Anne Lise, 80 år

Når ein skal feire ein stor dag er det naturleg å ville ha med gåver. Då blir det gjerne snakk om kva ein skal gje den som har alt. No er vel ikkje du av dei som har alt, men eg veit du er av dei som syns du har nok. Derfor har eg lyst å gje deg noko som ikkje tek plass. Eg har lyst å takke deg for den du er og har vore i mitt liv.

Sjølv om du var fødd Sylte har du vore ein Aas familie nesten heile mitt liv. Eg kan berre så vidt huske fra før du var der. Du er der i barndomsminne og ungdomsminner og i vaksne år. Eg har fått vore med, har vore på besøk og har kjent meg heime hos deg og Oddmund. Det var fisketur på Korsberget og langtur til Misvær. Husker at du hadde nokre fine glas som var i museglass.. kva no det er for noko. Du og Oddmund har kunna dette å ha det artig og leve fullt ut i eit liv som har vore mykje anna enn berre lett. Gode historier og latter har vore like naturleg som å snakke om dei dei djupe spørsmåla i livet.

Då eg var lita var 80 år ein alder som kunne liknast med dei høgste fjelltoppane. Dei var langt unna, og dit var det berre dei sterkast som kom. Når står eg her med 4 åtti-åringar i familien syns eg landskapet ha flata seg ut. Det gjer liten forskjell med 10 eller 20 år fra eller til. Vi blir liksom jamngamle.

Dagen i dag er en forunderlig dag, den er din, sto det på ei av silkesløyfene eg hadde i bibelen min. Dagen er din og dagen er bra og du er den aller beste, seier bursdagssangen. Og det er vi alle enige i!
Det eit stort privilegium å få feire denne dagen og det er ein glede å feire deg. Det er ingen selvfølge og eg set pris på at eg fekk lov til å komme.

80 år er 29220 dager seier google. 29220 dager med minner vi alle ber små bitar av.

Når vi er komne så langt som hit veit vi at det som ligg attfor oss er lengre enn det som ligg framfor oss. Derfor er dagen i dag er ein skatt vi må ta vare på. Vi reknar jo med vi har morgondagen og resten av året og kven veit, 90 og 100? Det vi får, må vi gle oss over, ein dag om gangen.

Tid er ein rar ting. Når eg stoppar opp er det som om tida kan strekke seg og ein dag kan innehalde like mykje som travle veker som berre susar forbi.

No ser vi i eit speil som i ei gåte, står det. Ingen veit kva vi skal bli.

Kanskje er det slik at det som ligg framom er så stort at desse 80 åra blir berre ein pust i forhold til det som kjem.

Leave a comment