Tema-setning:
“Han er historieprofessor ved Johns Hopkins, har skrevet flere bøker om russisk militærhistorie og følger krigen tett.”(Klassekampen lørdag 29.10.22)
Han var vant til å bli spurt, no. Om ikkje dagleg, så alle fall ein gong i veka fann han seg sjølv sitert i eller anna avis eller på eit aktualitetsprogram. Han hadde aldri trudd han skulle bli kjendis av å studere historie. Han hadde berre blitt bergtatt av russisk litteratur i tenåra og så låg karrierevegen der klar, utan at han hadde trengt å tenke på det.
Men alt dette er historie no. Minne om ei fortrylla ungdomstid der han las og las og las. I bakgrunnen surra melodiane. Ofte gav han seg over og låg der og drøymde. På universitetet hadde dei lange og djupe diskusjonar om menneskesjela og historieteori. Marxistisk, sjølvsagt. Han studerte russisk, og russisk historie.
For han var det å lese Dostojevski og Tolstoy livsnødvendig i tenåra. Der fekk han satt ord på brytningene han fann i sitt indre tenåringslandskap. Han var ikkje av dei som spela fotball eller sto på trikken med ein pose ølboksar, ein åpen i handa, for å dra på heimefest i Bærum. Ikkje slik at han var “upopulære” eller aspirant til å bli ein “incel”. Han hadde sine vener og det er alltid jenter som finn ein “grublar” spennande og mystisk. Det var berre det at dette tomme, overfladiske aldri tiltrekke han. Det var berre for …. overfladisk. Då var det meir interessant å spekulere på kvifor ein som igjen og igjen snubla over sitt eige hovmot, ein som kunne ha funne venskap, kjærleik og lykke forkasta det og fanga seg sjølv i “undergrunnen”. I Tolstoy fann han lengselen i seg sjølv etter det edle, den indre styrken og nestekjærligheten som veks fram ifrå store lidelsar. Russisk historie vart historie om heile menneskeslekta, der han las om krigar og svolt, overdådig rikdom og makt. Arkitekturen var som ei eventyforteljing. Så vakker og uhemma fargerik at ein norsk minimalist aldri hadde turt å ta med slike tegningar ut av soverommet. Og musikken! Djupe mannsrøyster som buldrer ut melankolske folkesanger i ein harmoni som rister heile rommet. Tchaikovskys orkester musikk som kunne løfte han opp i skyene og sende han rett til nirvana. Det var den gamle “reklamen” for fjellvettsreglane på nrk som hekta han på Tchaikovsky. Glitrende snøvidder, ein einsleg skiløpar… og Tchaikovsky.
Det er litt av ein ironi at han har havna her som professor i USA. Hos erkefienden. Det var doktorgraden som drog han hit. Han kom til denne prestisjetunge institusjonen, kjent for “excellence” i medisin, ingeniørfag og “international relations” i ei tid der det var eit stort marked for russlandsanalyse. Det var tegn på oppvarming i den kalde krigen og for ein som aldri hadde komme over den første forelskelsen i dette komplekse landet, var sjansen til å få vere med på å bygge opp under denne teleløysinga uimotståelig. Han skulle vere med å på dokumentere korleis våpen vart lagt ned og nye handels- og samarbeidsavtaler vart utarbeida. Han hadde slik tru på Gorbachov. Hadde absolutt mindre sans for Reagan, men han måtte respektere måten han var villig til rekke ut handa då Gorbachov bydde på det.
Han var vel ei drøymer den gongen, som i tenåra. Han trudde på fred etter krig. På forsoning og respekt og samarbeid.
Og så vart han her.
Livet i Maryland, med varme sommarar og milde vintrar, med overflod av alt du kunne finne på å ha lyst på, med heder og ære og respekt frå kollegaer både på institusjonen og i fagmiljøet internasjonalt sneik seg innpå han. Ideala frå romanane, dei beinharde vintrane og svolten, dei djupe sjelekampane og offer for dei ein elskar meir enn seg sjøl, skrumpa sakte men sikkert inn i møtet ved velværet og luksusen. Han hadde så mykje meir enn han nokon gong kunne tenkt seg han trong. Og det utan å måtte manipulere eller smiske seg til ein arv frå ein døende, rik slektning. Nei, han hadde ikkje gløymt kor han kom ifrå, hverken intellektuelt og eller verdimessig, men det er vanskeleg å halde ideala varme når ein har det så godt.
