Svanhild 80 år

Det eldste minnet eg har om Svanhild må vere fra før eg tok til på skolen. Vi budde på Sylte på Helsehuset og av ein eller annan grunn var mamma og pappa borte og Svanhild var barnevakt for oss. Ho hadde ei venninne fra Molde på besøk som var barnevakt ilag med henne. Eg var A-menneske, da som no, og slik eg minnes det kom eg tuslende opp i halv seks tida og fann Svanhild og moldejenta oppe i djup venninne prat. Dei hadde ikke lagt seg enno. Svanhild har aldri vore A-menneske og har likt seg oppe på natta, så lenge ho hadde fri.

Eg veit ikkje om dette stemmer. Barndomsminna mine er gjerne magiske og eventyraktige, men i dei tidlege barndomsminna mine er Svanhild der i huset i Sylteosen. Ho delte rom med hushjelpa og eg ser ho på rommet mens ho åpna brev fra ein kar ho likte og der var det jesusbildekort til meg. Eg trur ho sneik seg til litt privatliv med å lese ukeblad på doen, for do-veller vart eit begrep i familien. Det var vel einaste plassen ei ungjente kunne få dere i fred med eit hus fullt av småsøsken.

Eg har eit til sterkt tidlig barndomsminne om Svanhild: Eg sit ved vinduet på kjøkkenet på Helsehuset. Det er mørkt og vinter ute. Mamma vasker golvet og Svanhild pyntar ei kake, og dei var begge sinte…trudde eg. Svanhild hadde til og med grått. I mitt barnesinn var dei sinte på kvarandre. Seinare eg fann ut at Svanhild var skuffa fordi ho skulle bursdagsselskap og den kjekke tufsen fra Nøsamyra skulle ikkje komme. Mamma var nok lei seg på hennar vegne. Eg var trist og lei meg der eg satt og såg og ikke forsto.

Tenk om eg hadde visst då at vi skulle sitte her og feire ein 80 årsdag og at han som ikkje kom den gongen har feira nesten alle bursdager sammen med Svanhild sidan…. og at dei no har hjerte og hus fullt av barn og barnebarn.

Du var ei spennande storesøster for meg som var så mykje mindre. Eg observerte deg dra ut i verda.. til husmorskule på Nesjestranda og til Island for å jobbe på fiskar-heim. Du kom att frå Island med lett og luftig lavastein. Fra Nesjestranda hadde du historier om å lære og stelle slakt. Både Nesjestranda og Island var store og spennande plasser i tankane til ei beundrande lillesøster.

Like spennede var det å høyre om ungdomsgjengen din som hadde morro på setra og eller historiene som etter kvart kom fra Menighetssøsterhjemmet i Oslo.. om du og Reidun som var rebeller og hadde kjærester på besøk i ei tid der dei gamle menighetssøstrene fortsatt var meinte det å være sjukepleiar var eit kall som krevde sølibat.

Du vart ferdig og vart menighetssøster i Molde. Der fekk eg vere med deg på jobb til ei gammal dame, kor du måtte vaske kattehår av koppane før du laga kaffe til henne og oss. Eg fekk komme på overnatting i leiligheten med sovealkove i Granlia og fikk betrudd den glade hemmeligheten at Tarjei var på veg til verden…før du sa det til alle andre. Det trudde eg då, i alle fall.

Det vart år med besøk i huset med flatt tak på Dale og barnevakt i Eivind-huset der barnevakta ikke heilt hadde kontroll med to viltre krabater. Det var ei tid med skraping av lakkskader på parkett som var kjøpt til nedsatt pris. På kne i drømmehuset på Myrbostad i tjukkgenser og overall hjalp eg til litt, mens du jobba som ein tørk, med husbygging, jobb og barn og hus. Det du har fått gjort kunne fylt fleire liv hos ein som er mindre effektiv, trur eg.

Likevel hadde du tid til å observere og gjer det vakkert rundt deg. Du kom att fra tur med røtter og mose og laga vakre dekorasjoner både på sommaren og til jul.

I stua på Myrbostad lærte du meg dei sangane du hadde kjær og som viste kven du var og ville vere i livet: “Ein fin liten blome i skogen står gøymd.. eg føddest til skogsblome, eg”. “Gå omkring i Jesu navn, hjelpe, trøste, stille savn… Virke så dann i det stille Det var det jeg gjerne ville”. Og slik var du: hjelpsom og omsorgsfull uten å rope høgt om det du gjorde.

Hos deg var det alltid åpent hus, alltid kaffe på bordet og alltid eit eller anna attåt. Du vart flink til å ha noko på lur for du visste aldri når det kom nokon innom. Folk visste at døra var open. Har høyrt snakk om venner som kom og ville ha kaffi ved midnattstid i ei sommernatt.
Etter kvart vart du også flink til å lage festmiddag til ein hærskare og servere og rydde så ein skulle trudd det var både kokker, servitører og oppvaskhjelp på kjøkkenet. Og viltgryta di kan konkurrere med Brimi. Nam!

Livet har gjort at vi har fått korte møte gjennom mange år. Eg var langt borte og gjekk glipp av det å komme på kvardagsbesøk. Men eg fekk med meg historiene om år med turorientering til alle fjell i området, teltturer i Bjønndalen og hytteturer på bankhytta.

Etter mange år med lånt hytte kom Soria Moria, og hyttedrømmen på Avrøya vart oppfylt. Der har du og Torstein funne eit paradis på jord, ein fredens plett.

Langs vegen har du fått ein skokk med flotte barnebarn. Trur du har kosa deg med å skape eit “bessmors hem” med varme og moro for alle dine 11… Skattejakt på bruktbutikk skapte eit skattekammer for barn på besøk, enten det var dine barnebarn eller andre som kom innom. Du kunne ha laga bestemorskole, så flink er du!

Sjølv om eg har budd langt vekke og skulle ønske eg hadde hatt mykje meir tid i lag med deg, har eg alltid følt meg heime i ditt hus og i din familie. Eg har alltid følt du “var i mitt hjørne” i livet, at du heia på meg og ville meg vel. Eg kjenner meg rik som har fått den gåva det er å vere di søster.

Når du no er 80 år er du eit forbilde på kor levande det går an å vere heile livet. Du må nok leve langt forbi 100 hvis du skal rekke å bli gammel, for her er det fortsatt engasjemang og full aktivitet.

Hurra for Svanhild!

Du er og har vore ei fantastisk storesøster.

(revidert og oppdatert med bilde)

Leave a comment