn partnarar og lagar fugleungar, rådyrkalvar og frø! Takk at eg får gå her og vere en del og kjenne at sevjen også i mi sjel stig i møte med sola og får meg til å synge.
No er det tid for vårtakkefest nokre hektiske veker før sommaren kjem.
