Ein verdig reprise

Følelsar kan vere eit varmt teppe å krølle seg sammen i eller ein utpust på ein fjelltopp med ro og utsikt over eit landskap bada i kveldssol. Følelsar kan òg vere mørker i ein avgrunn med vegger så glatte det er ingenting å henge fingrane i for å klatre ut.

Vegen fra den eine til den andre opplevinga av livet er eit mysterium mange gonger, men ein veg eg finn ut av mørket er det å møte livsmot og fred i eit anna menneske.

Mann er manns gaman, sa den vise i Håvamål.
No man is an island, sa ein annan vismann.*
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne, at du er varm.**

Det er mange ting vi kan distrahere oss sjølve med når livet er strevsamt, men det er ingenting som kan måle seg med varmen og gleda fra eit anna menneske.

Så her er ein favoritt som løfter blikket for meg..til deg som har glede å gje og til deg som syns det er så mykje gale i verda at du vil sige ihop i håpløysa:

Glea

Mæn so ein dag – ein mørkdæmd dag –
hænde dæ se at Vaorhærre kåm gangande
å spørde kå dæ sto te.

Jau takk, sa e mæ me æ dæ bærre bra,
mæn dæ æ so mykkje gale ute i væren
at dæ mæst bli so ei sønd mæ glea.

Dao smilte Vaorhærre so dæ klaorna
øve adle bærg:
So pass stærk lyt’n væra
at’n tåre løfta glea so eit jøs hær i væren.
Dæ va te dæ ho va teinkt, sa’n.

-Kari Bakke

*John Donne
** Halldis Moren Vesaas

One thought on “Ein verdig reprise

Leave a comment