No er den mørkeste tida.
Er vi heldige kjem vintermørket med kalde, klare dagar og gnistrande stjernenetter over kvit snø. Er vi endå heldigere finn vi vinterhimmelen på ein stille plass der berre lyset og stilla når oss, mens frosten bit litt i kinna. Då kan vinterhimmelen og den mørkaste tida gje oss ei ro og eit perspektiv på livet sommaren med sin vrimmel og sol og varme ikkje kan.
Eg likar denne sakte tida, når eg kan ta meg sjølv med ut i vintermørket. Det er ikkje lett i vårt konsumersamfunn, der handelsstanden har jaga oss fra tidleg i november med tilbod og mas om at vi må fylle alle dei tomromma vi ikkje har i materialismen vår med endå fleire ting vi ikkje treng og ikkje kjem til å bruke.
Eg er så heldig at eg ikkje treng vere heilt med på dette. Pensjonisttida kan vere ei gåve til å trekke seg tilbake fra jaget. Heldig som eg er, bur eg i skogkanten der det går an å høyra stilla under stjernene utan å gå så langt. Eg kan la julehandelen segle sin eigen sjø mens eg går på tur. Litt må eg jo handle. Julehandel på nett og raske turar innom for å hente. Pynte må eg, og lage litt mat, og få med meg ein konsert, men i år vil eg hoppe av det meste.
Det er det naturen inviterer oss til i denne tida. Trea har slept blada for lenge sidan og trekt saftene ned i røttene og kviler. Plantene har krympa seg inn i bittesmå frø som dei har strødd utover så godt dei kan før dei gav resten av energien sin til gjenbruksjord for nytt liv som skal komme. Elvene og vatna overgjev seg sakte men sikkert til isen og let fossefall og bølger stivne inn i glitrande ro. Livet er der, men det puster sakte og samler krefter.
Sjølvsagt treng vi lys og varme i denne tida. Vi treng juletreet og adventsstjerna og levande lys på bordet. Vi treng gløgg og julebakst og god mat og varme møte med dei vi er glade i. Oss er det ikkje gjeve å sove og kvile fra alt gjennom vinteren, slik planter og vatn og dyr får lov til. Men lat oss ikkje skape så mykje styr og strev at vi går glipp av denne invitasjonen til å stoppe opp og finne større verdiar.
Eg er så heldig at eg feirar ei jul der nissen berre er eventyr og ein leik for småbarn. Koselig med nisse og eventyr. Men for meg er jul historien om den vakreste historia nokon gong fortald. Om den største, alle tings opphav, som kom: stille og under synsranda i fattige kår. Javisst, med eit englekor og all himlens herlighet, men det var det berre nokre fattige gjetarar som såg og høyrde. Javisst med kongenavn og budberar om godt nytt fra den høgste, men det var det berre nokre få vismenn fra fjerne strøk som forsto. Der han ligg, nyfødd på strå, får alt perspektiv.
Hvi lot du ei ut spenne en himmel til ditt telt?
Du hadde å befale alt hva du pekte på? Skal så min Gud seg skjule i andres stall og strå?
I denne tida kjem mysteriet til meg. Det Maria høyrde og gøymde i hjertet og grunna på.
Heile verdi undrast på kvi du soleis koma må.. Kanskje var det fleire som tenkte slik i andre generasjonar?.. før markedskreftene kom susende inn med Rudolf og Jinglebells i alle butikkar til det blir kaos i hjernen? kanskje..
Det var slik ein flott fullmåne då eg gjekk av bussen her oppe ved skogkanten i går kveld. Det var stille og klårt og eg kunne sjå for meg nokre hyrdingar som satt under ein svart vinterhimmel som glitra av sterner og ein full måne. Dei ser ei ekstra stor stjerne som teiknar ein usynleg boge over himmelen der jorda roterer sakte gjennom natta. Snart skal det komme eit stort lys. Snart skal dei få bod om ei stor glede. Ei stor glede, som fortsatt gjeld: Han tok bolig iblant oss, brakte det evige rett inn i kvart menneskehjerte.

Om du stoppar opp kan du sjå og høyre det i stilla, kanskje aller mest i denne mørkeste tida.