Dagens tekst.

På onsdagsmessen denne veka sa presten prekenteksten for søndagen var ei tekst ho ikkje ville lese utan kommentar. Då vart eg nysgjerrig og måtte sjå kva dette var.

Det var ei tekst om djevleutdrivelse.

Djevleutdrivelse er ikkje kvardagskost i den norske kyrkja. Det har ikkje vore praktisert der sidan heksebrenningstida, trur eg. Det blir nok fortsatt praktisert i karismatiske strøk, men eg kan forstå presten som hadde behov for å lese dette i “kontekst”, som ho sa.

Eg fekk mykje ut av teksten, sett ut ifra “min kontekst”.

Det er fleire historier om korleis Jesus frigjorde folk som var utstøtte og forkasta fordi dei var drivne av demonar.

Til og med i dag ser vi folk som er så nedbrotne av indre demoner at dei fell ut av samfunnet på ein måte som viser oss at korkje velferdssamfunnet, velstand eller moderne medisin kan alltid redde eit menneske når fienden bur på innsida.

Det sit ein slik og tigg ved Majorstua T-banestasjon av og til. Det riv meg i hjarte berre å tenke på han og sjå han for meg der han sit i all sin vesaldom…usselhet for dei som ikkje har nynorsk i blodet. ..Men her må det sterkare lut til enn “usselhet”. Vesaldom ropar varsko med høgare røyst.

Folk som går i kyrkja tenker eg har god forutsetning for å høyre ei forteljing om djevleutdrivelse. Den som søkjer hjelp fra ei høgare makt har nok sett sine eigne indre demoner i kvitauge nok til at dei veit det ikkje bur berre godt i nokon av oss. Det kan vere godt å få rundvask av ein djevleutdrivar når mørkemaktene riv og slit i sjela.

I vår tid er det mange andre plassar folk ser etter slik hjelp: hos psykologane sjølvsagt, men òg på sjølvutviklingskurs og i sjølvhjelpgrupper av mange slag. Det er god hjelp i å møte på dei som kan sjå demonene i oss og sette ord på dei og jage dei på dør, samme kor vi finn slik innsikt.

Eg tenkjer det er heilt logisk at det var livsforandrande å bli møtt av ein som Jesus. Måten han såg og viste omsorg og respekt for folk som var forkasta og forakta av samfunnet er så vakker og rett, det er grunnlaget for vårt syn på menneskeverd no fleire tusen år seinare.

Forteljinga i morgondagens prekentekst stoppar ikkje med djevleutdrivelsen. Sjølv om den frigjorte sjela etterpå er feia og pynta og ein plass der eit menneske kan vere seg sjølv, advarer Jesus mot “quick fix” tankegangen som kan ligge i djevleutdrivelse som sjelesorg. Sjølv om djevlane må rømme når lyset kjem inn, vil dei alltid komme att og sjå om det ikkje går an å få gjen-okkupert rommet. Står det tomt, flyttar dei rett inn igjen. Sjelefred er ferskvare.

Derfor, idag når mitt indre hus har fått lufte ut gamle plager og det er feid og pynta, vil eg åpne døra og sjå kva anna godt eg kan invitere inn:


Folk og fe, sang og kunst, tru og håp..og størst av alt kjærligheten.

Eg vil rope som Arild Nyquist: Kom inn! Kom inn! Her er plass til eit heilt orkester.

Du kan lese mine tanker om dette, og diktet Ensomhet av Arild Nyquist her:

https://degodedagene.wordpress.com/2018/05/

God lørdag! I morgon ser vi kva presten har å seie om dette.

One thought on “Dagens tekst.

Leave a comment