Ord! Slikt potensial! Byggeklosser av øverste kvalitet: uslitelige, gjenbrukbare, med ein kombinasjonsevne Lego berre kan fantasere om. Brubyggarar, lyskjelder, torturvåpen, presisjonsinstrument, formidlarar, medisin og rusmiddel…. I eit dikt kan ord løfte sjela til himmels eller i munnen til ein mobber kan ord kaste ho i avgrunnen og gjer langvarig skade.
No har eg fått en ny ven å kommunisere med. Han har eit anna forhold til ord. Mens eg har titusenvis av ord eg kan boltre meg i på dei to språka eg meistrar, har han berre rundt 250 å ta av(dersom eg huskar rett). Sjølv om 250 ord ikkje er store utvalget av ord, fann eg ut med ein “kombinasjonskalkulator” at om eg brukar 3 ord om gongen kan 250 ord fortsatt gje meg 2.573.000 mulige setningar. Mindblowing!.. the power of words, altså.
Men, min nye venn kan ikkje kombinere og sjonglere med ord. Han kan berre høyre, forstå og utføre. Min nye venn er ein liten gledespredar som heiter Fenris, ein dvergpuddel på nesten 1 år. For han vil det å lære og bruke det ordforrådet han har potensiale for kreve tid, trening og strategisk samarbeid av oss som skal kommunisere med han. Det var det som fikk meg til å filosofere over dette enkle ordet: Nei!
Kva vil eg formidle når eg brukar denne “show-stopparen”?
Når vi kommuniserer med ein hund er jo det stort sett med den hensikt å trene inn ønska oppførsel. Nei! kan brukast til det. Ikkje gjer det du held på med no! Ikkje tygg på den sokken! Ikkje bjeff på folk som går forbi! Ikkje dra i halsbandet ditt. Det berre slo meg at for Fenris kan Nei! ha for mange bruksområde… at for ein hjerne der ord er kommandoknappar er det å klart definere målet viktig.
Sitt!(enter)
Ligg!(enter)
Stille!(enter)
Da vi gjekk på hundekurs med Moxi lærte vi nokre nyttige kommando-ord som med presis definisjon kunne gjer trening meir effektiv for ein klok hund(som både Moxi var og Fenris er). Leave it!(Slipp?), var ein slik nyttig kommando. Kunne brukast på skitne sokkar, ein halvspist muffin i Hallén parken eller ein ball vi leiker med så eg kan kaste den igjen. Klar tale, tydelig instruks..og heilt uten Fy!-faktor.
Dette kom for meg i går i forhold til å bruke Nei! som kommando. For meg har nei! som kommando ein klar Fy!-faktor.
Noko av det eg i min alderdom endeleg har fått augo sperra opp for er at Fy! som kommando gjev dårleg læring, både for folk og hund.
For saka er at, eigentleg, så prøver vi alle alltid å gjere så godt vi kan. Vi kan gjere dumme ting. Vi kan vere misunnelige, spydige, uforsiktige, trassige, aggressive. Vi kan knuse ting, miste ting, ta ting vi ikkje har lov til eller burde ta(solbriller, for eksempel), hevne oss og til og med plage andre. Handlingar som kan skade både oss og dei som er rundt oss.
Men.
For mange år sidan satt eg i ei forsamling der ein person fortalde om ein vanskeleg barndom. Ho hadde vore mishandla av ei mor med rusproblem. Ho sa ho fann ein nøkkel til sjelefred den dagen det gjekk opp for henne at mora aldri ville ha ønska å bli den ho vart: ei mishandlende, rusavhengig kvinne. Kunne mora ha spola tilbake til der ting gjekk feil og hatt det ho trong for å velge den andre vegen, då hadde ho gripe sjansen med begge hender. For kven av oss ønsker å vere slem? Er vi ikkje slem fordi vi ikkje har det vi treng for å ha det godt? Er ikkje misunnelse, spydighet, trass, aggresjon eit resultat av at vi er makteslause til å stille dette på innsida som skiplar kompasset vårt? Er det ikkje autorespons på Fy!-faktoren i vårt indre? På sjølvforakten?
Ein kan lære mykje av ein hund.
Ver tydelig. Gjør det enkelt. Vær positiv!
Så flink!
Så flink!
Så flink!
Belønning er så mykje meir effektivt for læring enn straff og fysj. Det får heile hundhjernen til å lyse opp på MR, har eg høyrt. Det får ein liten tass til bli så glad han nesten logrer seg sjølv til ein knute. Så flink! Så flink! Så flink! slik ein god liten venn!!
Det får våre hjerner til å lyse opp også. Berre kjenn etter. Når nokon smiler varmt fordi dei er glade for å sjå deg, når nokon ser du prøver og gir deg eit bekreftande nikk, når nokon er glad for at du har tid til å leike.
Nei! er også eit utruleg viktig og nyttig ord.
Det er berre ikkje eit kommando ord. Nei! er eit respons ord. Det er eit redskapsord vi har for å ta kontroll over eige liv.
Nei, det vil eg ikkje. Nei, takk, det vil eg ikkje ha. Nei, dessverre, det passar ikkje i dag..men på onsdag? Nei, det blir for mykje for meg. Nei, det kan eg ikkje godta, så då må eg trekke meg.
I vår tid er dette blitt noko vi snakkar om, dette å lære og seia nei. Det er enkelte som finn det så vanskeleg å seia nei, dei slit seg heilt ut. Det er eit eventyr om det. “Dreg du den så dreg du den”…sa kjerringa til lasset var så stort det var ikkje til å rikke av flekken.
Derfor er det å seia nei viktig både for eigen sjelefred og helse ..og for tydeleg og produktiv samhandling. Det gjev oss klar forståelse for kva vi kan og ikkje kan. Med eit lite, nei-takk er vi fri til sleppe det vi slett ikkje har lyst til. Fair game.
Nei til rett tid åpnar døra for eit enda bedre ord: JA!
Ja, det vil eg! Så fint!
Ja, takk! Det likar eg.
Ja, det var bra! Så flink!
Ja, det prøver vi. Sky’s the limit!
JA!!! Så flink! Så flink! Så flink! slik ein god liten venn!!
