Å gjenoppfinne hjulet.

Eg sit i mitt stille rom og tenker gamle tankar. Nokre har eg lånt frå andre, ord for ord. Andre er tankar så kvardagslege og allmenne at dei flyt frå sinn til sinn og lagar eit spindelvev, ein “konglevev” av felles perspektiv. Ingen veit kor visdommen kom frå eller når vi først tenkte slik.

Oppå og rundt desse konsepta, kjem mitt eige tankespinn.

Dette kallar eg meditasjon. Kvar dag startar eg dagen med å ta inn visdom slik eg finn det i skrifter, gamle og nye. Eg tygg på det, puster det inn og kjenner etter kor det gjev gjenklang i meg, så eg kan starte på denne prosessen: “å gjenoppfinne hjulet”.

Tanken min er at “det er ingenting nytt under sola” når det kjem til visdom. Når eg møter ein ide som fører til ein “soloppgang i mitt indre” er det ikkje fordi eg har funne ei sanning ingen har tenkt på før. Generasjonar før meg har tenkt denne tanken. Medvandrarar i denne tida har tenkt denne tanken: på fjelltopper og kontor, i sjukesenger og på konsertar. Men no var det min tur til å gjenoppdage dette. Eg hadde ikkje greid å heilt få tak i denne innsikten før i dag, i går, for to år sidan, eller når det no var eg først fann ut at:

Det enkle er ofte det beste. Gjør det enkelt.
Å tale er sølv, å tie er gull.
Som du sår, skal du høste.
Det er mange vegar til Rom.

Nokre av desse gamle tankane er så store at dei må tenkast kvar dag, og likevel blir eg ikkje ferdig med dei.

Korleis får ein tak i tanke som: Størst av alt er kjærleiken? Eg kjenner i djupet at dette er sant og samtidig: I den verda vi lever i er det ondskapen som skrik mot oss så vi nesten ikkje kan høyre noko anna: uretten, folkemordet, hykleriet og dobbeltmoralen.

Kjærleiken tar aldri slutt….

Eg må ta eit steg tilbake og starte på nytt: Gjenoppfinne hjulet. Få på plass dei verdiane generasjon etter generasjon har oppdaga og innsett. Kvar og ein av oss må gjera det for oss sjølve, men også samfunn og sivilisasjoner treng å trykke på “reset”. 

Vi veit kva det er, det som er rett. Vi kjenner det innerst inne når drap og løgn blir kvitvaska. Vi veit at inni er vi like. At vi er “sjølv ein liten vek en, vi treng sjølv ein storebror”. Vi veit at sammen er vi sterke.

Vi kan gjenopprette, der søppel-filer har fyllt opp harddriven og krasja oss og låst oss fast. Og det må vi. Vi må gjenoppdage, gjenoppfinne hjulet. Først når vi har gjort det, kan vi sette det fast på vogna vår igjen.

Vi skal ikkje la løgnarane få la verda gå av hengslene og køyre oss ut i grøfta eller over eit stup.

Vi treng ikkje sove. Vi har ikkje drøymt. Innerst inne, veit vi det.

Når vi gjør det enkelt.

“Out beyond ideas of wrongdoing 
and rightdoing there is a field.
I’ll meet you there.

When the soul lies down in that grass
the world is too full to talk about.” 
― Rumi

Leave a comment