…Kina(etter revolusjonen i 1949) var (et) lutfattig(e) samfunn; den forventede levealderen ved fødselen var 40 år. Klassekampens Bokmagasin, 12.11.22 Oppgave for skrivekurs: Ta en setning som inspirasjon og skriv i minst 20 min.
1949 var berre 5 år før eg vart fødd. Hadde eg levd i Kina på den tida ville egha vore død i 28 år allereie.
Då eg var 40 hadde eg to barn som var 13 og 7 år. Korleis ville det ha vore for to barn 13 og 7 å bli foreldrelause i den tids Kina? I Charles Dickens dager var det ikkje utenkelig at ein 13 åring vart forsørgar for seg sjølv og ein 7 åring. Ein 13 åring kunne få all slags arbeid i den tidlege industrielle revolusjonen. Ein 7 åring var også sett på som arbeidsfør. I fattige familiar trong du ikkje vere foreldrelaus for å ha medansvar for å skaffe mat på bordet. Skal eg tru på historiene fra bøkene.
Må rekne med det var slik i Kina òg. Korleis ville to som mine hatt det, foreldrelause i ein alder av 13 og 7 i Kinas 1949? Kanskje den 13 årige jenta ville bli sett på som gifteferdig? Kanskje guten måtte arbeide i rismarkene?
For å skrive ei realistisk historie, måtte eg ha lest meg opp om denne nasjonen som var så fatting i midten av forrige århundre. Eg veit altfor lite om Kina. Landet hadde ein høgt utvikla sivilisasjon fleire tusen år før vi nordbuarar følgde etter. Mao gjennomførte ein blodig revolusjon og regjerte til sin død. Stort meir veit eg om Kina. Derfor blir det eg skriv eit tankeeksperiement om korleis dei to tenkte foreldrelause ville fått det.
Eg let jenta vere vakker og intelligent. Guten er skøyeraktig og full av fantasi. Dei fjerne slektningane som måtte ta dei i hus ville ikkje ha to munner til å måtte dele med. Det var svolt og det vesle dei hadde for å fø sine eigne barn strakk ikkje til for fleire. Ein landsbyledar hadde ein gifteferdig son som trong kone og han var villig å ta ei fattig foreldrelaus jente. Det vart løysinga. Jenta fekk ta med guten til sin nye heim.
Korleis ville det vere å bli husfrue i ein alder av 13 år? Med ein levealder på 40 var det kanskje ikkje uvanleg. Ein 13 åring er fullt i stand til å lage mat og halde orden på eit hus. Det var sikkert ingen forventningar om å gå på skole for ei jente, uansett.
Huset ho blir gift i er velutstyrt, men ikkje overdådig. Kulturrevolusjonen hadde vel jevna landskapet sosialt. Mannen kjem frå ein gammel familie og har lært å skrive, lese og rekne. Guten får arbeide i lag med svogeren og får vise at han er lærenem.
Den unge husbonden er ei rettferdig sjel som liker å lese og diskutere filosofiske spørsmål. Han inviterer andre til å komme til huset for å studere Maos lille røde, og når publikum kjennes trygt, kan det bli diskutert andre skrifter og. Da får kona servere te og blir sittande og høyre på. Ho tek med guten som sit stille i hjørnet og begge to tek inn kunnskap som blanke bøker klare til å bli fyllt.
Svogeren likar guten, og når han har vaska seg etter dagen i risåskeren morer han seg med å lære han skrifttegn. Så lærer guten det vidare til søstra. Dei er i dette saman og det er ingen grunn til at dei ikkje begge skal kunne lære.
Eg ser dei leve eit enkelt liv, med nok. Det kjem barn: ein prins som veks opp full av forundring over verda og som gjev stor glede til både foreldre og resten av hushaldet. Seinare kjem ei lita prinsesse. Like oppvakt og lærenem som broren og på kjøkkenet får ho lære av mor det prinsen lærer av far i biblioteket.
Dei blir symbol-berarar for ei ny tid, denne familien. Det er dei som ser Kina gå fra ein bølgedal i si stolte historie til å bli supermakt med dominans over heile verda.
Dei bryt dødsprofetien og lever til ein høg alder. Etter at broren får gå på universitetet følger onkel-barna i hans fotspor.
Dei lar døtrene få utdanning. Den førstefødde jenta vert lege. Hennar dotter vert tannlege og seinare professor på universitetet i Bejing.
Den vesle biten veit eg, for eg møtte “henne” då ho emigrerte til USA.
Ho kunne ha vore barnebarn av dei som overlevde kulturrevolusjonen, denne kvinna. Mor hennar var lege. Ho sjølv hadde komme så langt nokon akademiker kan ønske seg å nå: Professor på det medisinske fakultet i Bejing i tannlegemedisin.
Kvifor ho forlet Kina, veit eg ikkje. Det var for personleg for oss å snakke om. Men ho er mitt ansikt på ein kultur og eit folk eg treng å bli bedre kjent med.
Ho har allereie levd godt forbi førti. Tenkjer ho blir hundre, der ho steller den flotte hagen sin i Massachusetts og får ting til å gro eg berre kan drømme om.
