Sport eller galskap?

Oppgave fra skrivekurs: Ta en setning som inspirasjon og skriv i minst 20 min. Dagens utgangspunkt:”Sikkerhet og riktig bruk av utstyret vårt er helt avgjørende.”

Tenke deg en fjellvegg som går rett opp så langt du kan sjå: Fjellveggen klatrarar har drøymd om å klatre til toppen på og kunne erklære til vener og verda at dei har bestige El Capitan.

Tenk deg at ein av dei aller beste og modigaste klatrarane i verda set seg målet om å klatre denne veggen utan sikring… og greier det. Eg såg filmen. Det er sant. Han greide det, med filmcrew i påheng og heile verda som satt på kanten av sofaen og knaske nagler i staden for chips.

Klatring kan bli galskap, men det er fantastisk trening, og utruleg god terapi for angstmestring. Det gjev vanlege små-klatrarar oppleving av å stå på taket av verda som ein vinnar der dei strekker armane opp mot himmelen på selfien i gledesrus mens pulsen sakte tikkar ned mot sjelefred.

Småungar elskar å klatre. Kor mange familieturer vart ikkje redda frå klagande småtassar som var leie av å gå, på grunn av ein kampestein dei kunne klatre opp på. Vi hadde ei rute med ein stor slik ein vi gjekk forbi med smågutane så ofte at eg fortsatt kan gå stien i minnet.

Der ungar før klatra på storsteinene i skogen og berget bak blokka har vi no fått ein ny arena for klatring. Klatring er i ferd med å bli folkesport og klatresenter dukker opp overalt. Her klatrar store og små opp kunstige fjell og bygger muskler og mestring i høgt tempo.

Etter mitt syn er eit klatresenter med på å ta klatring til eit nivå der det går an å skille mellom sport og galskap. Galskap er å klatre El Capitan solo, utan sikring. Filmen er heilt ærleg på det. Vi får unnskyldingslaust oppleve prisen mange har betalt for å prøve seg på slike bragder.

Eit klatresenter derimot, kan tilby opplæring og klatring i så trygge former at ein 10-åring kan klatre ein fjortenmeters vegg og komme seg trygt ned og stappe opplevelsen i mestringssekken utan fare.

Nøkkelen er “sikkerhet og riktig bruk av utstyr”. Eit klatresenter er gjennomarbeida for å skape balanse mellom utfordring og sikring. Mestringa med å klatre ein fjortenmeters vegg via ei utfordrande rute vert ikke mindre fordi du har på deg klatresele og eit bombesikkert tauverk som gjer at du ikkje risikerer noko verre enn å bli dinglande i eit luftig svev med sug i magen.

Her har anvendt fysikk, utdanning i treningskunnskap og markedskrefter funne ein symbiose det står respekt av. Når det er overbygd med eit regelverk og inspktørar som etterser alt går rett og trygt for seg blir dette “ekstremsport” utan brukne bein eller brukken rygg.

God sikring og godt utsyr er hjelpemiddel som òg kan takast med ut til fjellveggen. Med god trening på eit klatresenter kan tinedebestigning bli allemannseie, nesten.

Leave a comment