Oppgave for skrivekurs: Ta en setning som inspirasjon og skriv i minst 20 min. Dagens utgangspunkt: ”Har du kjørt for barn på trikken” Dagens skriveøvelse er basert på ei setning er fra Karsten Isaksens bok “Gjester som ikke vil gå”.
Det var ein gong konduktørar på trikken. Det var konduktørene som passa på at alle hadde billett, den gongen. Dette var før eg budde i Oslo, så eg kan ikkje uttale meg med autoritet om korleis det fungerte. Karsten Isaksen, som oslogutt, hadde nok førstehadnserfaring.
Ut ifrå denne setninga, kan vi konkludere at Isachsen kanskje hadde komme unna med å betal barnebillett godt etter fylte 16 år. Eg prøvde å google barndommen hans i all hast for å finne ut litt meir, men hverken wikipedia, SNL eller nekrologene i Aftenposten, Nrk eller VG hadde noko å seie om barndommen hans. Det var ikkje barndommen hans som var minneverdig. Om han sneik på trikken, førte det han ikkje ut på skråplanet eller fekk navnet hans inn i strafferegisteret.
Men han kjende tydeligvis på at det å snike på trikken var ein stor nok plett på sjølrespekten til å bruke det som eksempel i si første bok.
Det kunne ha vore fint å skrive om Karsten Isachsen. Om barndommen hans ikkje var interessant nok til at wikipedia og dei andre brydde seg om kva han gjorde, var visdommen han etter kvart delte med heile Norge tidlaus og den som les vil finne sjølvinnsikt som kan brukast.
Men i dag skulle eg skrive om å snike på trikken.
Eg trur det er blitt mykje lettare å snike på trikken enn det var i Isachens tid. Då vi først flytta til Oso var det slutt på konduktører. Det kosta vel for mykje å lønne nokon til å ta betaling og konduktører vart erstatta med inspektører som kom på trikken av og til. Resultat var, som ein ein ung fyr sa, at enkelte betalte på buss/trikk/t-bane først når det kom inspektører ombord. Dei som sneik kom seg fort ut døra i andre enden om dei greide det..
Det ville sjølvsagt ikkje Ruter ha noko av. Dei satte inn fleire inspektører og skreiv ut bøter. Samtidig innførte dei eit nådelaust, “ingen unnskyldning er god nok” regelverk. Eg kan finne fram mi eiga og andres historier om det. Dei får deg til å gråte eller bli sint. Eg er nok mest sint.
Det er ei “nådeløyse” som har fått plass i markedsøkonomien og gode grunnar får ikkje lenger komme til orde. Kundebehandalerar og billettkontrolører og parkeringsvakter har fått streng opplæring i at menneskelege feil er like straffverdige som utspekulert svindel og skal straffast på samme måte: høge gebyr og rask overlevering til inkassoapparatet.
Er du så uheldig å gå på trikken med utlada batteri, trykker på knappen i nettbanken utan å dobbelsjekke alle tal, vert forsenka tilbake til parkeringsplassen, då sit du i saksa.
Inkassoapparatet sit der som ein Fagin i Oliver Twist og sikler over pengane som klirrer i kassa. Kundebehandlarar og sjefer og programmerarar står der heilt “hjelpelause” og “vrir seg i hendene” utan “lov” eller vilje til å tenke og handle sjølve. “God forbid” nokon skulle vise nåde mot “sjølvforskyldt” brudd på regelen, om det så var på grunn av eit hendeleg uhell.
Dataprogramma er alibiet deira: det “går ikkje an” å reversere eit gebyr når algoritmen har fått tak i det.
Skal tru kva som var straffa om du sneik på trikken i Karsten Isachsens tid? Kan tenkje meg guttungar vart lempa av trikken med nokre velvalgte ord frå konduktøren.
Men den gamle dama som hadde lagt igjen pungen på kjøkkenbenken, fekk nok heller eit omsorgsfullt tilbud om å få reise gratis heim igjen for å hente pungen, så ho kunne fått tatt turen til Stortorget og kjøpe seg friske grønnsaker, slik ho hadde tenkt.
Det er på tide å gje algoritmene slavestatus og nåde overordna autoritet igjen, spør du meg.
