Ordtaka 27:19 Som ansikt speiler seg mot ansikt i vatnet,
finn det eine menneske sitt hjarte att hos det andre
Eg har vore på 50-årsjubileum for gymnaset.
Då dei andre i klassen feira 10 år og 25 år var eg ikkje der. Då budde eg i USA og treffa stemte ikkje med mine feriereiser. Derfor har eg berre møtt 4 fra klassen på dei 50 åra som har gått.
Før eg reiste snakka eg med ei ny veninne om dette, at eg grudde meg, men tenkte det var viktig å gjera. Som Oddgeir sa i invitasjonen, det blir ikkje noko 100årsjubileum, så det er “now or never”.
Det var nok meint slik, at eg snakka med Eva om dette før eg drog. Ho snakka om gjenkjenning. Om at det eg beundrar i andre og at det eg ikkje likar i andre er ei gjenkjenning av noko i meg sjølv. Eg hadde tidlegare høyrt det om den negative vinklinga: At når du peker finger på nokon, peker 4 fingrar tilbake på deg sjølv. Eg har sett at det stemmer. Det eg likar dårlegast i andre er ofte det eg likar dårlegast i meg sjølv, òg.
Men eg hadde ikkje høyrd den positive varianten. Kan det verkeleg vera?
Eg tok med meg denne tanken der eg førebudde meg mentalt på å treffe desse gamle “medelevane”. Tenkte det kunne vere eit betre alternativ enn sammanlikningsmodellen: Kva har du lykkast med? Kor mange hus og hytter og barn og barnebarn har du? Står det bauta av deg nokon stad? Kor flinke og vellukka er dine barn? Har du eit søskenbarn på Gjøvik som hadde audiens hos kongen i fjor?
Eg var så heldig å møte att Pauline før vi møtte resten av klassen. Pauline er ei av dei eg har kjent sanninga i Salomon sine ord med: Dette å kunne snakke sant med eit anna menneske som forstår utan å måtte forklare. Slik gjenkjenning i ein annan er noko av det mest verdifulle eg opplever i livet.
Det er no slik at vi er forskjellige og det er mange eg aldri kan oppleve dette med. I møte med klassen rekna eg med det ville vere regelen. Og det stemte jo. Når dei andre mimra om diskotek på Yggdrasil og andre festrelaterte ting, var det opplagt at eg hadde levd i ei anna boble dei tre åra. Men det er greit. Slik var det, og eg treng ikkje sjå ned på meg sjølv for den eg var… og er. Eg fekk faktisk eit møte med meg sjølv fra 1973 som viste at slik eg tenker no stemmer utruleg med slik eg såg livet allereie då. Eg fekk at eksamensstilen min som hadde vore arkivert på Molde gymnas alle desse åra. Der samanliknar eg to dikt, eit av Rudolf Nilsen og eit av Tarjei Vesaas. Den eine ein samfunnsorientert bygutt, den andre ein innovervendt skogs-filosof. Det var rart å sjå at eg hadde sikkert skrive det samme om eg skreiv stilen i dag. Begge dikta rører ved meg, no som då.
Poesi er fortsatt ei av dørene eg bruker for å gå ut av mitt eige sinn og forstå verda og folka rundt meg. Det eg ser etter er gjenkjenning, det som stemmer i meg sjølv. Der finn eg både det eg har fått av verdiar fra naturen av og lærdom eg har samla gjennom livet.
Det er ein rar tanke dette, at når eg ser inn i eit anna ansikt er det både eit speil av meg sjølv og av felles verdiar. Det vil eg ta med meg. Eg trur jo at det finns ein visdom som er større enn eg, ein som har oversikt. Når eg så opplever gjenkjenning, står eg sannsynligvis ansikt til ansikt med nokon som er knytta til samme del av verdensveven som eg. Då er det kanskje ein eg er meint å samarbeide med .
Paulus snakkar om speil som ein måte å sjå livet stykkevis og delt på: No ser vi i eit speil, i ei gåte. Jakob skriv om det å ikkje handle på det ein forstår som å vere lik ein mann som ser på sitt eige andlet i eit speil: Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut.
Men det står også at: den som ser det gode som i eit speil og handlar på dette, blir forandra fra godt til bedre, “frå herlighet til herlighet”.
Å leva, det er å leggja
all urett og lygn i grav;
å leva, det er som havet
å spegla Guds himmel av
Slik ønsker eg å leve.
Lære av det eg ser som må forandrast. Gjenspeile det som er av verdi.
…so help me, God!
Sitat: 1. Kor 13:12, Jak 1: 23-24, 2. Kor 3:18, «Å leva det er å elska» Tekst: Anders Vassbotn…og så Prøysen, sjølvsagt: sjølvinnsikt på sølvfat for den som er villig til å sjå.
Takk kjære Hildegunn. Her var det mykje gjenkjenning for meg! Og no er det blåklokkevikua.. skal sende deg eit bilde. Ei viku, og det stemmer. Naturen går raskt vidare. Det neste blir kanskje blåbærtur? Er på fjellet no, og for meg gjer det godt å vere tett på naturen. Der er det også noko å lære. Fortsatt god sommar! Frå Marie
LikeLike