Så kom denne krigen og han måtte stå fram og ha meiningar om det som skjer dag for dag.
Det er ikkje spøkelsa i skapet som kjem bankande på døra, men heller ho han forsmådde for den rike arvingen han gifte seg med. Der han ein gong stod med hjarte i halsen og håpet i sjela for kvar ny menneskerettsforkjemper som vart fødd ut av kamp og harde kår i sitt elskede Russland står han no midt i fiendens leir.
Så viste det seg ta det ikkje var vilje til venskap likevel, hverken frå den eine eller den andre sida. Dette landet med si blodige historie av overgrep mot både sine eigne innbyggjarar og uskyldige menneske i land etter land, held fortsatt beinhardt på illusjonen at dei er betre enn alle andre, “the promised land”. Når dei sit der på sin høge hest og fordømmer invasjonen i Ukraina er det vanskeleg for ein som ein gong var ein ekte idealist å ikkje ville dra fram Korea, Vietnam, Nicaragua, El Salvador, Irak, Libya… berre for å vise toppen av isberget. Ein kan seie med Paulus, tida ville bli for lang om ein skulle liste opp alle plassar der den skitne handa av amerikansk imperialisme og “entitlement-mentalitet” har utnytta økonomisk, eller undertrykt politisk, i land som ikkje hadde evne til å ta til motmæle mot det som då var verdens einaste supermakt.
Ikkje slik at han ikkje ser dei gamle despotene att i Putin. På same måte som maktkapitalistane i USA aldri har hatt eit oppgjer med si skitne historie er tydeleg at stormannsgalskapen, den grandiose draumen om makt og dominans har levd sit mørke liv under radaren i Putin. Kanskje det er eit behov for hevn for år med sjikane og mangel på respekt i verdenssamfunnet? Korleis kan det vere at ingen ser eller hedrar det som er ein av verdens store kulturar?
No har vi hatt eit hundreår der lettvint tankespinn, “fast food” og overfladisk liksom-kultur har oppnådd ein imperialistisk dominans inn i den minste krå på kloden. Frå eit land der mangel på kunnskap er blitt noko mange er stolte av, der dei blinde og døve sluker konspirasjonsteorier opplyste folk ikkje kan fatte det går an å tru på.
Er det rart at ein russer med ein kultur og historie som Russlands vil ha ein plass ved bordet med dei største? Eit land, ein kultur som tvang både Napoleon og Hitler i kne med si eiga liding og utholdenhet som viktigaste våpen.
Er ikkje Putin eit lærebok eksempel på korleis vi til sist må betale prisen for å trakke på den som er nede? Han hadde hatt håp då George W inviterte Putin på “hytta” og dei to litt kortvokste mennene fann tonen så godt. Han forsto aldri kvifor Obama ikkje greide å bygge vidare på det som såg ut som vilje til eit rolleskifte. Han hadde sjølv håp om ei tid med gjensidig respekt og samarbeid. Dei hadde fått til ein god atomavtale, det var samarbeid i oljeindustrien, var det ikkje? Russerane slapp inn MacDonalds og Solzhenitsyn flytta heim og fekk dø i sitt heimland. Kvar gjekk alt gale?

Det er nye spørsmål om analyse fra CNN i dag. Han kjenner sorga ta han der han ser på sitt elskede Russland, sitt elskede Ukraina. Dei er jo brør, desse to. Det er dei som skulle hjelpe kvarandre. Saman skulle dei halde fram ei historie og ein kulturarv erkefienden burde bøye seg i støvet over. Han likar ikkje å vere russlandsekspert i dette lande som veit så lite, som aldri har sett forbi sin eigen navle anna enn i lukka, akademiske rom utan utenforståande lyttarar. Ein kunne bli anklaga for å vere kommunist om ein sa desse tinga høgt. Og alle veit, at å vere kommunist er jamngodt med å vere pedofil eller landssvikar.
Denne kunnskapløysa kjem til å kvele han enn dag. Det er på tide å pensjonere seg og reise heim til Norge. Han greier vel å bli vant til å gå med tjukkgenser og tøfler inne og dunjakke på trikken halve året. Det vil vere “piece of cake” samanlikna med å overleve vintrar i Sibir, slik hans ungdoms heltar måtte det.
Dette er reint tankespinn og har ingen forankring i artikkelen frå Klassekampen eller den personen som er omtala der. Det er ei skriveoppgave det eg lagar spikarsuppe på ei laureva setning.


















